Nyforelska: mitt liv med lesebrett

Eg forsvann plutseleg litt.Det har ei enkel forklaring, og det er at eg held på med ein master innafor nordisk litteraturvitskap, og 15. mai er ikkje så lenge til som eg likar å tru. Eg har ikkje tid til å lese så mykje utanom skulen (det er ikkje så mykje utafor skulen), og når ein berre les litt på bussen og litt på kvelden om ein gidd, vert det så som så med resten. Men litt vert det jo – berre ikkje den farten eg er vand med! Men dette er ikkje eit sutreinnlegg. Dette er eit skryteinnlegg. Eg har nemleg fått meg kjærast. Eg har hatt han ei stund, men tenkte å vente med å fortelje om han før me vart ordentleg kjent, og eg følte meg sikker i min sak. Han har kome for å bli. Og her er han:

eyeemfiltered1425825667382


eyeemfiltered1425825601667


Me har vore i eit fast forhald sidan byrjinga av januar, og me feirar no tomånadersjubileum. Det har vore eit stabilt og godt forhold. Eg har levd eit slags nomadeliv i det siste. Mykje reising og farting, både over lange og korte distansar.Eg måtte og ofre ein heil del plass i kofferten før juleferien, til fordel for ein meter (!) og ein heil del kilo med masterlitteratur. Det var den siste dropa, og julegåvepengane gjekk rett til lesebrett (takk, far!). No har dei fyrste sterke kjenslene gitt seg, og eg trur at me kjem til å ha eit langvarig forhold.

Er det like triveleg som ei bok? Nei.
Er lesebrettet like fotogent som ei bok? Nei.

Papirbøker har ein sjarm ein Kindle ikkje kan konkurrere med. Det er noko med det fysiske, vekta av boka. Det siste er på godt og vondt; eg byrja på ein innbunden utgåve av The Luminaries før jul, og ga opp fordi den er for tung (!!!) til å lese på senga. Eller til å ta med seg nokon plass. Tenk det. Det er lite kos og sjarm, den fysiske tiltrekkinga til ein innbunden roman er sterkare. Og det har jo litt å sei i eit kjærleiskforhold. Når det er sagt, er ikkje utsjånad alt, og det ein faktisk les er uansett det same. Leseopplevinga er god, betre enn eg hadde trudd. Overflata er papirlikande, matt og behageleg. Flata har ikkje noko gjenskinn, så ein kan halde nettbrettet slik ein vil utan at det har verknad på leseopplevinga.

Eg har Kindle Paperwhite 2, og på den er det innebygga sideljos som ikkje er vanskeleg å sovne til, slik det kan vera med mobil og nettbrett. Overflata er visstnok sensitiv for slag og dunk, så ein må ha omslag. Det har ikkje så mykje å seie, for sjølve nettbrettet er så lett, og det omslaget eg valte veg og berre nokre beskjedne gram (trur det var ca. 100). Itjnåstræss. Eg les ganske mykje når eg først sett i gong, og har lese minst ein time dagleg sidan eg fekk den. Stort sett meir, kanskje tre. Det vil seie, fram til for to veker sidan, då stresset tok meg. Eg har lada den ein gong på to månadar, og det er slett ikkje verst – spesielt når ein tek med at eg aldri gidd å fullade noko som helst.

Det største fortrinnet er at den er så utruleg praktisk. Det er ein fryd å ikkje la storleiken på boka vera ein faktor i kva ein sleng med seg i veska den dagen. No for tida les eg berre medan eg ventar på bussen, på det kvarteret bussturen tek, og når eg ventar på nokon. Det er tid eg sannsynlegvis hadde brukt på å dilla med mobiltelefonen, og det er faktisk begrensa kor lenge Instagram er interessant. I tillegg har eg spart venene mine for ein heil del uinteressante snaps.

Og det mest geniale er at det utslagsgivande kjøpsargumentet var ein mistanke om at det kom til å gjera masterskrivinga litt lettare. Oppgåva mi er ei feministisk komparativ analyse (Faen ta skjebnen, Divergent, og Den forsvunne helten), og Kindle har ein fin søkefunksjon og highlightfunksjon som har spart meg for mykje frustrasjon og markeringstusj. Highlightfunksjonen er god å ha til vanleg lesing og, er veldig glad i å kunne markere når eg ser eit fint avsnitt, og det er lett å finne att. I tillegg har amazon sine bøker ein oppslagsfunksjon der du kan slå opp ord du stussar ved når ein les på engelsk. Kjekt å ha!

Eit aber: eg ser eit nokre norske brukarar har hatt problem med Amazon. Det må ein jo ta omsyn til viss ein har lyst til å kjøpe, men eg har personleg fram til no berre hatt positive møte med kundeservicen deira. Når det gjeld bokkjøp, er det litt farleg. Det er alt for lett. Bøkene er ofte billige. Eg kjøpar engelsk frå Amazon, norsk frå ebok.no, og svensk frå Bokon. På ebok og bokon kan du sende rett til Kindle, og slepp å styre med omformatering. Fint for ein komande lærar (=luditt).

