Be Right Back

Akkurat no skriv eg på ei masteroppgåve i nordisk litteraturvitskap. Mellombels tittel er Nye kvinnemønstre. Ei komparativ nærlesing av tre populære ungdomsromanar (juicy, I know!). Eg tek utgongspunkt i Butler sin performativitetsteori, som vel kan kallast ein siteringsprosess der ein gjennom gjentatte handlingar siterar eit kjønnsrollemønster. Dette inneberer fleire moment: a) ein må kunne identifisere noko for å etterlikne eller karikere det (ho nyttar dragartistar for å illustrere dette, men det er sjølvsagt eit poeng at desse prosessane stort sett er umedvitne), og b) ein har internalisert ei oppfatting av kva eit spesifikt kjønn inneberer. Det at populærkultur er ein viktig arena for identitetsskapingsprosessar, er knapt ei kontroversiell påstand. Eg meiner at dei jenterollene ein møter i populærkultur, ikkje berre er performative, men og formative. Dei mest populære ungdomsromanane i dag har veldig tøffe heltinner, og det er kjekt. Men eg skal gå djupare under overflata for å sjå korleis jentene «kvinner» seg. Spoiler: gjennom å ha sett djupare på spesifikke mønstre, visar det seg at litteraturen er langt meir kjønna enn det ein skulle tru. Knus patriarkatet.
Det er enormt kjekt å vera masterstudent. Det er det beste eg har gjort på skulefronten. Det er så spanande å få mogleiken til å setje seg så djupt inn i eit tema ein har designa heilt sjølv. Når folk spør meg korleis det er, er dette gjerne svaret dei får (litt avhengig av dagsformen):

tumblr_n0qncw3FC01rjbp61o2_500

Men det er ein myte at det er så fælt å vera masterstudent. Stress, javisst. Av og til handlingslammande. Men det gjer ikkje såååå mykje, for det er så himla interessant. Og om ein først skal gjera noko skikkeleg strevsomt, er det eit privilegium å få halde på med noko som er SÅ spanande. Dessutan har eg utvikla ein ganske god stresstaklingsmekanisme:

nom-harry-potter

Medan eg ventar på dette:

harrypotterwand

Det har fungert ganske godt så langt, utanom at eg, til skilnad frå Harry, må finne ljoset sjølv. Og det tek tid. Somme dagar går det kjapt, andre dagar går det treigt, og i dag kasta eg eit blikk på datakalendaren, og gjekk rett i fosterstilling. 10. mai (ein litt optimistisk frist eg har satt for meg sjølv) er nemleg ikkje så lenge til. Eg har nørda så hardt med oppgåva mi at eg ikkje har tatt stilling til at eg faktisk har veldig lita tid igjen. Så eg har gått frå å vera ganske roleg, til og med uvant avbalansert, til dette:

tumblr_nhoq9e44P11tcmju5o1_500
Harry-Potter1

Og så til dette:giphy
ron-panic

Eg har stresspist FIRE gulerøter i løpet av dette innlegget.

Så no skal eg finne fram til dette:
anigif_enhanced-buzz-343-1385136990-19Det er på tide å sjå sanninga inn i augene: eg har faktisk enormt lite tid, og må nedprioritere fritidslesing. Eg er i grunnen ganske stolt av at eg har hatt overskot til å lesa så mykje som eg faktisk har (over halvvegs i lesemålet for 2015!), men det får venta. Eg kjem sikkert til å kikke innom litt av og til, men kjem ikkje til å oppdatere jamnleg før i byrjinga av juni. For då, folkens. Då. Er. Eg. Ferdig. Godt, men og litt trist. For det er faktisk veldig kjekt å skrive master. Ikkje la nokon skremma deg til å tru noko anna.

BRB.

PS. Send gjerne sjokolade til NTNU Dragvoll.

2 thoughts on “Be Right Back

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s