Bok 24: Drep ikke en sangfugl

Sangfugl
Harper Lee (1960): Drep ikke en sangfugl. 270 s.

Ein treng ikkje reise til småbyen for å finne småbymentalitet, men om ein fyrst skal dit, vert det nok ikkje mindre enn Jean Louise «Småen» Finch sitt Maycomb. Småen og storebroren Jem har nokre handicap: Vetehugen deira har aldri vorte stogga. Dei kallar far sin ved fornamn. Dei er morlause, og faren sin stillferdige oppdragelse – som i stor grad går ut på å velja sine kampar, og få dei til å bruke ord, snarare enn knyttnevar – vert i stor grad sett på som manglande. Både Småen og Jem vel å oversjå at Småen er ei jente, som bør utvikla seg til å verta ei dame. Dei kjempar sine tapre kampar med kvarandre, og møter utsida i samla front. Småen er vel ein klassisk «diamond in the rough» – ho nærmar seg det ho ikkje skjønar med ei forviten interesse som ofte går over til det taktlause «Takt» er noko av det faren, Atticus, strevjar mest med å læra borna sine, for føresetnadane for å ta inn over seg slike omgrep er heller små i Maycomb County. Faren, Atticus, er ein moralsk bauta – både for Småen og for lesaren. Han gjer det som trengst, med varsemd og intelligens. Det er ein by der ting er som dei er, og folk er slik dei er – for slik har det vore i generasjonar. Jem gjer Småen ei lita innføring i samfunnsmønstera i Maycomb:

– Vet du noe, Småen? Jeg har funnet det ut alt sammen, nå. Jeg har tenkt mye på det i det siste og nå har jeg funnet det ut. Det er fire slags mennesker i verden. Det er det vanlige slaget sånn som vi og naboene, det er det slaget som Cunningham’ene hører til, ute i skogene, så er det sånne som Ewell’ene nede ved søppelfyllinga, og så er det negrene.
– Ja, men kineserne da, og Cajun-indianerne borte i Baldwin County?
– Jeg mener i Maycomb County. Saken er den, at folk som oss liker ikke Cunningham’ene, Cunningham’ene liker ikke Ewell’ene, og Ewell’ene hater og forakter de fargete menneskene.

Atticus er den øvste autoriteten i Småen sitt liv, men ho veit at han skjular noko. Ein kveld let han henne overhøyre ein samtale ho ikkje heilt skjønar der og då – han diskuterar ei sak som han har vorte oppnemnd til å føre. Det hadde vore så mykje lettare å la vera, men Atticus seier at om han hadde takka nei, hadde han ikkje kunne sett ungane sine i augo. Ein neger (som det heiter i boka, me er på 30-talet) er tiltalt for å ha valdteke ei kvit jente. Heile byen er samde om kva som er rett – «negaren» må få det som trengst. Sjølv om Atticus slettest ikkje er sikker på om det er Tom Robinson som har gjort det. Og Småen er ikkje så sikker, ho heller. Medan Atticus kjempar kampen sin i rettsalen, må Småen kjempe kampane hans i skulegarden. Det vert berre verre når faren fortel henne at ho ikkje kan bruke nevane sine meir, sjølv ikkje når dei kallar henne fæle ord.

– Småen, sa Atticus, – niggervenn er bare et slikt uttrykk som ikke betyr noen verdens ting – akkurat som snørrunge. Det er vanskelig å forklare – uvitende mennesker, folk som ikke er godt for noe, de bruker det ordet når de mener at noen verdsetter negrene like høyt, eller høyere enn dem selv. Det har lurt seg inn i språket, også hos noen folk som oss, når de skal finne et sjofelt og stygt ord til å sette merkelapp på andre.

– Så du er ikke noen niggervenn i virkeligheten, altså, er du vel?

– Jo, det skal være sikkert og visst. Jeg gjør mitt beste for å være glad i alle mennesker… det er vrient nok mange ganger – men ungen min, det er aldri noen fornærmelse å bli skjelt ut for noe som en eller annen mener er et klengenavn. Det viser bare hvor fattig det mennesket er, det kan ikke gjøre deg noe. 

Romanen skildrar tre år i Småen sitt liv. På desse åra finn ho ut fleire ting: kven som er Skikkelege Folk, og at det mest grusomme eit menneske kan gjera er å sjå vekk. Og det er nettopp dette siste som gjer at romanen er evig aktuell.  Det er ein sterk kontrast mellom den intelligente forståinga ho møter i heimen, og mønstera til dei vaksne i byen. Ho kan ikkje fatte kvifor folk ikkje skjønar kva som er rett og gale, og kvifor det nokre gonger kjennest som at det berre er ho og Atticus som veit dette. I det siste har det vore ekstra mykje snakk om romanen, i forbinding med det komande sleppet av Go Set a Watchman, men romanen har aldri vore ute av vinden. Barndomen hennar vert definert av rasehat og klasseproblematikk. Sjølv om Småen sitt rike berre strekk seg frå den ondskapsfulle fru Dubose sitt hus til eremitten Boo Radley sitt, er barndomsreisa stor. Og til tider svært vond. Småen er ein engasjerande og morosam forteljar, men den truverdige seks– til tiåringen kan ikkje skjule det store ubehaget i forteljinga. Drep ikke en sangfugl handlar om menneskeverd, klasse, og oppvekst. Det er ikkje alt Scout lukkast i å læra dei vaksne i Maycomb, men det er mykje ho kan læra meg og deg. Tematikken er ei påminning om skilnaden mellom Skikkelege Folk og dei som ikkje er like skikkelege. Er me på vårt farlegaste når me saman, eller for oss sjølv? Kven kan gripe inn i det som er urett? Kven bør gripe inn?  Hadde romanen hatt ein klar moral, hadde den og hatt eit klart svar, men dei mange spørsmåla er for store til å la seg svara på innafor så små ramer. Og om forfattaren hadde forsøkt, trur eg romanen hadde vore langt fattigare.

Det er så mykje eg har lyst til å seie om dei ulike episodane i romanen, men det er kanskje litt dårleg gjort. Eg kunne likevel gjerne tenkt meg å høyre kva de sjølv tykkjer – eg veit at det er mange av dykk som har, eller har planar om å lese romanen.

Denne romanen er ein del av bokhyllelesing. Utfordringa vert administrert av Hedda på Boktanker. Denne runden har barndom som tema. Ta ein kikk innom for å sjå kva dei andre damene les!

2 thoughts on “Bok 24: Drep ikke en sangfugl

  1. Hei,
    Måtte sjekke deg ut etter å ha observert deg i flere kommentarfelt de siste dagene. Har nå, begeistret, lest om både masteroppgaver (ja, Div2 og, spesielt, 3, hadde tilbakevirkende ødeleggende kraft på førsteboka) (gratulerer!), Eirabu (som jeg elsker), pomade (som fikk meg til å fnise) og Harper Lee (som jeg ennå ikke har lest, men som selvfølgelig ligger i bunken/storytellista. LIker måten du skriver (og tenker) på!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s