Bok 20: Nyckeln

29685107_O_2

Nyckeln er den tredje og siste boka i Engelsforstrilogien. Åhei, for ei bok. Det er veldig vanskeleg å skrive noko om handlinga, då mykje kjem til å avsløre det som har skjedd i dei to førre. Det er difor mogleg at teksten blir litt gåtefull. Summen av alt er at dette var veldig, veldig god lesnad.

Eg må tilstå at eg likte dei to førre litt betre, av den enkle grunn at eg satte pris på miljøet rundt dei Utvalde. Og det er det ikkje plass til her. Boka er på heile 812 sider, og handlinga er svært fortetta. Fokuset ligg på korleis det heile skal ende, og kva dei Utvalde skal gjera for å få det til. Det er mange spørsmål her: korleis kan ein fordele makt? Kan eitt menneske redde verda på eigen hand? Om ikkje, korleis kan ein sirkel som ikkje er heil oppnå dette? Kan venskap spele ei rolle? Tida er knapp, og Engelsfors ser ut til å gå av grunne, eitt element av gongen.:

Mörka moln har tornat upp sig bortom den fyrkantiga tegelbyggnaden, och nu kryper de upp över horisonten i alla väderstreck, sväller ut över himlen. Det är inga moln. Svart rök väller ljudljöst in över Engelsfors. Dess tentakler slingrar sig in mellan höghusen, in i villornas trädgårdar, sväljer alla byggnader, slukar hela stan. Solen bleknar och krymper till en avlägsen stjärna, en stjärna som till slut slocknar. Och Minoo vet inte om hun slungas ut i rymden eller faller.

Det finst stadar i verda som er ekstra magiske. Engelsfors er ein slik stad. Grensa mellom vår verd og demonanes verd er ekstra tynn her. Demonane hatar kaos, og kjem til å gjera alt dei kan for å utrydde vår rotete og uregelmessige verd. Den siste portalen mellom dei to verdene finst her, i Engelsfors, og det same gjeld nøkkelen. Ein nøkkel kan både opne og stengje, og det er opp til dei Utvalde å finne ut kva som er rett, og korleis dei skal gå fram:

Den Utvaldas krafter är Nyckeln till portalen. Nyckeln som kan låsa den för gott, eller öppna den. Alla sex element behövs, alltså är Nyckeln inte hel. Den har inte varit det sedan Elias dog. Hur ska de då kunna låsa portalen? Och hur skulle en demonvälsignad kunna öppna den? Är det inte kört för alla?

Sirkelen er ikkje heil. Men kor hamner ein eigentleg når ein dør? Er døden eit endeleg punktum, eller vil det gå an å få kontakt med dei andre, og gjere Sirkelen heil? Er det på tide å erkjenne at ein ufullstendig Sirkel er makteslaus i ei tid der magien er overveldande sterk, og spele på Rådet si side?

Denne serien er vel det mest spanande eg har lest i år, og eg vil fraråde å starte på denne om du har eit anna prosjekt som krev fokus. Dette gjekk på kostnad av nattesøvn, og meir prekært: viktige episodar av reality-fjernsyn. Men eg sitt igjen med ei komplett oppleving. Sirkelen byrjer med jenter som spelar så ulike rollar i det sosiale systemet at dei nesten vert sjablongar. Gradvis opnar dei meir og meir, og det at alle er forteljarar gir lesaren stor sympati for dei. Dei nærmar seg kvarandre meir og meir, men grunna personlegdomsskilnadar og andre omstende, vert forholda deira stadig sett på prøve. Noko av det mest fascinerande er at ein sirkel beståande av berre jenter (eg tillet meg å avsløre dette, då Elias dør på typ side 4 i den første boka) er så fritt frå «jenteroller» (personleg kjepphest). Kjønn er sekundært. Dei er heile, fleirdimensjonale menneske. Og karakterutviklingane er så gripande! Tempoet er svært høgt, og dei personlege dilemma har ein annan natur enn i dei første bøkene. Jentene held på å bli vaksne, men før dei kan tenkje på alt det dette betyr, må dei redde verda frå den sikre apokalypsa.

Nyckeln. Mats Strandberg og Sara Bergmark Elfgren. 2013. 812 sider.

Eg har skrive om den fyrste boka, Cirkeln, her, og bok nummer to, Eld, her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s