Bok 2: Godnatt Mister Tom

Damene frå Boktanker og Mellom linjene har ei utfordring som dei kallar Bokhylleprosjektet 2015. Kort fortalt skal ein lese 9 gløymde bøker i bokhylla ut frå eit tema i kvar runde. Mi liste (som ikkje er komplett) kan de finne her. Utfordring nummer 1, Veke 2, går ut på å lese ei bok med grønt omslag. No var ikkje utgåva mi like grønn som eg hugsa det som, men eg tenkte med meg sjølv at gusjegrønbrun får duge. Nittitalsestetikk, går eg ut frå. Eg har lese boka før- mange nok gonger til at eg ser for meg kor ho stod i skulebiblioteket. Men det nærmar seg tjue år sidan den tid, og eg hadde lyst til å besøke denne boka igjen for å sjekke om ho var like bra som eg trudde ho var.

godnatt_141013370Godnatt Mister Tom (Michelle Magorian, 1981).

Han løftet lokket. Det var krukker med skinnende farger. – Maling? spurte han. Tom mumlet noe som skulle være ja. – Litt gamle, men de kan brukes. Kan du male? Willies ansikt forandret seg brått. Han hadde så lyst til å male. – Nei, for jeg kan ikke lese… – Bare de som kan lese og skrive får male. Er det sånn det er?

Når andre verdskrig bryt ut i England, vert Londonguten Willie Breech, i likskap med mange andre born, evakuert. Då mora var oppteken av at han skulle bli satt ut til ein gudfryktig familie, vart han satt ut til det nærmaste den vesle landsbyen klarte å oppdrive – ein gretten, gamal mann som bur gjerde-i-gjerde med kyrkjegarden. Mister Tom finn snart ut at det ikkje er ein sterk gut han har teke til seg. William er forslått, forskremt, og trur at berre døde kan sove i senger. William og Mister Tom finn kvarandre i all ulikskapen, og utviklar eit sterkt band. Dei gjer kvarandre godt. Resten av landsbyen vert og fascinert av den vesle guten, som er så mykje mindre enn han burde vere. Saman med resten av landsbyen finn Mister Tom ut at William har unike gåver. Alt til si tid, er Mister Tom sitt mantra. William veks seg sterkare, raskare, og modigare.

Ein dag kjem det eit brev frå London. Mora til Will har vorte sjuk, og treng sonen sin. Ugjenkjenneleg reisar han tilbake. Ingen høyrer frå William.

Inntrykket står ved like. Denne boka er så undervurdert. Den passar godt til eldre born og yngre ungdom (som med all anna ungdomslitteratur er dette veldig avhengig av modenskap og interesse), men og til vaksne. Forfattaren behandlar temaet barnemishandling med varsemd. Det går ikkje an å snakke om mishandling på ein lettvint måte. Det går ikkje an å gjere det triveleg og rustikt. Dei koselege og fargerike karakterane lettar tyngda i tematikken, og gjer den tålbar. Nokre av karakterane er rett og slett fortryllande (altså, du), og du vert glad i William og Tom frå side 2. Boka er berre på 296 sider, men den er varm. I likskap med Mister Tom er ho ikkje sentimental eller sippete, berre ærleg og rett fram. Boka er tru mot sitt eigentlege publikum, så reint litterært er det kanskje ikkje noko stort verk – men historien er sabla god. Er det verkeleg berre eg som hugsar denne?

Eg trur boka er utgått frå forlaget, så den er vanskeleg å få tak i på norsk. Den finst som norsk lydbok og engelsk e-bok. Du bør og rekne med eit auka Kleenex-forbruk.

(Den merksame lesar vil oppdage at innlegget vert publisert før fristen – det er fordi det ikkje er mogleg å leggje frå seg denne boka.)

Forresten – andre runde (veke 18) går ut på å lese eit skodespel frå antikken. Det er manko på slikt i bokhylla mi. Eg har store planar om å lese Illiaden, men eg trur ikkje at det kvalifiserar til denne utfordringa. Kom gjerne med tips!

 

6 thoughts on “Bok 2: Godnatt Mister Tom

  1. Åh, denne hugser eg vagt frå for lenge sidan. Den må eg lese om igjen. Eg er alltid litt skeptisk til å lese bøker eg likte godt som barn, som voksen, for eg er redd det «voksne» blikket skal øydeleggje boka. Kamilla og tyven blir for eksempel aldri det same igjen, etter at eg las ho som voksen. Men eg noterer at God natt mister Tom kan vere verdt ei gjenlesing.

    Og eg har allereie godkjent Odyséen, etter at Siljeblomst spurde om det var greit. Så viss du vil lese Illiaden er det heilt i orden.

    Så kjekt at du dukka opp i utfordringa, det er alltid morsomt med nye bloggarar. Eg gleder meg til å følgje leselystprosjektet ditt framover. Eg kjenner meg igjen i det du skriv ein annan plass her om at litteraturstudier kan leggje ein dempar på fritidslesinga. Heldigvis har det gått over etter at eg var ferdig å studere.

    Likar

  2. Det er som om jeg føler at jeg har lest i denne boken. Men det må ha vært da jeg var barn. Bøker om barn som hadde det vondt gjorde sterkt inntrykk på meg, husker jeg og påvirker nok fremdeles litt av bøker jeg velger som voksen 🙂

    Likar

  3. Å denne leste jeg for lenge siden. Så kjekt å bli påminnet. Som bjorgmi leser jeg aldri bøker jeg likte godt som barn. Jeg liker heller å huske den barnslige gleden med bøkene «fra dengang» 🙂

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s