Stor litteratur og stort hår

Hedda frå boktanker skreiv nett ein glimrande tekst om Døde sjeler, som utløyste en veldig interessant diskusjon i kommentarfeltet. Teksten inspirerte til å sette ljos på eit undervurdert og underforska forfattartrekk: sveisen. Det var tydeleg kvifor sveisen var eit tema: det er i grunnen imponerande at Gogol fekk tid til å skrive ved sidan av eit omfattande  friseringsarbeid. Trudelutt antyda ein mogleg samanheng mellom Margaret Atwood og Dag Solstad. Ta ein kikk innom teksten og kommentarane, for det er gøy!

Eg er glad i å sitera Mean Girls i tide og utide. No er det definitivt på tide:

That’s why (their) hair is so big. It’s full of secrets.

Gjennom litteraturhistoria har ein sett ein stor variasjon innafor hårstilar, naturleg nok. Men eit par store menn sneik seg unna moten, og haldt på same sveis livet ut. Med god grunn. Ibsen var ein merkevarebyggjar, og brukte visstnok håret aktivt som ein del av dette (før han slo gjennom hadde han ein langt meir ordinær frisyre). Eg vil gjerne dela nokre personlege favorittar på denne fronten.

Lista er fullstendig dominert av mannlege forfattarar. Moglege forklaringar på dette:

  1. Ei generell overvekt av mannlege forfattarar i dei periodane hårfrisyrane var ekstra fabelaktige.
  2. Det diskuterast jamt kva mannlege forfattarar har som kvinnelege forfattarar ikkje har. Til det vil eg berre føye til to ting: for det fyrste, penis. For det andre har dei ein ekstra moglegheit for å stase seg opp på hovudet – dei fleste damer vil ha problem med å oppnå ein like imponerande skjeggvekst. Trur diskusjonen kan avsluttast der.
  3. Dei klassiske kvinnelege forfattarane brukte truleg mykje tid avanserte hårfrisyrer, men tida krav stort sett tildekking i form av ein fjong hatt eller ei lekker kyse. Materialet er altså for avgrensa til denne typen bruk.

Så, til saka –

Henrik Ibsen

Kjend for alle, kjær for nokon: Vår eigen Henrik Ibsen. Ryktet (norsklæraren min frå ungdomsskulen) skal ha det til at Ibsen hadde ei rekke kompleks for utsjånaden, som rett nok var litt utanom det vanlege. Han var i tillegg svært jålete – ein eigenskap eg personleg set stor pris på. Eg er frykteleg nysgjerrig på kva slag kompleks som fekk han til å prioritere breidde framfor lengde på skjeggfronten. Eg kunne og godt tenkt meg eit par råd når det gjeld hårføning. Eit tips til potensielle biografar der ute, heilt gratis.

marktwain_cc_img_0
Mark Twain

Så fluffy. Mark Twain, eller Samuel Clemens, var ein babe gjennom heile livet, og svært trufast, både til kona og hårsveisen. På slutten av livet nådde håret nye høgder, truleg på grunn av hans elektriske personlegheit.

Alexandre Dumas (senior)

Alexandre Dumas, som ikkje må forvekslast med Alexandre Dumas, vart og skildra som svært omgjengeleg, og eg var eigentleg freista til å setje likskapstrekk mellom hårvolum og karisma, men så kom eg på at ein av dei mest storhåra norske forfattarane (Solstad) kanskje ikkje kvalifiserar på den fronten. Hypotesa vart difor slakta før ho kom ut i verda. Ved nærare ettertanke kom eg dessutan på ein forfattar med tilsvarande energisk personlegdom, men ikkje fullt like stort hår. Han gøymde truleg løyndommane sine i skjegget.

Allen Ginsberg

Allen Ginsberg (som eg har skrive litt om her) hadde ei generell skamlaus haldning, både til liv og hår. Han hadde ei rekkje personlege utfordringar, og var tidvis ein vanskeleg mann å ha med å gjera. Det er vanskeleg å sjå føre seg berre ut frå utsjånaden. Hentesveis er eit svært ufarleggjerande trekk.

Alexander Kielland

Sidan me (eg) no har slått fast at spesielt hår er like kjenneteiknande som stort hår, er det umogleg å ikkje ta med Kielland. Denne gongen utan flosshatt. Eg veit ikkje kva  som skjer med dei små vengene/horna han har dandert her, men you do you, Kielland. You do you. Han var uvanleg glad i Jæren (hjarte), så det kan hende at dei hadde ein aerodynamisk funksjon.

Georg Brandes

Trøystepris til Georg Brandes, diskvalifisert av den enkle grunn at han ikkje var skjønnlitterær forfattar. Truleg difor han ser så lei seg ut. Brandes må ha hatt same stylist som Kielland, men var kanskje litt meir letthendt med pomaden.

Kven er din personlege favoritt? Del gjerne eit bilete! 

9 thoughts on “Stor litteratur og stort hår

  1. Haha.. morsomt innlegg! Han siste typen ser ut som Knausgård, bare en noe eldre utgave. Og da tenker jeg ikke på sveisen..

    De startet visst tidlig med merkevarebygging, og imagemodellering, tidligere enn jeg har tenkt over før.

    Likar

  2. Mark Twain var helt klart den kjekkeste, selv om han hadde Bart og ikke helskjegg som jeg foretrekker 😊. Kanskje den rare frisyren til Kielland egentlig bare er «hattehår» – en eldre versjon av «luehåret»?

    Likar

  3. Ett av dei betre innlegga eg har lese. Takk for at du la att kommentar på bloggen min, elles hadde eg kanskje aldri oppdaga denne perla av ein blogg. Hoho fantastisk! Eg trur eg held ein knapp på Ibsen sitt hår. Ubetaleleg nisseaktig. Men Kielland sine djevelhorn er slett ikkje ille, heller.

    Likt av 1 person

  4. Så gøy at en egentlig tilfeldig observasjon fra min side (pomadehåret til Gogol) førte til et sånt artig innlegg! Her var det mye moro. Min favoritt er uten tvil Ibsen, rett og slett fordi han klarer å kombinere en sånn sveis med et så avslappa ansiktsuttrykk. Det harmonerer ikke i det hele tatt. Må ha tatt mange år å lære seg! Og hvis det er sveisen han foretrekker for et portrett, tør jeg ikke tenke på hva slags sovehår eller hvilke morrafrisyrer mannen har hatt opp igjennom åra. Alt Suzannah ikke sa noe om…

    Likt av 1 person

  5. Og dette er bare noen få av dem det er bilder av! Tenk på alle de andre … f. eks. Euripides. Hypotesen om stort hår/stor litteratur, får en knekk når jeg ser på Shakespeare (eller er det egentlig en annen som er Shakespeare, han med det kjempestore håret gjemt bak kjolen til Elisabeth II?
    Trudelutt

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s