Bok 4: Snøstorm og mandelduft

Snoestorm-og-mandelduft_productimageSnøstorm og mandelduft. Camilla Läckberg 2010.

Lesesituasjon: Ekstremvêret rår på Jæren, der eg er på julejobbeferie. Me har vorte åtvara mot å gå ut, og lysa flakkar. Då er det einaste logiske å tenne nokre kubbeljos, hive litt badesalt i badekaret, og leggje seg til bløyt. Det er kanskje det mest jentete eg har gjort så langt. Fann ei tilfeldig bok i familien si bokhylle. Eg les ikkje veldig mykje krim, men har lese alle Fjällbacka-romanane til Läckberg. Denne har eg ikkje brydd meg noko særleg med, men krim høyrtes ut som eit klokt val når ein fyrst skulle liggja i halvmørkret og høyre på uvêret. Passande nok er uvêret sentralt i denne kortromanen.

Politimannen Martin Molin har noko motvillig takka ja til ein førjulstur med kjærasten sin familie. Dei skal til ein herregard på ei øde øy. Det er snøstorm, og dei mistar kontakt med fastlandet. De ser kor dette går: allereie på s. 19 trugar den rullestollenka patriarken med å gjera heile gjengen arvelaus, før han i neste minutt døyr på storslått vis midt i matfatet. Dei står værfaste på øya, bestefar Ruben ligg bokstaveleg talt på kjøla, og det er opp til Martin å finne ut kven som har gjort det. Gyldendal kallar kortromanen eit «lukket rom-mysterium i ekte Agatha Christie-ånd». Meir klassisk «whodunnit» vert det i alle fall ikkje.

Lengda krevjar ein stram komposisjon, og der lykkast Läckberg delvis. Romanen er på 170 sider, vart lesen ut på nokre få timar i badekaret. Inntrykket gir seg i takt med rosintærne. Den fyrste halvdelen er ganske keisam, med litt halvhjarta introduksjonar av slekta Liljecrona – ein stort sett usympatisk gjeng. Men det tek seg opp når introduksjonane er rydda ut or vegen, og forfattaren og Martin kjem nærare sjølve mysteriet. Det er rett nok naudsynt å bruke tid på å forklare motiva til dei ulike personane, men av di boka er såpass kort, vert det stivt. Noko som kan vere ein fordel med måten persongalleriet vert lagt opp på, er at det vert artigare å gjette på kven som har gjort det. Det er dårleg gjort å fortelje om slutten på ein kriminalroman, så det skal eg ikkje gjere, men bitane fell på plass, og slutten er ganske interessant.

Eg har som nemnt lese ein del Läckberg, og tykkjer jamnt over at ho er god. Bøkene om Patrick og Ericka er bygd opp på ein interessant og fengjande måte. Tyskerungen, Englemakersken, og Fyrvokteren er favorittar – og sjølv om du godt kan lese Fjällbacka-romanane kronologisk, fungerar dei godt frittståande. Mandelduft og snøstorm var ingen stor höydare. Ikkje les om du skal møte svigers for fyrste gong på hyttetur. Men om du berre skal på hyttetur med deg sjølv og treng ein lettlesen krim, er dette eit like godt val som mykje anna.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s