Bok 5: The Invention of Wings (Bursdagsgaven)

suemonkkiddSue Monk Kidd, 2014. The Invention of Wings (eng.), Bursdagsgaven (no). E-bok.

Fyrst av alt: kkje la deg lura av husmorporno-coveret. Vel er Sue Monk Kidd ein schläger blant middelaldrande damer, men det er ingen grunn til at ho ikkje kan lesast av andre. Dette er ei strålande god bok.

For ei stund tilbake las eg Bryllupsgaven, og var kjempeskuffa heilt til eg kom på at det var denne boka her eg eigentleg trudde at eg las – tittelen er omsett til Bursdagsgaven på norsk. Desse bøkene kom vel ut ca samstundes, så eg forstår ikkje heilt kvifor namna er så like då tematikken er så og sei identisk: ein slave vert gitt i gåve til ei ung jente. Så langt, ikkje så spanande. Men forteljinga spenn seg over to heile liv, frå elleveårsalder til middelalder. Så langt, heller ikkje så spanande. Sett det før. Men likskapen sluttar der. Liva er svært ulike. Etter at Sarah nektar å ta mot gåva si, får ho ein reprimade av mora. Ho vert tvungen til å ta mot. Hatty (Handful) si mor får Sarah til å love at ho skal gi Handful fridom, men Sarah forstår ikkje korleis hun kan gjera det. Ho lærar Handful å lesa, noko som var straffbart med lov. Dette er den fridomen Sarah kjennar best. Faren ser ein annan veg når Sarah snik seg inn i biblioteket for å sluka kunnskap. Sarah vil verta jurist, den fyrste kvinnelege juristen. Ho veit ikkje sjølv kor umogleg dette er.

På eit punkt seier Handful at kroppen hennar er slave, men sinnet hennar er fritt– og at det er omvendt med Sarah. Kroppen til Sarah er fri, men sinnet er slave av verda rundt. For slavane er kjønnet ikkje ei begrensing. Livet er begrensa nok. Men Sarah sitt kjøn vert eit stengsel. Ho skjønar tidleg at ho ikkje kan oppnå det ho vil mest. Ho vert fråteken retten til å lesa. Etter kvart ser ho andre, svært kontroversielle moglegheiter for å få både sin eigen fridom, og for å halde løftet til Handful si mor: kveker-rørsla var abonisjolistar. Kanskje kan ho kjempe både for slavar og kvinner sin fridom?

By law, a slave was three-fifths of a person. It came to me that what I’d just suggested would seem paramount to proclaiming vegetables equal to animals, animals equal to humans, women equal to men, men equal to angels. I was upending the order of creation.

Nokre av karakterande er frustrerande, og då spesielt mora til Handful. Charlotte snur tidleg i boka. Ho byrjer å trasse eigarane der ho kan, utan omsyn til korkje sin eigen eller dottera si sikkerheit. Ho sett seg sjølv i fare på eit vis som virkar barnsleg. Handful er stort sett passiv, og tek mot dei lodda ho får. Sarah er ein langt meir interessant karakter enn Handful, samstundes som Handful utgjer ein kontrast som driv Sarah vidare. Likevel tykkjer eg at ho får eit overdrive stort fokus, med tanke på at interaksjonane dei i mellom etter mi meining vert mindre interessante etter kvart som dei veks opp.

Begge er historiske romanar, men der Bodden si bok (Bryllupsgaven) er alt for tydeleg prega av den akademiske kunnskapen til Bodden utan å eigentleg vere eit spesielt vellukka forteljarprosjekt, har Monk Kidd satt forteljinga framfor historien. I tillegg har Monk Kidd eit ganske langt sluttbrev der ho fortel om kva grep ho har gjort, og tydeleggjer kva som er historisk begrunna, og kva som ikkje er det. Sarah Grimké var ein høgst reell person, og ein svært interessant ein: Monk Kidd seiar sjølv at ho ikkje forsøkte å skrive ein biografi, men «a thickly imagined story inspired by her life» (etterord). Dette er eit vellukka prosjekt. Sjølv om forteljinga er historisk korrekt, har ho satt forteljinga høgast, men på ærleg vis har ho og i etterordet klargjort for lesaren kva for kunstneriske grep ho har gjort. Om du har lyst til å lese éin sørstatsroman i år, gå for denne.

Denne forteljinga er sterk, og driv seg sjølv fram av si eiga rytme. Slutten er brå. Eg skulle gjerne fått vite meir om kva som skjer etter at handlinga sstoppar, men det er kanskje eit godt teikn. Dette er ein roman om flukt. Ikkje alt er like interessant, men det er eit godt stykke arbeid som levandegjer ein reell situasjon der slavar berre er ein trefemtedels menneske, og der det ikkje hjelp å vere eit fritt menneske dersom du likevel berre er ei kvinne.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s