Akkurat no

Eg er ein «unfaithful reader». Eg les veldig sjeldan berre ei bok om gongen, men seks bøker på ein gong (ikkje medrekna lydbøkene eg høyrer på litt av og på) er litt i meste laget. Eg les mykje, men det tek tid før eg vert ferdig med noko. Og det er heilt greit. Så slik ser det ut no:

eyeemfiltered1423073677388

1. Haruki Murakami. Fargeløse Tsukuru Tazaki og hans pilegrimsår. Pax Forlag, 2014.

Tsukuru Tazaki har eit unikt venskap med Blå, Svart, Hvit, og Rød. Han er den einaste som ikkje har ein farge i namnet sitt. Han er og den einaste som ikkje har noko særskilt talent. Han er fascinert av togstasjonar, og då han dreg til Tokyo for å byrje på eit ingeniørstudium, får han ein telefon frå Blå – han skal aldri kontakte dei igjen. Tazaki anar ikkje kva som har hendt, men aksepterar det. Det kjem til å prege han i mange år, fram til kjærasten overtydar han om at han må finne ut kor dei gamle venene er, og kva som var grunnen til at han vart fryst ut. Dette er, tør eg sei det, mitt første møte med Murakami. Og det er eit godt møte. Språket flyt fint, og Tazaki er ein interessant karakter.

2. Laline Paull. Biene. Oktober Forlag, 2015.

Denne har eg ikkje begynt på ennå. På baksida står det:
Flora 717 er født til å være renholder i den stumme, laveste klassen i den strengt hierarkiske bikuben. Men Flora er ikke som andre bier. Hun er større og mørkere. Dessuten kan hun snakke. Hun er en misdannelse som truer bisamfunnet og bør renses ut. Men en prestinne skåner henne og lar henne prøve seg som amme og barnepike. Da hun senere viser mot og styrke i kampen mot en veps som vil trenge seg inn i kuben, får hun også møte Dronningen og føle hennes altomfattende kjærlighet. Og da Flora en dag tar spranget ut fra uben og kan fly med samlerne som henter inn sødmen fra all verdens blomster, har hun overskredet alle gitte regler. LIkevel er én lov ukrenkelig: Bare Dronningen kan føde.

Denne boka har eg lese om på fleire bokbloggar, og fekk så lyst til å lese den sjølv at eg fekk mast meg til eit eksemplar frå Oktober. Boka er altså ei gåve, men eg har spurt om ho sjølv. Eg trur det som trigga meg mest var at handlinga er satt til ein bikube. Ikkje ein metafor. Ein faktisk bikube. Tøft konsept. Gler meg!

Og på Kindlen:

3. James Dashner. The Maze Runner. Delacorte Press, 2009.

Etter kvart har vel dei fleste høyrt om ungdomsboka The Maze Runner (Dødens labyrint). Thomas vaknar i ein heis utan å hugse noko anna enn namnet sitt. Då heisdøra opnar seg, kjem han inn i ei lysning (The Glade), der han vert møtt av andre gutar. Dei er omringa av enorme veggar. Ei dør opnar seg og lukkar seg ein gong til dagen. Utanfor veggane er det ein stor labyrint. Eg har ikkje kome langt i denne, og det er mykje fordi det er andre bøker som eg har hatt meir lyst til å lese. Men eg har trua på den. Tvilar på at dette er «stor litteratur», men det virkar til å vera ei spanande forteljing.

4. Oliver Sacks. An Anthropologist on Mars: Seven Paradoxical Tales. Vintage books, 1995.

Dette er ei samling med essays (En antropolog på Mars) som skildrar sju ulike medisinske kasus. Ein kunstnar som plutseleg berre kan sjå i svart-kvitt, ein evig hippie, ein som kan sjå men ikkje ser… Forfattaren er nevrolog, og i denne essaysamlinga skildrar han sju ulike medisinske kasus.

Boka er ikkje vanskeleg, men det er såpass mykje informasjon i kvart kapittel at eg har lyst til å «kvile» litt på stoffet før eg går vidare på neste. Det vert difor rundt eitt kapittel om kvelden. Så langt har A Surgeon’s Life kanskje vore det aller mest spanande. Dr. Carl Bennett er ei vandrande motsetnad: han er kirurg. Han flyr småfly. Han har Tourettes syndrom. Tourettes kjem i fleire former, men mange har såkalla tics, og Bennett har mange av dei, både verbale og kroppslege. Ticsa har kontroll over Bennett, men når han kjem inn i operassjonsrommet skjer det noko – alle ticsa forsvinn. Kvifor er det slik? Sacks skildrar casen Bennett, men refererar til andre kjente med Tourettes, og fortel om syndromet si historie. Det er eigentleg «oppskrifta» på alle kapitla. Han kjem med paradoksale nevrologiske tilfelle, skildrar dei med varsemd, og gir lesaren eit innblikk i vitskapshistoria. Det er lærerikt og fengjande. Anbefalast!

5. Kate Jacobs. Knit Two. G. P. Putnam’s Sons, 2008.

Ikkje les denne, den er megadårleg. Oppfølgjaren til ein ganske underhaldande chick lit, The Friday Night Knitting Club. Les kanskje den første. Ikkje les denne. Kjøpte i anledning togtur, og les meg mest gjennom denne på trass.

Så det er ikkje sånn at eg er tom for ting å gjera på, men…

Eg er ganske glad i Fjällbäcka-serien til Camilla Läckberg, og har gått og gleda meg til Løvetemmeren kjem i butikken 15. mars. Det er alt for lenge sidan sist møte med Erica og Patrik. Og Gösta (Team Gösta her!). Akkurat no held eg på med plotting av data, og det er så keisamt at eg ikkje kan få sagt det nok. Men det er og ganske utmattande, så det eg hadde aller mest lyst til å gjere då eg kom heim var å trene rydde hive meg under dyna med ein god, gamaldags krim. Og så fekk eg ei openbaring: boka har vel kome ut i Sverige allereie? Og eg har jo kjøpt Kindle? Så eg heiv meg rundt, og kjøpte den svenske utgåva. Litt frukt sjokolade, så er kvelden i boks!

lejontamjaren-lackberg_camilla-29891115-1073716952-frntl

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s