Lydbøker: same same, but different?

Åtvaring: dette innlegget er ikkje ei bokmelding, men eg har mjukna opp innlegget med festlige reaction gifs (Sig.amn.). Eg lurar eigentleg på om de i det heile tatt lytter på lydbøker, og om det er nokon skilnad på kva de les etter kva medium de les i. 

Då eg var lita dumpa det med jamne mellomrom kassettar i postkassa. Eg hadde ein morfar på Austlandet, og han tok opp alle episodane av Barnetimen, og satte dei saman for oss, ofte med ein egendesigna trudelutt i byrjinga og på slutten. Ekstra stor stas var det når det var Anne Cath. Vestly eller Alf Prøysen på teipen. Som vaksen tykkjer eg framleis at det er veldig koseleg å høyre på ei kjekk bok medan eg gjer noko monotont eller keisamt. I det heile tatt er eg såpass vant til å høyre på lydbøker og radio/podcastar, at eg ikkje har satt opp eit stort skilje mellom lesing som, vel, lesing, og som lytting.

Eg dumpa nett innom ein artikkel med tittelen Your Brain On Audio Books: Distracted, Forgetful, And Bored:

The very freedom granted by audio books—inviting the eyes to wander, and then the mind—may make them less intellectually interchangeable with printed ones than some readers would like.

Og eg berre:

tumblr_lzcsxsvYwh1qlvwnco1_400

«Less intellectually interchangeable»? SEFF IKKJE, tenkte eg. Eg har jo kost meg så mykje med lydbøker, og i periodar der eg ikkje har hatt ork til å lese så mange papirbøker. Men så måtte eg faktisk tenkje litt over kva eg faktisk gjer når eg les lydbøker, og kva slags bøker eg velg å lese i det formatet. For det er faktisk ikkje likt!

Nettstaden visar til ei undersøkjing frå psykologisk institutt ved Universitetet i Waterloo (Canada). Den er litt meir nyansert enn det kan sjå ut til, men utgongspunktet er at når ein t.d. les høgt for seg sjølv er det fleire sansar som det vert «lagt beslag på» enn om ein berre skal lytte. Den store fordelen (og tydelegvis baksida) ved lydbøker er jo akkurat det at det frigjer hender og auge, slik at ein kan gjere andre ting.

Forsøket gjekk ut på å teste kor distraherte folk vart i ulike lesesituasjonar, og kor mykje dei fekk med seg av det dei las. Deltakarane 1) las høgt for seg sjølv, 2) vart lest høgt for, og 3) las eit avsnitt for seg sjølv. Det siste er sjølvsagt det dei fleste av oss forbind med det å lese. Fokuset låg på kor distraherte folk vart medan dei haldt på med dei ulike leseaktivitetane. Dei vart minst distraherte om dei las høgt for seg sjølv, og mest distraherte om dei lytta til at andre las. I tillegg kunne dei gjengi  minst av stoffet i del 2 av forsøket, og viste og minst interesse for det stoffet. Dette virkar sjølvsagt inn på lesarutbyttet. Artikkelelen forsøket resulterte i heiter The way we encounter reading material influences how frequently we mind wander. Nettopp fordi lydbøkene frigjer hendene og augene til å gjere heilt andre ting, gjer det at me kan miste fokus på det me held på med. Dette har stor relevans når ein skal ta pedagogiske val, anten som lærar eller i eige studiearbeid, men har det så mykje å sei når det gjeld lesing for lyst? Det indre dilemmaet mitt går kanskje mest på å finne ut kvifor eg eigentleg les. Er opplevinga i seg sjølv fullgod? Skal ein læra noko av alt ein gjer? Må ein hugse alle detaljar for å få noko ut av lesing? Forsøket er mest relevant for når ein skal lære noko. Samstundes er det veldig mange som meiner at ein skal læra noko av det ein les, uansett kva det no er.

Eg studerar litteratur, og etter lange dagar er ikkje det å sette seg ned med ei tung og god bok førstepri. Det går difor mykje i lettbeint litteratur. I nokre periodar meir enn andre. Eg les rett nok meir variert no enn det eg gjorde for nokre år sidan, og har tenkt å fortsetje med det (merk at med variert, utelukkar eg ikkje lettlest litteratur). Men når det gjeld lydbøker, er eg ikkje så variert. Undersøkinga viste at forsøkspersonane ikkje «hang med» i like stor grad nå dei vart lese for. Tendensen til å sone ut er nok høgare når det gjeld lydbøker. Eg gjer difor trygge val: anten så går eg for lettbeint litteratur, eller bøker eg har lese så mange gonger at det ikkje gjer noko om eg dett ut (eg ser på deg, Harry Potter). Og det er ikkje til å sjå vekk i frå at nokre litterære virkemiddel rett og slett blir litt kunstige og/eller kleine når andre les dei– heilt uavhengig av kor godt eg tykkjer dei fungerar når eg les romanane sjølv.

Summa summarum – uansett medium, det viktigaste er sjølvsagt at:

icfctzyx342hs
Men kva erfaringar har de gjort dykk med lydbøker? Førar formatet til at de gjer andre val når de les lydbøker? Kva situasjonar les de lydbøker i? Og ikkje minst– har de tips til gode lydbøker?

6 thoughts on “Lydbøker: same same, but different?

