Bokbloggjunkie på ufrivillig rehab – lesetips

Eg er ein bloggjunkie. Eg er rimeleg oppdatert på Caroline Berg Eriksen (akkurat no er ho i Syden), Ida Wulff (Bali), Sophie Elise (heime i Oslo). Men eg har sjølvsagt interesser utover den litt sjuke fascinasjonen eg har til det å spionere på totalt framande folk. Til dømes bøker, som eg freistar å konsentrere meg om her. Braut med bok er eigentleg berre eit prosjekt som gjer at eg kjennar meg meir forplikta til å få til nyttårsforsettet mitt (40 bøker, for mange vil det kanskje vera litt beskjedent, men det held for meg!) – eit steg i det å få leselysta tilbake etter ein heil del år med tvungen lesing. Eg veit: Stakkar, stakkar meg, som har teke ei utdanning innafor det eg brenn mest for. Men det finst eit mylder av gode bokbloggar. Eg les mange for vidare lesetips, men det er og gøy at me les på ulike vis og med ulike motivasjonar, og eg likar spesielt godt dei bloggane som skapar ei eller anna form for verd som eg kan gå inn i.

Eg plar som regel å bruke bokbloggportalen Bokblogger for å få med meg dei siste oppdateringane. Det fine med det er at ein stadig oppdagar noko nytt, på ein svært lettvint måte. Portalen har vore nede ei stund, og eg er ikkje sikker på om det er for godt. Det er ei fin side, så eg håpar det – er det nokon som veit?

Problemet er berre at eg har så vanskeleg for å hugse bloggadresser. I det siste har eg vel eigentleg hatt nok med å hugse mi eiga fysiske adresse, og ikkje minst at eg skal bruke husnøkkelen og ikkje NTNU-kortet for å kome meg inn. Når databasen på toppen av kroppen er så full, er det begrensa kva ein sitt igjen med, men det er ofte det viktigaste som varar lengst. Dei bloggane eg sit igjen med er grundig utforma, på kvart sitt vis – mange er estetisk vakre, nokre les sånne bøker som eg les sjølv, andre les sånne bøker som eg tenkjer at eg burde lese, og bloggane handlar om langt meir enn bokmeldingar. Eg tenkte å dela eit lite utval med dykk.

Eg er stadig ute etter tips. Kva er dine favorittar, og kvifor? Og kvifor lese ein bokblogg i det heile tatt,  sånn eigentleg?

Favorittar

Beathes bokhjerte – Beathe sin blogg er grundig og utfyllande, men samstundes jordnær. Ho er godt oppdatert på fersk litteratur, og det er jo i grunnen ikkje eg!

Fiktiviteter – bloggar og på Kulturkollo. Ho skriv primært om ungdomslitteratur. Innlegga er korte og engasjerande, og har ein tendens til å framkalla «oi, den bør eg lesa». Eg vert spesielt triggerhappy på Amazon/bokon.se når ho skriv om svensk ungdomslitteratur, og det gjer ho i grunnen ganske ofte.

Kulturkollo.se – Svensk populærkulturelt kollektiv med ein heil del spanande tema – eit nytt for kvar veke. Inspirerande!

Paperback Castles – dansk bokblogg som krev at du er glad i det søte. Ho er glad i klassikarar og fine bøker, og bloggen er ei estetisk oppleving. Me har nok ikkje heilt same smak i bøker, men det er ei fin verd å gå på vitjing i, og dei tematiske innlegga er svært interessante.

Menneskets hender vansmekter alt – Assad Nasir skriv om så mangt, men det meste er knytt til den litterære verda i ei eller anna form. Ei litt anna form for litterært påfyll frå ein engasjert norsk- og samfunnsfaglærar.

Mellom linjene –  Bjørg les i eklektisk blanding bøker, og skriv grundig og intelligent. Det er ikkje her du får påfyll av detektivar og dragar, men påfyll av realistiske vaksen- og ungdosmromanar. Ho har ikkje blogga på ei stund, men eg vil likevel tilrå eit klikk innom.

Siljeblomst – Silje skriv om eit breitt spekter bøker, om reiser, og om kvardag. Ho tek vakre bilete, og bloggen har ei unik stemning. Til dels overlappande smak med meg, med unnatak av eit velutvikla estetisk blikk.

Trangt i hylla? – på eit bibliotek i Buskerud finst det ein bibliotekgerilja med kasteklare fingrar. Mange stussar over kvifor biblioteka kasserar bøker, og Trangt i hylla kjem med eit gravskrift til utgåver som nok vert spesielt sårt sakna. Memento Mori.

11 thoughts on “Bokbloggjunkie på ufrivillig rehab – lesetips

  1. Eg liker og Beathes bokhjerte, Paperback Castles, Mellom linjene og Siljeblomst. Når eg sjekker blogger, pleier eg å gå innom norskebokblogger.blogspot.com. Då kjem den bloggen som har oppdatert nyleg opp først, også resten nedover. Eg kikka på mi leseliste og fant ein del bra og varierte bokbloggere: tinesundal.blogspot.com, rosemariechr.blogspot.com, astridterese.no, ellikkensbokhylle.blogspot.com, denharjeglest.com, ritaleser.com, ebokhyllami.blogspot.com.

    Alle skriver aktivt om bøker og er veldig varierte i bøker og sjangre. Fin lørdagskveld, Signe!

    Likar

  2. Du da! Tusen takk for fine ord! * klump I halsen og varmt hjerte *. Og dårlig samvittighet for at jeg ikke kommenterer så mye – jeg leser nemlig. (Skjerpings).

    God søndag til deg!
    Klem fra Silje

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s