Bok 30: På vegne av venner

innbundet

Nokre dødsannonsar vert signert ”på vegne av venner”. Alle har ein venn, ein stad, seier ein gravferdsagent. Men det er likevel ein kode. Det betyr ei kommunal gravferd, ei gravferd der ingen har meldt seg som etterletne, ei gravferd som sannsynlegvis vil gå føre seg i einsemd. Kristopher Schau ville ikkje at det skulle vera slik: han ville ikkje at gravferda skulle vera tom og mekanisk. Alle døyr. Nokon døyr åleine. Og nokon vert førde til grava heilt, heilt åleine. Dette vil ikkje forfattaren godta. Ein skal ikkje ta den siste reisa åleine. Kanskje hans nærvære ville føre til at presten la inn eit nytt gir, og auka seremonien sitt verd? Kristopher Schau sett to reglar for seg sjølv: Om det er to eller færre sørgarar vert han med. Om det er fire eller fleire er han overflødig. Og den dagen det ikkje går inn på han, då skal han slutte. I utgongspunktet skal han gå i desse gravferdene i eitt år.

I Kristopher Schau sitt essay følgjer me han på seks menneske si siste ferd: Solveig A., Elsa M., Ehsan D., Johannes R., Ernst H. og Bjørn N. vert førde til grava på vegne av venner.

Schau trudde først at det kom til å vera trist. Og det er det, nokre gonger. Andre gonger kjenner han at han verkeleg har vore med på å feira eit liv. Kontrastane vert ekstra tydelege på dagar som den 9. januar:

Elsa M. vert følgt av to naboar og Schau. Presten fortel om ei fargerik dame:

(…) og hun hadde helt sikkert et godt forhold til seg selv, for hun kunne kose seg i sitt eget selskap og gå ut og spise og ikke drive og klage på at hun hadde så dårlig pensjon. I stedet brukte hun den på å gå ut og kose seg og bestille noe godt og være hyggelig med dem som serverte. Og det synes jeg er en veldig fin måte å leve på. Det er jo ikke poenget å samle på seg en masse folk som kanskje er mest opptatt av seg selv, men det er hyggelig å ha gode møter underveis hvor man gir der og da, og deler det man har på veien. Sånn som det er i folkeeventyrene. Da blir man velsignet. Også på sine gamle dager.

Kristopher vert glad, stolt, tenker på bestemammaen sin, og at for nokon gjer det ikkje noko om det ikkje er så mange i livet – livet kan vera godt likevel. Men Ehsan D., som vert gravlagt etterpå, gir eit anna inntrykk. Det er ingen prest. Ingen seremoni. Berre ein organist, som spelar seg gjennom tre nummer. Det tek 14.38 minutt. Ingen veit kven Ehsan var. Dei veit ikkje ein gong kva han trudde på.

Tankane virrar. Gjennomgåande i essayet er Kristopher Schau sin kamp for å gløyme seg sjølv. Han freistar å tømme hovudet før han går inn, for å kunne fokusere på mennesket i kista, og ikkje på jobben eller seg sjølv. Men han tek seg sjølv med i alt, og frustrasjonen trengar seg ut av sidene. Han kan ikkje vera ein stille observatør, og somme gongar klarar han ikkje ein gong å vera observerande. Tankane flyg, han klarar ikkje gje slepp på ting for å vera til stades i kyrkja. Når det vert umogleg skal han avslutte prosjektet. Den 30. april går det ikkje meir:

I det store kapellet er det ei svær gravferd. Det er eit tresifra tal sørgarar. Ved sidan av det vesle kapellet sit det ei jente i fargerike klede med ein hund på fanget. Det skal berre vera dei tre i Bjørn N. si gravferd: Kristopher, jenta, og hunden. For desse fortel presten om ein mann med gode historiar og eit gavmildt hjarte – ein som gjekk på loppis og fann ting til folk han brydde seg om. Og her sluttar Kristopher. For han bryr seg ikkje lenger om historia til Bjørn N., han bryr seg om det tekniske ved seremonien. Det at presten sparar det bibelske til slutt, når han burde ha slutta med å fortelja om personen Bjørn N., den vesle kvite knappen som skrur på mekanismen som fører kista vidare – er ikkje den lik den han brukar på konsertar for å sette i gang pyro?

Schau skulle slutte å gå i gravferdene når han ikkje lenger vart påverka av dei. Det tok fire månadar. Og det respekterer eg. Kristopher Schau gjorde ein jobb, men ville ikkje la det bli til ein jobb – slik organisten og bedemannen gjorde det alt for klart i Johannes R. si gravferd. Eksemplaret mitt er frå 10. opplag. Og det gjer meg glad. For det betyr at mange har latt seg fascinere av Kristopher si ferd. Nokre av seremoniane er fantastiske: det er få der, men presten fortel varmt om eit menneske som har vore i live. Og me kjenner vitaliteten. Det er ikkje eit sørgjeleg tomrom. Og så er det dei som ikkje får den verdigheita ein treng. Eg vel å tenke mest på dei fyrste. Og så er eg glad for at nokon har skrive ned livshistoriene til desse seks. Eg er kanskje ekstra glad for at det var Kristopher Schau. Eg trudde at essayet skulle vera trist, prega av einsemd og alt det som berre vert heilt feil. Men slik er det ikkje. Det er mykje verdigheit. Det er mykje glede. Og det er mykje sinne.

Schau, Kristopher (2009/2013). På vegne av venner. Oktober. 92 s.

8 thoughts on “Bok 30: På vegne av venner

  1. Det er flere år siden jeg leste/skrev om denne, men jeg husker at jeg konkluderte akkurat som deg, med at stort opplag = mange lesere – og det fortjener boka. Tror det var 4. eller 5. opplag den gang. At det har gått helt til 10, i etterkant er jo fantastisk!
    Den er fryktlieg trist da!

    Likar

    • Eg hadde eigentleg trudd at den kom til å vera veldig trist (så ikkje veit eg kvifor eg plukka den opp…), men det er så mange gode stunder. Gravferda til Else M. var for eksempel ei stund der Schau vert overtydd, og i tur eg, om at nokre menneske vel dei liva dei sjølv ynskjer.

      Likar

  2. Denne boken er både trist og god. Jeg leste den i desember 2009, og jeg skal sjekke opplaget i boken min. Flott at det har gått opp til 10ende opplag, for denne boken fortjener mange lesere. Veldig god omtale! 🙂

    Likar

  3. Utover at jeg er enig i alt du skriver her- og det de andre kommenterer, har jeg et av mine favoritt-sitater er fra denne boka:
    «Det eneste som alltid hjelper, er å lage noe.»
    Konkret, enkelt og greit!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s