  1. Jeg har hele tiden kjempet med bøker. Min funksjonsnedsettelse gjorde det vanskelig å holde, og bla i bøker. Når jeg forsøker å lese bøker opplever jeg nytelsen forsvinner etterhvert med den fysiske kampen.

    Så når jeg oppdaget Audible.com, som hadde et stort og godt utvalg av lydbøker og lesere, fikk jeg ett nytt syn på bøker. For første gang kunne jeg slappe av og vie mitt fokus til boken og dens historie. Så jeg gikk fra og gjerne ha lest 5 bøker frivillig I løpet av livet til å lese 12 I løpet av ett år. Lese lysten har jeg enda, da jeg føler jeg henter noe annet fra bøker som jeg ikke får fra andre kilder som tv og film.

    Mine noen favoritter fra mitt første aktive bok år er:

    The Name of the Wind av Patrick Rothfuss (epic fantasy)
    The Foult in Our Stars av John Green (young adult)
    The Martian av Andy Weir (sciens fiction)
    Old Mans War av Jhon Scalzi (sciens fiction)

    Likar

    • Fantastisk at leselysten endeleg er der! Morfaren min hadde og ei funksjonsnedsetting, og om det ikkje hadde vore for lydbøker hadde han nok ikkje lese i det heile. Det er kanskje difor at eg aldri har tenkt på lydbok som ein annan type lesing når det gjeld det å lese for lyst. Takk for tips, Atle!

      Likar

  2. Jeg var lenge veldig skeptisk til lydbøker, og har mye samme erfaring som det undersøkelsen finner: det er mye vanskeligere å konsentrere seg om lydbøker enn fysisk bøker. Når jeg begynt å høre på lydbøker (for ca. to år siden), klarte jeg utelukkende å høre på sykt enkle thrillere (type Chelsea Cain, Gillian Flynn), og jeg måtte gjøre fysisk arbeid mens jeg lyttet – satt jeg i ro, vandret tankene helt bort. Nå klarer jeg innimellom å høre på litt tyngre/mer utfordrende litteratur på lydbøker, men er fremdeles imponert over folk som slukker klassikere i lydformat. Det verst er at jeg, ironisk nok, ikke har tålmodighet til å lese krim/thrillere i fysisk format – kun som lyd. Så, konklusjon, jeg skiller klart mellom hvilke bøker jeg hører, og hvilke jeg leser; men jobber mot å møtes mer på midten.

    Neil Gaimans The Ocean at the End of the Lane, synes jeg er helt fantastisk som lydbok. Og the End of the Affair av Graham Greene.

    Likar

  3. Eg skiljer nok mellom hvilke bøker eg høyrer og hvilke eg les. Nokre gonger har eg lånt boka i lydbokformat på biblioteket for barrieren til å ta fram mi papirbok frå hylla er for høg; ein gong eg husker har eg gått over til bokformat midt i lydboka for det gjekk for tregt med lydboka (!). Eg både les og høyrer ein del krim, og merker igrunnen ikkje forskjell på kor mykje eg har fått med meg. Eg er og såpass rar at eg kan høyre ei bok og lese ei anna – samtidig – og får med meg begge bøker. Det kan ikkje vera same sjanger.

    Akkurat nå høyrer eg Stephen Fry lese Harry Potter, og det er ein definitiv høydare. Mange gonger har det like mykje med opplesaren å gjere når det gjelder om du liker boka eller ei. Er opplesaren dårleg så er det eitt fett om boka er fantastisk.

    Gode lydbøker:
    * «The Color Purple» lest av forfattaren sjølv, Alice Walker (og det utgjer ein god del av opplevinga).
    * Robert Galbraiths (J.K. Rowling) «The Cuckoo’s Calling» og «The Silkworm.»
    * «The Lowland» av Jhumpa Lahiri.
    * Jussi Adler-Olsen: «Kvinnen i buret» (dansk krim)

    Likt av 1 person

    • Stephen Fry gjer ein fantastisk jobb som opplesar, Jim Dale sin versjon er eg mindre begeistra for. Han er flink, men er ikkje så glad i stemmane han lagar, og det gjer Fry i mindre grad. Det er litt artig å sjå korleis opplevinga av ei bok vert annsleis etter kven som les ho høgt.

      Forresten:
      «Eg er og såpass rar at eg kan høyre ei bok og lese ei anna – samtidig – og får med meg begge bøker. Det kan ikkje vera same sjanger.»
      Wow. Det er faktisk ganske rart. Og veldig kult!

      Likar

  4. Det er forholdsvis utfordrende å lese trykte bøker når man kjører bil eller sitter på en sykkel, allikevel er ikke den oppgaven mer utfordrende enn at det er uproblematisk å dedikere nok hjernekapasitet til en lydbok. 1 time hver vei blir ganske mange bøker i løpet av ett år, som man ellers ikke ville lest.

    Dessuten kan man vel argumentere med at lydbøker er ett slags litterært gateway-drug for folk som mener at de ikke leser bøker. Jeg har tilgode å møte noen som ikke lar seg fenge av lydbøkene av Jim Butchers Dresden Files (James Marsden mener jeg han heter, han som var Spike i Buffy), for eksempel. Eller Stephen Fry sin glimrende Harry Potter tolkning for den del.

    Jeg er en stro tilhenger av av lydbøker, uten at det utelukker meg som en stor tilhenger av trykte bøker også. Så dere kan ikke ta meg på det heller, kommentarfeltkverrulanter! 🙂

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s