Bok 27: Appelsinpiken

Jostein-Gaarders-nye-ungdomsroman-Appelsinpiken-kommer-ut-i-ti-land-samtidig

Kom ikke og si at naturen ikke er et under. Kom ikke og fortell meg at verden ikke er et eventyr. Den som ikke har innsett det, gjør det kanskje ikke før eventyret er i ferd med å ta slutt. Da får man nemlig en siste sjanse til å rive av seg skylappene, en siste anledning til å gni seg i øynene av forbauselse, en siste mulighet til å hengi seg til dette underet man nå tar avskjed med og skal forlate.

Mon tro om du forstår hva jeg prøver å uttrykke, Georg. Det er ingen som har tatt en gråtkvalt avskjed med Euklids geometri eller atomenes periodiske system. Det er ingen som feller noen tårer fordi de skal koples fra internett eller gangetabellen. Det er verden man tar avskjed med, det er livet, eventyret. Så tar man også farvel med et lite utvalg mennesker man er ordentlig glad i.

Georg, femten år, har ei mor, ein stefar, ei lillesøster, og har nett skrive særemne om Hubble-teleskopet. Det Georg ikkje har, er ein levande far. Georg har få minne om far sin, som døydde då Georg berre var fire år. Han hugsar ein del, men er usikker på kva som er hans eigne minner, og kva som er rekonstruksjonar av forteljingar han har høyrt. Ein dag kjem farmor og farfar med eit brev som dei fann gøymt i ei raud sportsvogn. Det er eit langt brev i frå faren. Det er både ei forteljing om jakta på Appelsinpiken, jakta på kjærleiken generelt, og om det å skulle døy. Faren skildrar livet sitt på ein vakker måte, og brevet syner ei stor sorg. Fire år gamle Georg sitt på golvet medan faren skriv på Windows-maskina, og brevet er både eit farvel til den vesle guten, og eit brev til den mannen guten skal bli. Det er både eit sørgeskrift og eit kjærleiksbrev, og det same spørsmålet går att både hjå Georg og faren: var det eigentleg verdt det? Er det ikkje eigentleg berre grusomt å få smaken på eit så godt liv, når det heile skal ta slutt så snart?

Jeg hadde mange ganger stilt det samme spørsmålet til meg selv i løpet av de siste ukene. Ville jeg ha valgt å leve et liv på jorden vel vitende om at jeg plutselig skulle rives bort fra det, og kanskje midt i lykkens rus? Eller ville jeg allerede i utgangspunktet ha betakket meg for hele denne haleløse «tar igjen og gir bort»-leken? For vi kommer til verden bare én gang. Vi slippes inn i det store eventyret. Og snipp, snapp, snute – så er eventyret ute!

Appelsinpiken (som forresten var søndagens smakebit) er ein klassisk Gaarder-roman. Det er ei leit etter dei store samanhengane, og formelen er klar for dei som kjenner romanane hans godt. Det treng ikkje å bety så mykje. Eit slikt prosjekt kan fort bli belærande og vidt, og somme gonger tykkjer eg at det fort går mot det førre. Eg er ikkje over meg sjølv, men eg er samstundes litt for gamal for denne boka. Det er ikkje ei allalderbok, og då er det somme gonger vanskeleg å vera objektiv. Det er litt svulstig, litt tendensiøst, men det er likevel ei vakker forteljing: Appelsinpiken er ein nydeleg karakter, og faren sin kjærleik er altoppslukande. Georg vert betre kjend med far sin, men og seg sjølv. Andre Gaarder-bøker har gjort større inntrykk på meg, men eg var strengt tatt mykje eldre då eg las denne (eg må ha vore 17) enn då eg las dei andre.

Gaarder, Jostein (2003). Appelsinpiken. Aschehoug. 171 s.

2 thoughts on “Bok 27: Appelsinpiken

    • Ja, sant! Den er i grunnen mykje finare enn eg har gitt inntrykk av, eg må ha vore litt gretten i gjerningsaugeblinken. Den har vorte betre, allereie fem dagar etter.

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s