Bok 6: Fangirl

51QAm5-ck3L._SL300_

Fangirl, Rainbow Rowell, 2013. Ungdomsroman.

Lydbok frå Audible. Engelsk, lese av Rebecca Lowman og Maxwell Caulfield. Lengd: 12 timar, 48 min.

Tenk om du kunne skrive yndlingsboka di slik du har lyst til at den skal vera? Det kan Cath. Ho skriv fanfiksjon, og har fleire tusen lesarar som les korleis ho vrir verda til Simon Snow (blåkopi av Harry Potter). I tillegg er ho tvilling på veg til college. Tvillingsystra, like nerdete (i all positiv tyding av ordet) som ho sjølv, har plutseleg vorte kul. Ho strevar med å reise frå faren sin, som er manisk. Og den nye romkameraten vil slett ikkje ha nokon romkamerat, ho har ein kjærast som er der heile tida og tek opp plass, og skrivefaget er meir utfordrande. Ho må ut av Simon Snow-universet, og inn i sitt eige.

Eg hadde tenkt at dette skulle vera ein «coming of age»-roman. Men mykje av handlinga er umotivert, forfattaren hoppar mellom karakterar på ein måte eg ikkje er komfortabel med. Plutseleg har Cath fått nokre vener, plutseleg er dei ikkje der meir, dei spelar inga rolle i livet, og nokre nye venner spelar ei enorm rolle utan at det eigentleg er nokon grunn til det – dei berre er der.

Boka har mange plot. For mange plot. Mange interessante plot – det å reise vekk frå ein bipolar far, det at mora som forlot deg som baby plutseleg vil bli kjent med deg, den augenblinken då tvillingsystra di vert kul, og du ikkje er det, då du finn ut at du vert utnytta, det å byggje vennskap og «finne seg sjølv» som førsteklassing på college. Og det å vera ei ekte fan girl. Ikkje berre ei som les bøkene, men ei som har plakatane og t-skjortene til å visa det – og ei som skriv fan fiction for fleire tusen trufaste lesarar. Byrjinga er interessant, men boka snorkar seg litt inn i seg sjølv. Det er for mykje som skjer, og forfattaren plukkar ikkje opp dei trådane ho sjølv legg ut. Når lesaren for eksempel finn ut at mora, som forlot Cath som ung, har tatt opp kontakt med tvillingsystra til Cath, men Cath ikkje vil ha kontakt med ho… Det er ein historie som fortenar å verte fortalt, snarare enn å bli kasta ut som ei sideopplysning. Det er nesten slik at eg mistenkjer at forfattaren har lyst til at dette skal verta ein serie, utan at eg heilt skjønar kvifor, då hovudplottet forsåvidt vert nøsta opp på ein ok måte. Eg haldt på å tenke at «jaja, det er greit nok for ein ungdomsroman», heilt til eg kom på at eg er ganske glad i ungdomsromanar og er ein slik som tykkjer at ungdomslitteratur kan vera skikkeleg god, og denne er ikkje det. Synd, for forfattaren sitt språk er godt, og ho skapar faktisk interessante karakterar. Det skjer berre ikkje så mykje med dei, og det vart mest irriterande.

På plussida er lydboka godt produsert: Rebecca Lowman les Cath, Maxwell Caulfield les tekstutdrag frå fanfiksjonen. Høgtlesaren er god, fin stemme og akkurat passe mengd med dramatisk lesing. I tillegg er fanfiksjon eit spanande konsept, og det er interessant korleis fanfiksjonen formar livet til Cath, og ikkje minst relasjonane til dei rundt henne.

Eg veit at boka er ganske populær, og eg kunne godt tenkt meg å høyra kva de tykkjer om ho?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s