Bok 11: Oppdateringer

NorheimPålOppdateringerStorPål Norheim har nytta seg av dagboksjangaren tidlegare. Denne gongen handlar det ikkje om ein fiktiv person, men om han sjølv. Dette er ei samling av Facebook-betraktningar frå 16. april 2012 til 26. april 2014. Boka består både av korte one-linere, slik ein ventar å sjå på Facebook, og lengre notat. Dette førar med seg at manuskriptet aldri har vorte utvikla i einsemd, men heile tida vore offentleg. Det er fascinerande å sjå korleis Facebook utartar seg i eit mindre støyande format. Facebook er, trass all murring om at Facebook eig alt, og at det som vert trykka der vert ståande for evig, eit medium som oppfordrar til spontanitet, og det er spanande å sjå korleis dette utartar seg når ein tek Facebook ut frå Facebook, om ein kan seie det slik. Det førar til ein uvant form, med korte og lange tekstar som både heng saman, og ikkje gjer det. Totalt gir det eit interessant bilete av ein person. Om mediet seier han sjølv:

Men mitt Facebook har intet plott, intet hovedtema. Og atmosfæren er mer temperert, jeg hadde nær sagt dvaskere enn i Dostojevskijs romaner. Det er som en polyfon roman som bare går og går, hvor bare stemmene er igjen, stemmer som insisterer, drøfter, krangler, kverulerer, gjentar, flørter, tuller, reklamerer, roper, ler – og noen ganger henviser til en høyere sannhet, en gud, en frelser, et mysterium, eller en ideologi som kan erstatte en gud, en fiende å nedkjempe, fordi et liv uten fiender ikke er til å holde ut.

Innlegga er ordna kronologisk, snarare enn tematisk. Somme tider vert det litt rotete, samstundes som brytninga mellom ulike tema gir eit meir «heilskapeleg» av eg-personen. Det er jo, trass alt, litt rotete å vere menneske. Somme tider er Norheim den litt irriterande Facebookvennen. Det er noko med folk som refererer til tid som decennier og seklar. Han som namedroppar, har stort ordforråd, og gjerne vil vise det. Somme stunder er det pretensiøst, andre gonger er det veldig artig (t.d. 9. juli 2012: «Ikke en spurv til jorden uten at Noam Chomsky iler til for å påvise at det var USA eller Israel som stod bak»). Han er rett og slett litt irriterande, men det er og godt å bli irritert. Han viser skarpt kor navlebeskuande me er. Eg tykkjer at agurknytt er trygt og godt, det er fint å vite at det ikkje er så mykje trist å skrive om. Samstundes er det farleg, og endå verre flaut, når det vert agurknytt året rundt (sjå Bono si Independent-forside, No News Today):

Eidsvågneset 5. juni, 2013.

AHMED ER EN AV DEM SOM ALDRI GIR OPP. Han har en universitetsgrad fra sitt opprinnelsesland. Nå har han begynt på norskkurs. Han ønsker å bli integrert i det norske samfunnet. Ennå skjønner han ikke et kvidder, for å si det som det er. Men tanken på at Ahmed en vakker dag vil forstå ikke bare overskriftene i norske svi aviser, men også innholdet i alle artiklene, så han endelig kan få innsikt i hva som rører seg i hans nye, fascinerende hjemland, holder ham oppe og motiverer ham til å fortsette: 

Actionspillene, andefamilien, angrepsmyggen, angrepshunden, Arendal-drapet, Bangladesh-prosjektet, bilderetusjeringen, bildrapet, blogginnleggene, bombespøken, direktebildene, drapsofferet, eks-forloveden, e-post-rotet, etappeseieren, flommyggen, grillulykken, gulskjæret, Harry Hole-boken, humorportalen, jobbtallene, likhunden, melkereglene, narkohandelen, norgesmesteren, passordløsningen, primuseksplosjonen, prinsessebryllupet, prissjokket, Ryanair-midlene, saringassen, seiersintervjuet, sexorgie-saken, sjokkbeskjeden, skattepengene, stormjegerlegenden, Valentinokjolen, varslerbrevet, VG-kommentaren.

Velkommen til Norge.

Han skriv mykje om dette temaet, og har ei svært interessant bilete på korleis norske medier taklar offentleg sorg versus måten Venezuela dekka den felles landesorgen etter Hugo Chavez sin død. Gjennom dette visar han at det norske mediesamfunnet er overfladisk, noko som vert paradoksalt når det vert på verdas mest overfladiske medium: Facebook. Eg var nysgjerrig på formatet, og har vel eigentleg funne ut at eg ikkje likar det så godt. Det handler heilt enkelt om personleg smak, og sidan eg får svettetokter når forfattarar skriv sms-meldingar i romanar, burde eg eigentleg visst det på førehand. Men det at eg ikkje har sansen for formatet, gjer ikkje boka uinteressant.

Det at ho er litterært eksperimentell kjem i andre rekke. Forfattaren evner å provosere, og veit det godt sjølv. Dei heimeskrivne statusane er prega av eit ynskje om å provosere, til dels om å bevise at ein faktisk kan ganske mykje, men reiseskildringane er veldig spanande. Han malar gode bilete, der ein får lov til å sitte skulder ved skulder med fyren når han vert tvungen til å diskutere teologi i Tunis. Her følar eg at eg får ein betre sniktitt inn i Norheim si verd, på ein annan måte en slik han visar seg sjølv i notatar og statusar om norsk politikk og tankar om religion og religiøsitet. Det forsterkar og korleis han både er innafor og utafor på same stund, både i Noreg og i utlandet. Dette er ein mann som flyttar seg mellom Kairo, Tunis, Eidsvågneset, Marrakech, Bergen, og Gondar, og får alle til å virke like eksotiske og like nære. Norheim er misjonærbarn, og kom til Noreg som fjortenåring. Han lev framleis «i etterdønningene av denne kontrasten mellom Etiopia og Norge», det som skjer når ein vendar attende til heimlandet, men heimlandet eigentleg er der han kom frå. Slik sett bevarar han eit utanifråblikk, både når han reiser til Kairo, Tunis, Marrakech, Gondar, men også i Bergen og på Eidsvågneset. Alltid med tankar om politikk, religiøsitet, innvandring, utvandring. Boka spennar seg over to år, som gir oss eit blikk i korleis eit menneske utviklar seg, utviklar meiningar, og nokre gonger snur i desse.

Oppdateringer. Pål Norheim. 2015. Kolon forlag. 114 sider. Leseeksemplar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s