Bok 25: The List

13561874

Sometimes, when you get something new, you trick yourself into believing it has the power to change absolutely everything about you.

Mandagen før homecoming vert det hengt opp ei liste på skulen. Over alt – på skap, på veggar. Lista har åtte jentenamn. Det er ei kåring av dei styggaste og dei finaste jentene. Og korleis reagerer ein på slikt? Kva tener du på å vera den finaste på skulen? Kan det liggje makt i å vera den aller styggaste? Ingen veit kven som skriv lista, men dei som kjem med vert aldri hugsa som noko anna enn det som står om dei. Dette gjer openbart noko med dei som er på lista, men korleis vil dei la det prege seg? Det er ei veke igjen til homecoming, så det gjeld å bestemme seg snart.

Eg lasta openbart ikkje ned boka for å få forandra livet mitt, men eg hadde lyst til å bli underhaldt. Og det vart eg ikkje, på trass av godt potensiale. Til dømes forteljinga om jenta som vert kåra til skulens styggaste, skreiv «UGLY» i panna med sprittusj og besluttar at ho ikkje skal dusje eller vaske klede – ikkje så mykje som å bytte undertøy – før homecoming-dansen. Ho skal vise dei kva som er stygt. Eller ho som er så pen, som har slitt med spisevegring, som går på cleansing for å berre bli litt tynnare og litt finare før same dans. Det kan jo verta spanande, sårt, interessant, noko? Nei. Humor- og råskapspotensialet i det fyrste høvet vert ikkje utnytta, og tankane til nummer to vert aldri skildra som anna enn overflatisk. I tillegg vert det mykje «omg, kva for ein kjole skal eg ha på meg,» samt at irriterande mykje tid vert brukt på nokre av jentene si demonstrative beslutning om å gå på dansen i – gisp – dongeribukser. Det skjer mykje i boka, men lite av særleg substans.

Eg sit att med kjensla av å ha lese ein roman som nedvurderar si eiga målgruppe. Eg har lite mot å akseptera min indre fjortis, og er nok meir glad i high school-filmar og -bøker enn det som er sunt. Det er ikkje noko gale i ei bok med eit litt tåpeleg plott, det er heller ikkje noko gale i eit parodisk high school-miljø – det ligg til rette for mykje moro innafor dei ramene der. Men det går an å forlange ein roman som held det som vert lova. Forfattaren tek sikte på ein del seriøs ungdomsproblematikk (hovudsakleg knytt til seksualitet, rus, og det å finne seg sjølv innafor det hermetiske miljøet ein skule utgjer), men ho behandlar det på ein overflatisk og uinteressant måte. Det er berre unntaksvis at dynamikken mellom jentene vert interessant – då er det til gjengjeld veldig spanande å høyre på. Det vert litt platt, litt flåsete, og verst av alt – det er ikkje særleg underhaldande. Og her må eg kanskje klargjera at eg las romanen på lydbok. Boka hadde kanskje fungert betre i skriftleg form. Romanen skildrar alle jentene litt om kvarandre, og det vert litt forvirrande.

Om sjangaren rangering-av-high-school-jenter er akkurat det du treng akkurat nå, tilrår eg heller They All Fall Down, som eg skreiv om her. Litt meir skrekk/horror-prega. Eg var nok litt lunken då eg skreiv om boka, men den var veldig underhaldande, og litt meir gjennomført enn The List.

Siobhan Vivian (2014). The List. Audible-utgåve.
Dei neste dagane kjem eg forresten til å bruke stor tid på å gjera keisamme ting der ein ikkje kan lesa skriftbøker. Har de tips til letthøyrte lydbøker? Gjerne ungdomsromanar. Det einaste kravet er at boka må vera underhaldande. 

4 thoughts on “Bok 25: The List

  1. Har du lest Beauty Queens av Libba Bray? Veldig underholdende og ganske smart. Hørte den som lydbok, funka godt – bortsett fra at boka har en del fotnoter (antar jeg) som ble litt merkelige i lydformat.

    Likar

    • Nei, det har eg ikkje, men kombinasjonen Hunger Games/Lord of the Flies/Pageant queens høyrest veldig forlokkande ut! Om lydboka er høyrbar sjølv med fotnotar trur eg at eg går for det formatet. Takk for tips 🙂

      Likar

  2. Æsj, eg som blei så glad da eg såg overskrifta og tenkte at dette såg ut til å vere ei god bok. Angåande fotnotar i lydformat; Har du lese Will Grayson, Will Grayson? Fantastisk bok!

    Likar

    • Eg veit at andre har likt ho godt, så ho er sikkert verdt ein ny sjanse. Det er og mogleg at eg hadde likt boka betre på skrift, sidan det vart veldig uoversiktleg på lydbok. Og nei, eg har ikkje lese Will Grayson, Will Grayson, men har veldig lyst!

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s