Den beste bokdagen

Dette er kan hende den beste bokdagen sidan 31. juli 2007 (kva skjedde då, mon tru?). Dette vert difor eit langt, ekstatisk innlegg om ein tur på det lokale antikvariatet.

IMG_20150717_144907

Eg har vore på leit etter ei utgåve av Snorre Sel sidan tidleg i haust, då eg las nokre sider om boka i Norsk barnelitteraturhistorie (for slike bøker les eg, nemleg). Eg skreiv litt om ho i dette innlegget. Biletboka («en fabel i farger for voksne og barn») vart prisa høgt av NS-avisa Fritt folk, heilt til dei skjønte den meir enn antyda bodskapen.

Eg har leita land og strand (ok, eg har leita på internett) etter ei svært spesiell bok. Boka er å finne på fleire antikvariat, men kostar frå 1600-2000 kroner. I utgongspunktet ein grei pris, men det hjelp ikkje på studentbudsjett. Boka har blitt publisert eit par gonger, sist i 2005. Den er utsolgt frå forlaget, og dei kjem ikkje til å trykke opp nye eksemplar. Nokon gong. Og det er synd, for her får du litteraturhistorie, krigshistorie, søte teikningar og ei isolert sett veldig fin barnebok i ein pakke. Sidan eg har vore flink på jobbeferie tenkte eg at det var på tide. Full av von tok eg turen innom Bokstova, som er eit fantastisk antikvariat på Klepp(e), og forsøkte: «Har du ei bok som heiter Snorre S-?» Den pensjonerte soknepresten som driv staden reiste seg og fann boka før eg klarte å fullføra spørsmålet.

IMG_20150717_145437

Ei litt slitt utgåve, men ei fyrsteutgåve frå 1941. Til 200 kroner. For den observante er det ein null mindre enn på internettet. Og for den meir observante – årstalet er ikkje heilt tilfeldig.

Denne fargefabelen har ein skjult bodskap. Berre at den ikkje er skjult i det heile teke, og det er eigentleg rart at NS-folka ikkje forsto det. Då dei skjønte kva boka dreide seg om vart boka verboten i ein fei, og det er som kjent den beste reklamen ei bok kan få. Heilt kort: Snorre Sel sin kvardag vert brått trua av måkene Syn og Segn (SS). Boka er pepra med nazisymbolikk. Frithjof Sælen har til og med sneke inn nokre hakekors. Ein svært populær roman som eg tykkjer seier mykje om at barnelitteratur er mindre uskuldig enn ein skulle tru – dette er motstandskamp i svært søte linjer.

Bokstova har ei god boksamling med svært ulike prisnivå. Seljaren er og ein reser på meirsal, og eg «fekk» med meg ei anna spanande billedbok:

IMG_20150717_145541

Dette er ei andreutgåve frå 1915, med fantastiske illustrasjonar av Theodor Kittelsen. Eg er ikkje heilt sikker på korleis boka er laga, men det var i alle fall ei påkosta utgåve – bileta har vorte trykka for seg og limt inn i boka i ettertid. Ganske tøft. Kittelsen var framsynt, og illustrerar med dette mitt personlege forhold til trening generelt og #SK2015 spesielt:

IMG_20150717_145614

Bokstova te Steinskog er verdt eit besøk for dei som skulle slumpe til å vera i nærleiken av Klepp. Han har kaffien klar og bøker i alle slags prisklassar. Han hentar inn det han sjølv er interessert i, og resultatet er eit antikvariat med eit variert utval bøker, med varierte prisar (alt frå 50 til 15 000).

I full ekstase stakk eg på Norli og fekk med meg denne her:

IMG_20150717_144722

Helga er avlyst, eg held meg inne. Sjalu?

7 thoughts on “Den beste bokdagen

  1. Det er så gøy å finne gamle bøker som en har lett etter lenge! Og til en så behagelig pris! Snorre Selv har jeg bare lest om – i blant annet Norsk Barnelitteraturhistorie (se, det er ikke bare deg 😉 ).
    Jeg er alltid på let etter en Lanterneutgave av Bonjour Tristesse (Vel møtt, vemod) så dersom du er innom bokhuset igjen i løpet av sommeren og du ser den, da må du rope ut.
    Ønsker deg en fin sommer videre, Signe!

    Likar

  2. Så spennande! Eg leita lenge etter eit par bøker for nokre år sidan. Lykka var stor da eg endeleg fekk napp hos Antikvariatet. God sommar! Eg les ikkje Norsk barnelitteraturhistorie, men takk for tipset!

    Likar

  3. Jeg føler at man er på leit konstant etter noen bøker som man kan glede seg over når man finner. Hurra for å finne skatter man har villet ha en god stund. Det var ekstra morsomt at du fant Snorre Sel, ettersom vi diskuterte den her om dagen. Har selv ikke lest den, altså.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s