Litteraturvitar? Eg? Ja!

No er det gjort. Gjennomført. Fullbragt.

Stresset frå førre innlegg har lagt seg, masteren vart levert for to veker sidan, og prøveførelesinga i norrøn mytologi vart gjennomført på tirsdag. Sensuren kom same dag, og eg sit att med ein fisefin A, fullført utdanning, signert arbeidskontrakt som norsklektor, voksesmerter i hjernen, og alt for mykje fritid. Konklusjonen er at mai og juni var to travle og fine månadar, eg har blitt vaksen, og at det var stas å runde skulesystemet med langt betre resultat enn det nokon kunne ha sett for seg for eit par år sidan, aller minst meg sjølv. Altså. Master og jobb og greier og greier. Det er så bloggeperfekt at det berre er å sprette champagnen. Eg er ein forkjempar for sjølvskryt foran snikskryt, så eg skryt skamlaust. Skriv master, folkens. Det er utruleg spanande og nerdete. Og rehabiliteringsperioden tek litt tid. Eg har brukt dei siste dagane på å finne ein slags balanse mellom Netflix, oppbygging av eit sosialt liv (hugsar vagt at eg hadde eit forrige semester), og sanering av rommet. Det siste har vorte kraftig nedprioritert. Og det må vera greit!

Eg sjekka nett statistikken for bloggen, og er veldig glad og overraska over at nokon av dykk har sett innom sjølv om det er uhorveleg lenge sidan forrige oppdatering. Eg trur dette er det siste eg kjem til å skrive om oppgåva, men eg har lyst til å sei litt om den likevel. For den er jo mi!

Oppgåva mi fekk eit fancy omslag, og ein sprudlande tittel: Nye kvinnemønster i populær ungdomslitteratur? Ein komparativ analyse av tre ungdomsromanar.

braut3 (1)Tøft? Tøft! Det såg veldig tøft ut med hefta utgåve, med NTNU-logo og det heile. Fekk liksom kjensla av at eg hadde skrive ei lita bok (eventuelt ein brosjyre).

Same kvelden som eg leverte, drøymde eg at eg hadde gjort ein alvorleg feil. Bråvakna, sjekka gjennom, og det synte seg at eg hadde heilt rett i det – det var nokre alvorlege formateringsfeil der, og litt slurvete avsnittsinndeling. Siste korrektur vart difor sendt inn 03.18, og eg har tenkt at det er ein viss fare for at det kom meir der. Eg har difor ikkje turt å sjå i oppgåva sidan 11. mai. Men resultatet seier at det gjekk greit likevel, så snart skal eg tore å sjå litt meir.

Eg trur at oppgåva nett no er av størst interesse for meg sjølv. Eg kan illustrere dette ved hjelp av ei hending frå mitt eige liv:

Kjekk gut står i printerkø.
Signe: Du, kan eg snike? Eg skal levere masteren om fem minutt, og treng nokre skjema.
Kjekk gut: Ja, sjølvsagt!
Kjekk gut smiler.
Kjekk gut: Så… Kva handlar oppgåva di om?
Signe: Kjønnsmønster i populær ungdomslitteratur!

Kjekk gut snur seg og går. 

Svært sexy oppgåve, altså.

Abstractet er som følgjer:


Samandrag

Kjønnsidentitet er ein av dei mange delane som til saman skapar ein identitet. Denne identiteten oppstår ikkje i eit vakuum, men er ein del av ein prosess der ein forhandlar fram kven ein er, og kven ein ynskjer å vera.

Ungdomsbokmarknaden har i lang tid vore prega av eit eksplisitt kjønnsskilje. I dag har desse grensene mjukna opp. Dei same romanane vert marknadsførte til både gutar og jenter. Det at den kjønnsspesifikke ungdomsbokmarknaden er i oppløysing, treng ikkje å tyde på at kjønnsnormerande strukturar ikkje er til stades. Formålet med masteroppgåva er å undersøke kva for kvinnemønster som kom til syne i dei mest lesne ungdomsromanane i Noreg, og korleis dei kvinnelege protagonistane handla ut kjønnet sitt.

Basert på reservasjonstal frå Trondheim folkebibliotek, Bergen offentlige bibliotek og Deichmanske bibliotek, fann eg ut at dei mest lesne ungdomsromanane i Noreg var omsettingar av amerikanske romanar. Eg nytta difor Faen ta skjebnen (Green 2012), Divergent (Roth 2011) og Den forsvunne helten (Riordan 2013) som grunnlag for ei komparativ analyse.

Det teoretiske grunnlaget er basert på Judith Butler sin performativitetsteori. Ifølgje Butler er ikkje kjønn naturgitt, og ikkje berre kulturelt påført, men noko sjølvet sjølv uttrykker gjennom ei rekke handlingar. Grunnlaget for desse handlingane ligg i eit opparbeidd siteringsmateriale. Ei kjønna handling, eller framføring, er eit sitat (av eit sitat av eit sitat…) av dei forventingane som ligg innafor kjønnsdiskursen. Slik vert individet eit subjekt som skapar identiteten ut frå visse strukturelle rammer.