Eg er ikkje spesielt oppteken av gadgets, har studentøkonomi, og trivst godt utan dill og dall. Men dette var eit veldig, veldig godt kjøp. Den kjem aldri til å konkurrere med dei fysiske bøkene eg har, men den er eit fantastisk supplement. Eg har knytta kjenslemessige band med denne dingsen som eg ikkje har hatt før til elektronikk – kanskje med unntak av Mac’en, men der trur eg me snakkar Stockholmsyndrom.

Konklusjon: Det er urettsamt å samanlikne ein dings med ei tradisjonell bok. Der vil Kindlen ikkje nå opp, rett og slett på grunn av sjarmen. Men det er eit fantastisk sideprodukt, det er godt å ha med seg så mange bøker på ein gong, og har auka lesemengda mi betrakteleg. Me er berre i mars, men eg trur allereie at dette kjem til å trone som eit av årets beste kjøp. Eg har lese veldig mykje meir med Kindle enn det eg trur eg ville ha gjort utan. Fine greier!

5 thoughts on “Nyforelska: mitt liv med lesebrett

  1. Har akkurat den samme modellen, og er relativt forelsket selv. Selv om jeg muligens har doblet bokbudsjettet mitt etter at jeg kjøpte den. Men, jeg lurer på en ting: kjenner du noe forskjell i hvor godt du husker innholdet, hvor enkelt det er å finne tilbake til gode (umerkede) sitater eller passasjer i e-bok kontra fysisk bok? Selv sliter jeg veldig med å finne tilbake til scener i ferdigleste e-bøker, og innbiller meg også at jeg husker selve innholdet litt dårligere.

    Likt av 1 person

    • Veldig godt poeng! For ei stund sidan las eg ein studie som sa akkurat det – at folk har større problem med å gjengi innhaldet i e-bøker. Men den studien var basert på lesing på iPad og ikkje dedikert e-lesar, så eg vil tru at det gjeld i litt mindre grad, då leseopplevinga er så radikalt annsleis. For min del har det sikkert mest å sei kva slags bøker eg les på lesebrett. Det vert primært brukt på senga og på reisefot, og då vel eg ikkje dei mest krevande bøkene. Rimeleg greit å hugse gangen i fjortisthrillarar, liksom.

      Eg bruker merkinga ganske aktivt, så har ikkje støtt på det problemet du siktar til, men tykkjer og at det er vanskelegare å navigere i ei e-bok enn ei fysisk bok. I den fysiske boka er det jo lettare å sjå kor langt du har kome, og når i handlinga det ein vil gå tilbake til skjedde. Har merka det når eg les i studiesamband, men då har eg som regel eit fysisk eksemplar av boka i tillegg.

      Likar

  2. Eg blei veldig interessert i masteroppgåva di og fekk lyst til å lese ho med ein gong, men ho er vel ikkje ferdig heilt endå.

    Elles må eg bare seie at eg kjenner meg igjen i både teknologiskepsisen og motivasjonen for å kjøpe lesebrett. Eg har allereie brukt opp mitt første og er nå på Paperwhite-køyret. Eg som av etiske og moralske og forbrukarmaktmessige omsyn ikkje skulle selje sjela mi til Amazon… Det er godt prinsipper kan bytast ut.

    (Kan det stemme at du var forlovar i eit bryllup eg var i, i juni 2010?)

    Likt av 1 person

    • Den er diverre langt frå ferdig, så nå sitt eg og svettar litt, hehe. Men det kjem nok eit oppsummeringsinnlegg når ho vert ferdig. Så langt kan eg sei at eg har gått gjennom ganske mange ulike stadier som feminist, og blitt temmeleg drittlei av Divergent. Vurderer rituelt bokbål i juni. Men det er ganske spanande arbeid, altså!

      Eg var akkurat som deg, men solgte sjela fort, og har ikkje sakna ho sidan 😉

      Og angåande bryllup – etter litt facebookstalking ser eg at eg sannsynligvis var det, ja. 🙂 Lita e-verd!

      Likar

      • Ein av dei tinga eg tenker på nå, når eg tenker tilbake på masterskrivinga mi, er at ein kjenner seg så enormt levande når ein går gjennom alle oppturane og nedturane og alle dei teoretiske og filosofiske overbevisningane som blir ein del av identiteten før dei blir forkasta. Eg kunne gå dei åtte kilometrane frå Blindern og heim, i lykkerus over å ha skrive nokre gode sider for så å grine på do to dagar seinare fordi eg hadde sletta dei same sidene. Det er ikkje ofte livet er så mykje og så komprimert når ein kjem ut på andre sida. Sjølv om eg må innrømme at eg var inne på tanken om bokbål eit par gonger eg og. Det høyrest i alle fall ut som eit spennande prosjekt.

        Det eg saknar mest med Sony-lesebrettet mitt, som dessverre døydde for eit drøyt år sidan, er faktisk å kunne delta i diskusjonar på nett kor eg hever meg over Amazon-monopoliseringa. Men bortsett frå det elsker eg Kindlen min.

        Facebook, korleis klarte vi oss utan? Morsomt.

        Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s