Bok 23: Song for Eirabu: Slaget på Vigrid

Denne boka las eg i forbindelse med ei førelesing eg skulle halde på NTNU (ikkje like skrytete som det høyrest ut som, det er eit eige fag som utgjer ein obligatorisk del av mastergraden). Temaet var fantasy og norrøn mytologi i Song for Eirabu, der eg fokuserte på skaping og lagnad (og psykoanalyse, men det skal eg spare dykk for). Samanhengen mellom Song for Eirabu og Voluspá¹ er meir enn antyda, og med tanke på leseperspektivet vert mine tankar om romanen prega av dette. Handlinga tek til når volva Áma vaknar. Ho har gått gjennom fleire verder for å fortelje om fortid, notid og framtid. Voluspá vert sett på som ein dialog mellom volva og Odin, og volva i Song for Eirabu referer til den same situasjonen.

Ei i berget det blå
Blod kan ein lite på
Ei gir hovet blot
ei er drotten tru
for blod kan ein lite på

Vergene tre vil vike
Gudeborna svike
Søstrene tre vil stå
For blod kan ein lite på

Tofte-SongForEiarbu-PO_Sundstøl-Drømmenes-PODet norrøne verdsbiletet er sirkulært. Vår verd er berre ei av mange. Slik er det og i verda Eirabu. Men søstrene Berghitte og Ragna er utvalde på kvart sitt vis. Ragna vert teken i lære hjå ei blotgytje, og det syner seg at ho har stort potensiale. Blotgytja er rådgivar for kongar og høvdingar, og kan bli ei stor kjelde til makt. Ragna tenkjer ikkje så mykje på dette, men er fascinert over ei verd ho ikkje kjenner. Berghitte, på si side, vert gitt vekk i gåve. Ho skal gifte seg med kongen i det krigande landet, og slik kan kanskje freden sikrast. Men Berghitte får høyre myta om ei tidlegare keisarinne – ei med stor makt, som haldt på å forårsaka verda sin undergong. Ho identifiserar seg sterkt med Eletiel, og makta fristar henne langt meir enn Ragna. Systrene vert skilde frå kvarandre, og startar på kvar si historie. Men det er to moment: spådommen (som er skjult for systrene) varslar at dei kan redda verda om dei står samla. Og ikkje minst – soga varslar om tre systrer, ikkje berre to. Kven er ho siste, og kor er ho?

Romanen har altså ein tekstintern mytologi, som spelar på historiar som berre høyrer til i Eirabu, men gjenklangen til norrøn mytologi er svært sterk. Boka sin tittel, Slaget på Vigrid, spelar på det slaget me kjenner frå Voluspá – det er det siste, store slaget mellom gudar og jotner før ragnarok. Det er klare parallellar mellom Song for Eirabu og Voluspá, men medan Voluspá skildrar verda frå gudane si side, er det det menneskelege perspektivet me finn i Song for Eirabu. Eg tykte i utgongspunktet at den nære linken til Voluspá var ein veikskap – ville ikkje det gjera handlinga for forutsigbar? Eg trur nok eg fokuserte litt for mykje på det aspektet sjølv, ikkje minst fordi det syner seg at alt ikkje er allmennkunnskap – då eg var lita hadde me alle Valhall-teikneseriane heime. Og det er uansett absolutt ikkje naudsynt å kunne noko særleg om norrøn mytologi for å ha utbytte og glede av romanen, den står heilt fint på sine eigne bein.

Likte eg boka? Heilt ærleg? Nei. Men det er ikkje romanen sin feil, heller sjangaren. Det er ein vaksen fantasyroman, med komplisert handling og til tider eit litt tungt språk (ja, eg kasta den steinen). Mange vil nok meine at språket kler stemninga i romanen, og ut frå det eg skjønar har det vore eit medvite val frå forfattaren si side. Universet velutvikla, og eg trur at skepsisen rett og slett ligg i at eg ikkje er så begeistra for sjangaren. Det er eit svært gjennomført arbeid. Arbeidet er autentisk, og eigentleg langt meir originalt enn det eg har likt å innrømme. Det psykoanalytiske blikket som eg brukte i førelesinga krev – eventuelt «gir ein lov til» – nemleg at ein skal vera litt meir kranglevoren enn det eg plar å vera her. Den tekstinerne mytologien reddar mykje av dette for min del – Eirabu vert ei sjølvstendig verd, til tross for alle parallellane til den norrøne mytologien. Det er og befriande å sjå fantasy frå vår eigen mytologi, noko som vert meir og meir tydeleg i bokmarknaden (Hulder, Ravneringene, etc.), og det tykkjer eg er veldig gledeleg! Meir til det, takk!

Forfattaren, Kristine Tofte, har sjølv skrive om romanen her, og skriveprosessen her. Veldig kjekt med ein forfattar som er tydeleg til stades på nett, det har vore veldig interessant å lesa refleksjonane hennar.

Knirk har skrive eit svært interessant og godt innlegg om romanen her.


¹ Voluspá er eit av eddadikta, og kanskje den mest autentiske kjelda me har til det norrøne verdsbiletet. Ganske kult!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s