Bok 16: Cirkeln

Cirkeln

Ein elev tek livet av seg på eit vekkgøymt skuletoalett. Seks jenter drøymer den same draumen. Den kvelden månen vert stor og unaturleg raud, går alle i søvne til dei vaknar saman i parken. Ingan hugsar korleis dei kom seg dit, ingen veit kva dei gjer saman, men dei har alle røyklukt i håret.

Dei kjennar kvarandre frå før, men dei har ingenting til felles. Det kroniske mobbeofferet, den populære jenta, skuleljoset, festjenta, ho alt for flinke. Ingen ynksjer å dele meir tid med kvarandre enn det som er strengt naudsynt. Det dei finn ut forandrar alt: dei er hekser. Ikkje på den artige sjå-kva-eg-kan-gjera-måten, men på den skumle me-må-redda-verda-men-me-veit-ikkje-korleis-eller-frå-kva-måten. Det er utruleg frustrerande å vera heks utan å få så mykje som ein tryllestav, når dei einaste ein kan stole på er folk ein ikkje kan utstå, og når ein i tillegg til å redde verda skal leve sine eigne liv, og takla dei utfordringane det bær med seg. Som å vera håplaust forelska i læraren. Å berre ville vera usynleg. Å ha ein far som sitt full i parken.. Eg klarar ikkje å skrive så mange lure ord om handlinga, då dette er ei av få bøker der eg vegrar meg for å gi ut «spoilers». Men det er fornøyeleg lesing. Du må riktig nok akseptere ein del ting på vegen: det finst kreftar i verda som me ikkje kan rå over. Og det er ikkje alle som burde vera venene dine som er det – men nokon gonger er dei du aller minst vil ha noko til felles med, dei einaste du kan stole på. 

«Engelsfors är en speciell plats», säger rektorn. «Här är närmare till andra … jag antar at man kan kalla det dimensioner. Vi vet inte varför, men hinnan mellan olika verkligheter är tunnare här. Profetien talar om en Utvald, som kommer att väckas för at skydda världen när en främmande ondska försökar ta sig igenom hinnan, in i vår verklighet.

Romanen er ganske tettpakka. Det er så mykje handling, men forfattarane skriv så levande at ein heng med i kvar side. I tillegg tykkjer eg personleg at boka har ein høg litterær kvalitet – forfattarane klarar både å skape truverdige og ærlige tenåringskarakterar, og å måle levande bilete. Jentetypane kan virke som klisjear, men dei sluttar å vera det når ein får lov til å følgje verda deira frå innsida. Som andre har peika på, er parallellane klare til Buffy, då skulen utgjer ein slags Hellmouth. Men romanen er velsigna fri for vampyrar og varulvar. Til tider var eg litt usikkar på kva slags sjanger eg eigentleg las – er dette ein fantasyroman, krim, spaningshistorie, eller ei realistisk skildring av ulike tenåringsliv? På Bokelskere står det at romanen er «Twilight møter Fucking Åmål». Eg vil seie meir Fucking Åmål enn Twilight.  Det er litt av alt, og det beste er at romanen og skildringane er skarpe, usentimentale og realistiske. 

Eg las Cirkeln i forbinding med ei prøveforelesing eg skal halde i juni, der pensum strekk seg frå Voluspå til Vindeltorn. Eit relativt utvida fantasyomgrep der, altså. Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å ta med skulerelatert i litteratur i denne bloggen, men romanen var rett og slett så fengande at eg ikkje klarar å la vera.

Cirkeln (2011). Mats Strandberg, Sara Bergmark ElfgrenFyrste bind i Engelsfors-trilogien. 515 sider.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s