Bok 28: Divine Secrets of the Ya-Ya Sisterhood

adx6-square-400Vivi, Teensy, Necie og Caro, the Ya-Ya Sisterhood, har halde saman sidan for evig. Dei har aldri høyrt på reglar, men laga sine eigne, til stor forarging og beundring. Kvartetten utgjer ei verdskraft. Mennene deira må finne seg i å vera andreprioritet, og borna (the Petite Ya-Yas) veks opp med utydelige skiljer mellom heimane.

Siddalee Walker fell usams med mor si, Vivi. Dei har alltid hatt eit problematisk forhold, men når Siddalee Walker avslørar for mykje i eit intervju i The New York Times, bryt Vivi alle band med dotter si. Siddalee røymer vekk frå liv og kjærast. Ein dag vert ho sendt ein mystisk pakke: «The Divine Secrets of the Ya-Ya Sisterhood». Albumet inneheld avisutklipp, bilete, og dagboknotat. Mora sine beste og mørkaste augneblinkar kjem til syne. Gjennom desse freistar Siddalee å tyde kven Vivi Walker eigentleg har vore, og kven ho eigentleg er. Romanen er eit djupdykk inn i desse minna. Ein kan sjå på det som ein samtale mellom ei mor og ei dotter som ikkje lenger snakkar saman.

There is the truth of history, and there is the truth of what a person remembers.

Som tenåring elska eg boka. Som vaksen gjer eg eigentleg ikkje det. Eg trur det hovudsakleg heng saman med at smaken min har endra seg. Dette er ein fargerik sørstatsroman, og i aller høgaste grad ein dameroman. Det er ikkje mogleg å ikkje verta fascinert av Ya-Ya-kvartetten i sin heilskap, og det er heller ikkje mogleg å ikkje leva seg inn i Vivi Walker sitt liv. Ho er vakker, sterk, og kompromisslaus i alt. Både i kjærleik og i uvennskap. Ya-Ya-søstrene har redda kvarandre, gong på gong. Du vil verta riven med.

Some women pray for their daughters to marry good husbands. I pray that my girls will find girlfriends half as loyal and true as the Ya-Yas.

Denne lydboka har eg høyrt på litt av-og-på, innimellom pakking og sykling og ting som skal gjerast. Mi mindre enn ekstatiske kjensle for boka er kanskje prega av vekslande merksemd frå mi side. Det er ei god lyttaroppleving: opplesaren er flink til å engasjere, utan at det sklir heilt over til radioteater. Sørstatsdialekta sklir nokre gonger over til det parodiske (men eigentleg ikkje, altså!), men det gir eigentleg ein heil del til stemninga. Lydboka varar i 14 timar og 39 minutt.

Rebecca Wells (1992). The Divine Secrets of the Ya-Ya Sisterhood.

2 thoughts on “Bok 28: Divine Secrets of the Ya-Ya Sisterhood

  1. Er det denne som er fimlatisert med Sandra Bullock? Isåfall husker jeg den med begeistring. God nok til at jeg ikke gidder å lese – if that makes sense??

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s