Litterære overraskingar

Ting går litt treigt om dagen, eg har satt i gang ein svært optimistisk pakkeprosess (optimistisk fordi eg teknisk sett ikkje har ein stad å flytte til, sånn eigentleg, ikkje enno, men den som våger… kan bli ståande huslaus.) Det er ganske gørr. Ikkje minst fordi eg, trass ei relativt beskjeden boksamling, må finne på noko lurt å gjera med ho for å spare både min og veners rygg. Som å gå gjennom bøkene. Det er eit ganske koseleg prosjekt, for nokre gonger kjem det fine overraskingar. Som denne.

IMG_20150628_121331

Morfar si bok. Fin handskrift, ikkje sant? Han vart blind før eg kom til, så eg har faktisk ikkje sett den så mange gonger. Ekstra sjarmpoeng for etterlikninga i gråblyant. Forsøket var kanskje ikkje heilt vellukka, men sjarmfaktoren er høg. Kvifor er det så lenge sidan eg har sett i denne?

IMG_20150628_121454Åja. 1939-utgåva av norsk grammatikk. Interessant på nørdefronten (grunna målreformen á 1938), men boka har ein personleg verdi av langt andre grunnar. Dette var jo nett morfar si grammatikkbok. Om den vart kjøpt i 1939, har den stått i bokhylla hans i over 60 år. Heilt sidan landbruksskulen. Det er ein svært koseleg tanke, for morfar var ein svært koseleg mann som oppfylte alle bestefedrekrav.

IMG_20150628_121132
Eg har tatt meg tid til mange prosjekt, men oppfrisking av neglelakk er ikkje eit av dei.

Og ikkje minst. To botaniske innslag av uviss alder. Det eine tek mor æra for. Det andre må vera hans. Eg anar ikkje kva det er (eg har ikkje gått landbruksskulen, og må til og med stå for den prestasjonen det faktisk er å ta livet av opptil fleire ildtoppar). Tanken på at han på eit eller anna tidspunkt har plukka ein blom, tenkt at den var så fin eller viktig at den fortente å bli pressa, og la han forsiktig i grammatikkboka – det er ein varm og koseleg tanke. Og der vart den liggjande i fleire år, til eg skulle flytte for ørtande gong. Han brukte visst ikkje grammatikkboka så mykje, han heller.

Merk bruken av ordet «koseleg» i dette innlegget. Konklusjonen er: Ei bok er ofte meir enn skrift mellom to stive permar.

4 thoughts on “Litterære overraskingar

  1. Flytter i morgen og har vært gjennom samme prosess i bokhylla. Du har riktignok en høyere «koseleg»-faktor enn undertegnede. Det verste for meg var å sende Potter-bøkene til Valdres.
    Bestefaren din må ha vært verdens koseligste.

    Likar

    • Nokre bøker er det vanskeleg å skilja seg med, og eg trur eg og hadde hatt vanskar med å skilja meg frå Harry Potter-bøkene. Men det er kanskje berre midlertidig?

      Likar

  2. Vi burde danne en klubb, Signe! Jeg dreper nemlig også ildtopper over en lav sko, til og med orkideer går en kjip død i vente her. Og stilig med ei såpass gammal og sær bok! Hadde vært moro å ha. Ellers var det et koselig innlegg:)

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s