Funna syner ein tematisk samanheng mellom den tradisjonelle Bildungsromanen og samtidsromanane i utvalet. Bildungsromanen er opphavleg ein maskulin sjanger, og analysen viser somme etterslep frå dette. Det er ein påfallande mangel på kvinnelege referentar. Mødrene utgjer dei einaste kvinnelege førebileta. Når dei forsvinn eller vert borte, tek mannlege vener og kjærastar over posisjonen som signifikante andre. Dei unge kvinnene handlar difor i stor grad etter maskulin påverknad.


Merknad: Det er sjølvsagt svært interessant å tenke på korleis konklusjonen hadde vore dersom eg hadde valt eit nordisk grunnlag. Grunnen til at eg gjekk for internasjonale titlar i ei oppgåve i nordisk litteraturvitskap er rett og slett at det var dei utgåvene dei fleste norske ungdommane  valte å lese. Om til dømes Ravneringene av Siri Pettersen hadde vore ein av primærbøkene, hadde biletet kanskje vorte annleis? Eg har ikkje lest heile Odinsbarn, men inntrykket mitt er at Hirka er laga av eit anna materiale enn Tris. Dei kulturelle skilnadane er interessante, spesielt sidan den overveldande populariteten til dei amerikanske romanane kan tyde på ei globalisering av kjønnsnormer, og det må vera lov å sei at dei amerikanske kjønnsnormene stort sett er meir tradisjonelle enn dei nordiske, spesielt når det gjeld problematikken gut/jente/kjærleik.

Masteroppgåva kjem snart til eit (digitalt) bibliotek nær deg.

5 thoughts on “Litteraturvitar? Eg? Ja!

  1. Gratulerer så mye med vel overstått! Og med jobb – lærer er det beste yrket I verden, så det er bare å glede seg. (Selv om du nok skal jobbe med større elever enn meg som har begynneropplæringen).

    Selve oppgaven høres kjempespennende ut, og jeg håper det er mulig å få lese den etterhvert? Om konklusjonen ville vært annerledes med nordiske bøker er en interessant tanke – kanskje?

    Hipp hurra for lektoren!

    Likar

    • Takk for det! Eg kjenner meg ganske sikker på at eg har valt ein av dei kulaste jobbane det går an å ha. Har likt meg veldig godt som vikar og praksisstudent, så det vert spanande å sjå korleis det vert å ha elevane over lengre tid. Eg reknar med at det er ein grunn til at så mange lærarar lyser opp når dei snakkar om jobben sin 🙂

      Og ja, det er ein veldig spanande tanke. Eg har jo ikkje nærlest norske og skandinaviske ungdomsromanar, men av dei eg har lest ser det ut til at kjønnsrollene kjem til syne på ein annan måte. Det hadde nok redusert oppgåva sin polemiske effekt ganske kraftig.

      Eg veit ikkje når oppgåva vert digitalt tilgjengeleg, men eg har gjort ho ganske utilgjengeleg (søkeord på nynorsk…), så eg lurer på om eg skal lasta den opp ein stad likevel.

      Likt av 1 person

  2. Så spennende oppgave! Den kunne jeg tenke meg å lese, og det skal jeg også, om jeg får tid når den kommer digitalt. Er det forfatterene selv som lager emneord på oppgavene?
    Jeg holder på med videreutdanning i samtidslitteratur for barn og unge, og har faktisk skrevet oppgave om både Divergent og Faen ta skjebnen (riktignok med en annen vinkling og av et langt kortere format). Den siste boken av Riordan kjenner jeg ikke til.

    Likar

    • Ja, me skreiv stikkorda sjølv før levering. Hadde kanskje gjort det litt annleis no som eg fekk litt betre sjølvkjensle på oppgåva, men det er for seint å snu der!

      Eg trur at Riordan si bok rettar seg til eit litt yngre publikum, typ 10-12. Veldig gutevennleg. Ikkje noko eg hadde plukka opp av eige initiativ, men fin til aldersgruppa. Har ikkje det allalderpreget FTS har.

      Vidareutdanninga di høyrest kjempespanande ut! Bibliotekar var faktisk barndomsdraumen min.

      Likar

  3. Gratulerer med gjennomført og med A! Wow, det må være stas!

    Kjenner igjen angsten for at det man leverte fra seg har tåpelige feil og mangler, for selv om det blir godkjent, så går det på selvrespekten løs. Små feil er vanvittig irriterende!

    Synes oppgaven din høres spennende ut og relevant. Håper du skriver noen kronikker og debattinnlegg når høsten er her!

    God sommer.

    Likt av 1 person

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s