Minusbok: Ein roman eg aldri kjem til å fullføre

I haustsemesteret fann eg ei bok på pulten min frå ein hemmeleg beundrar ei som skriv om kropp i dystopiar, med ein lapp om at eg burde lesa den fort, sånn at me kunne ha bokklubb. Ikkje fordi ho elska den, trur eg, kanskje snarare tvert imot. Men eg klarte ikkje å innfri. Orsak, Juni, boka ligg framleis på nattbordet, og eg  har framleis berre kome til s. 197.

divergent-book-3-allegiant-cover-3Boka var Allegiant, av Veronica Roth. Eg las Divergent for kjekt i fjor ein gong. Den var heilt ok, med ein veldig spanande slutt. Eg vart fort gira på å få lest oppfølgjaren, og fann ut at ein av Roth sine sterkaste kvalitetar som forfattar er cliffhangers. Denne romanen var mindre ok, somme gonger direkte keisam, men slutten? Eg var gira. Men HALLO. Det synte seg snart at eg hadde meldt meg på tidenes snorkefest. Rama rundt Divergent-serien er veldig interessant, men ikkje nok for å veia opp for håplause karakterar, fjerne setningar, irriterande val. Eg måtte ta ein pause. Den varte i eit par månadar. Eg har via ei uproporsjonal mengd av året til den første boka, noko som nok ikkje gjorde meg vennlegare innstilt til konseptet eller til Tris som karakter. Eg trong etter kvart noko lett å lesa, så eg kikka på nattbordsbunken, og trakk fram Allegiant. Det haldt med nokre sider.

Oppfølgjarane til Divergent har eigentleg berre vore påminnarar om dei tinga eg ikkje likte så godt med den første boka, og det har altså vakse seg ut av proporsjonar. Etter å ha lest bok 2 og litt av bok 3 har fyrsteboka vorte mykje, mykje dårlegare i mine auge. Her har du ei med spesielle evner, ei som vel å høyre til dei modige, ei som klippar håret kort og freistar å finne ut kven ho skal vera. Men eigentleg er ho berre veldig, veldig forelska, og så veit ho ikkje heilt kva ho skal gjera med det. Skal dei ligge saman? Skal dei ikkje? Skal dei berre kline litt? Ho kan vel kline, kan ho ikkje? Og han ho er forelska i, han har issues. Mørk og mystisk, med andre ord. Og litt gretten. Men det er jo berre sexy. Kjærleikshistoria er litt vel infantil. Og her kan ein seie at «ja, men det er jo ei ungdomsbok», MEN det finst mange romanar som skildrar kjærleik om/for ungdom på ein vakker og/eller interessant måte, og Roth sine bøker er ikkje i det selskapet. Eg er ikkje så glad i romanar der ein går frå å vera ukjende til å ville døy for kvarandre i løpet av ein tre-fem sider.

Tris sin passivitet er påtrengjande. I byrjinga vart det forklart med dei vala ho måtte ta, men ho tok i alle fall val. Historien legg godt til rette for ei heltinne, men ho kjem seg aldri dit. Ho er usikker på alle fronter, og tek svært få val på eigen hand. Ho vert i stor grad styrt av Four. Eg kunne kanskje ha sett litt meir vekk frå dette, men Roth valte å introdusera eit nytt forteljande element: Kjærasten til Tris får si eiga røyst. Han imponerar lite som utanforståande. Måten han betraktar Tris på er i hovudsak prega av variasjonar over «ho er berre ei lita jente, men ho er framleis så sterk», «ho er så sterk, men ho er framleis berre ei svak, lita jente». Etter kvart som romanen utviklar seg vert det tydeleg kvifor Four får så mykje plass, men innføringa av dette grepet er så lausrive frå dei andre romanane, og Four er såpass grunn og dominerande at eg ikkje kan tilgi dette heilt.

Det er sjeldan at eg aktivt himlar med augo og kjem med «årrrhhhhhhhhhhhh»-lydar medan eg les ei bok. Eg trur eigentleg ikkje at det skjer så ofte i det heile tatt. Somme gonger er livet rett og slett berre for kort. Så eg trur den bokklubben kan handle om Divergent og Insurgent, Juni.
Og no har eg slått opp med Veronica Roth.

One thought on “Minusbok: Ein roman eg aldri kjem til å fullføre

  1. Kjipt….. Jeg leste og likte de to første svært godt, og var sikker på at jeg ville kaste meg over den siste med en gang jeg fikk den. Men det har vært et eller annet som har holdt meg unna.
    Ja, ja. Det er så mye annet spennende der ute 😄.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s