Bok 26: The Life List

the-life-list-coverNo ser det ut til at lesinga mi har utvikla eit aldri så lite listefokus, men det er heilt tilfeldig. The Life List må heller ikkje forvekslast med The List.

Sjølv om eg har hatt skulefri ei stund, kom eg fyrst til heimtraktene i forigårs, og det er liksom då ferien er skikkeleg i gang. Det tyder ferielesing. Eg har vore på damebokavvenning, men fann nokre forlokkande skildringar hjå Ann Helen og Beathe, og tenkte at det faktisk er lov med litt chick lit mellom slaga. Eg får ofte litt lyst til å forsvare sjangaren fordi det er så fluffy og lettvint, men for å vera heilt ærleg ser eg på det som å setta på ein romantisk komedie. Det er ikkje alltid ein er ute etter stor litteratur, stort språk, og livsendrande lesnad. Det tyder ikkje at boka ikkje er god, så lenge ein har sansen for sjangaren. Det finst mykje dårleg chick lit, men det finst og mykje bra, og The Life List høyrer til den siste kategorien.

Brett Bohlinger mister mor si til kreft. Ho veit at dette vil endre livet hennar på mange måtar: ho er morlaus (How will I ever manage to stumble through this world without her? I have so much more daughter left in me.). Ho er og arvingen til familiebedrifta. Trur ho. Ho tek dødsfallet svært tungt, og kvir seg for å tre inn i den nye rolla: morlaus, sjef. Men ho har vorte forma inn i sjefsrolla, alle går ut frå at det er det som skjer, og ho har ikkje vurdert andre alternativ. Når testamentet vert lest opp kjem det ei stor overrasking: ho har ikkje fått noko. Ingenting. Mora har til og med testamentført at Brett skal få sparken.

Advokaten seier at mora hadde andre ynskjer for henne. Ho får ei liste ho sjølv skreiv som fjortenåring:

MY LIFE GOALS
*1. Have a baby, maybe two
2. Kiss Nick Nicol
3. Make the cheerleading squad Congratulations. Was that so important?
4. Earn straight A’s Perfection is overrated.
5. Ski the alps What fun we had!
*6. Get a dog
7. Answer correctly when Sister Rose calls on me and I’m talking to Carrie
8. Go to Paris Ah, the memories we made!
*9. Stay friends with Carrie Newsome forever!
10. Go to Northwestern I’m so proud of my Wildcat!
11. Be super friendly and nice Way to go!
*12. Help poor people
*13. Have a really cool house
*14. Buy a horse
15. Run with the bulls Don’t even think about it
16. Learn French Très bien!
*17. Fall in love
*18. Perform live, on a super big stage
*19. Have a good relationship with my dad
*20. Be an awesome teacher!

Mora har strøke ut det ho ser på som fullført eller for farleg, og sett ei stjerne ved nokre viktige mål. For kvart mål Brett får kryssa av lista, skal ho få ein konvolutt. Ho må oppnå alle måla innan eit år. Om det ikkje skjer, får ho ingenting. Viss ho får det til, skal ho få ein siste konvolutt. Arven. Men kvifor skal ho måtte stå til rette for ei liste ho skreiv for over tjue år sidan? Ei liste ho til og med som fjortenåring kasta i søpla? Kva slags siste helsing er det mora har fiksa for henne? Og korleis skal ho klare å kjøpe hest, bli gravid, få hund – ho har korkje lyst, tid eller plass til nokre av delane, og det har ikkje kjærasten heller. Kjærasten. Han som er så stolt av henne no. Han ho ikkje har klart å fortelje sanninga til. For utan sjefsstillinga er ho jo ingen.

Ja, det er ei fluffy bok. Men det tyder ikkje at den ikkje er god. Brett er ein engasjerande forteljar, og historien er såpass spesiell at det er lett å oversjå at nokre ting er forutsigbare, og at nokre ting er for gode til å vera sanne – om du treng streng logikk er chick lit strengt tatt ikkje sjangaren for deg. Perfekt flybok, og perfekt seint-på-kvelden-bok. Det var i alle fall det heilt til kveld nummer to, når berre-litt-til førte til at klokka vart halv tre, og eg forsov meg til min eigen bursdag.

Eg er glad for at eg las innlegga til Beathe og Ann Helen før eg såg Kindle-coveret og den latterleg teite blurben. Forfattaren skriv godt, og handlinga er ikkje alltid like forutsigbar som formatet. Det er i tillegg få språklege klisjéar, og Brett er ein truverdig og engasjerande karakter. Nei, det er ikkje heilt slik røynda fungerar, men om du kjøper premisset for handlinga har du 353 sider med god underhaldning framføre deg. Og dei går fort!

4 thoughts on “Bok 26: The Life List

  1. Så fint å høre at du likte boken! Før var jeg veldig glad i chick- lit romaner og leste omtrent bare det, men etter hvert tror jeg lesesmaken min endret seg noe for «plutselig» føltes bøkene i den sjangeren litt «småhysteriske» på meg. Men som du sier så er det godt med slike bøker innimellom annet. Likte så godt at du tok med listen i omtalen din, det tenkte ikke jeg på da jeg skrev min. Tusen takk for link til meg 🙂

    Likar

  2. Denne boken virker som en god bok å lese når de varme sommerdagene bare varer og varer. Jeg har ikke lest den, men lest omtalene til Ann Helen og Beathe, og jeg har veldig lyst til å lese den, og etter din omtale har jeg enda mer lyst til å lese den 🙂

    Likar

    • Ja, ikkje sant! Styr unna om humøret og intellektet er i tipp topp stand og du treng ein utfordring. Forslag til bruksdagar: deppedagar, lange dagar, sommardagar, reisedagar, sjukedagar, trøystedagar. Veldig kjekk bok, altså! Eg storkoste meg.

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s