Bok 1: Bryllupsgaven

9788202417888Bryllupsgaven (2014, Marlen Suyapa Bodden) har alle ingrediensane til ei bok eg burde like: sørstatsdrama, raseproblematikk, spanande historisk ramme. Me møtar Clarissa, den velståande plantasjeeigardottera, og Sarah, slavejenta. Dei veks opp saman, og side om side.  Alle veit, og ingen veit, at dei er halvsystre. Clarissa lev eit behageleg liv, men Sarah vil bli fri. Allereie når dei er små, vert det avgjort at Sarah skal vere kammerpika til Clarissa, og skal fylgje henne når ho giftar seg.

Handlinga finn i hovudsak stad på Mr. Allen sin bomullsplantasje. Historien vert skildra frå tre ulike stemmar: Sarah, Clarissa, og Clarissa si mor. Dette gjer boka mykje meir interessant enn den ellers ville ha vore, då ein får ein djupare forståing av Sarah si konflikt. Ho er bunden til plantasjen gjennom familien og ansvaret ovanfor Clarissa, men vil stamstundes vere fri – umogleg i Sørstatane før borgarkrigen. Samstundes er det ikkje berre Sarah som treng å vere fri – dei andre kvinnene er prega av kjønsdiskriminering, og mennene sin grådigheit.

Som tidlegare nemnt burde dette ha vore midt i blinken for meg, som har ein stor veikskap for sørstatsdrama. Bienes hemmelige liv og Ya-Ya-jentenes hemmelige nedtegnelser er storfavorittar hjå meg. Men sjølv om plottet legg opp til stor dramatikk, vert det i slappaste laget for min smak. Likevel, boka er lettlest – det tok meg to dagar, og eg les ikkje spesielt fort – og historien er spanande nok til at den absolutt kvalifiserar til grei ferielesing. Meir spanande enn sjølve historien, er måten forfattaren byggjar opp hovudkarakterane på: ein vert godt kjend med dei tre kvinnene, dei utfordringane dei har til felles, og dei vidt ulike måtane dei løyser dei på. Men du veit slike bøker der du ikkje heilt kan byrje på ei ny bok fordi du ikkje er mentalt ferdig med den forrige? Denne er ikkje ein av dei.

(Redigert 6.1.: No fann eg akkurat ut kvifor boka var såpass skuffande: eg har eigentleg trudd at eg las Bursdagsgaven, av Sue Monk Kidd. Den handlar og om ei slavejente som vert gitt i gåve til ei rik jente. Tydelegvis ikkje eit veldig originalt plott. Men etter Bienes hemmelige liv har eg mykje større true på Monk Kidd enn Bodden. Betre lukke neste gong!)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s