Bok 31: Go Set a Watchman

watchmanDet er over 50 år sidan Harper Lee byrja på eit oppsiktsvekkande manus. Forlaget var begeistra, men råda henne til å fokusera på barndomsskildringane, og det var desse som etter kvart vart til Drep ikke en sangfugl. Den har eg skrive om her. Resten av manuset vart gøymt og gløymt, men dukka opp på eit loft tidlegare i vår. Dette vart til Go Set a Watchman, som har fått den norske tittelen Sett ut en vaktpost. Romanen tek altså føre seg handlinga etter det originale narrativet, men er ikkje ein oppfølgjar – snarare ein parallell. Forvirrande? Ikkje når ein opnar boka. Småen, Jean Louise Finch, har vorte 26 år gamal. Ho er tilbake i Maycomb county. Sist me møtte henne, sto ho i samla front med bror sin, Jem, og far deira, Atticus. Saman møtte dei småbyen Maycomb med ei klar kjensle om at ein kunne finne Skikkelege Folk alle stadar.

Medan Småen sin Atticus vart eit ufeilbart moralsk kompass, ein mann som alltid støtta seg til objektiv rettferd, er Jean Louise sin Atticus tilsynelatande ein svakare mann – fysisk og moralsk. Alt fell saman når ho finn ut at han har delteke i eit borgarrettsmøte der afroamerikanarane sine aukande rettar vert kritiserte i harde tonelag. Atticus sin demokratiske sans spelar seg ut på ein måte Jean Louise ikkje klarar å forsona seg med. Småen sin Atticus var svært progressiv, Jean Louise sin far er meir tilpassingsdyktig.

Som Småen sto Jean Louise aldri åleine. Om fienden var Atticus, hadde ho Jem. Om Jem hadde gjort henne urett, hadde ho Atticus. Men som regel vart verda trua av sjølve Maycomb, og då hadde ho alltid minst ein av dei. No har ho ingen. Jem er vekke, og Atticus er ikkje den bautaen ho trudde han var. Heile verdsbiletet hennar ligg i kva Atticus har definert som rett og gale, men han er ikkje den ho vil at han skal vera.

The one human being she had ever fully and wholeheartedly trusted had failed her; the only man she had ever known to whom she could point and say with expert knowledge, «He is a gentleman, in his heart he is a gentleman,» had betrayed her, publicly, grossly, and shamelessly.

Lagnaden har lurt Jean Louise på fleire måtar. For det fyrste vart ho skapa til å vera kvinne, men tante Alexandra var den einaste som via det faktum nokon særskilt merksemd – og det er få som bryr seg så mykje om henne. For det andre vaks ho opp med ei ukueleg tru på Atticus. Ho sit med ei kjensle av at heile verda har haldt noko løynd for henne. Alle har venta på at ho skal sjå sanninga, og no ler verda av henne.

Mr. Stone set a watchman in church yesterday. He should have provided me with one. I need a watchman to lead me around and declare what he seeth every hour on the hour. I need a watchman to tell me this is what a man says but this is what he means, to draw a line down the middle and say her is this justice and there is that justice and make me understand the difference. I need a watchman to go forth and proclaim to them all that twenty-six years is too long to play a joke on anybody, no matter how funny it is.

Det moralske kompasset hennar er vekke. Kven kan syne sanninga no? Jean Louise har på mange måter overteke Atticus si rolle. Ho er romanen si moralske røyst. Medan Atticus sin sans for rettferd er festa i den kjølege og observerande trongen til å skjøna alle sider, er Jean Louise sin ein ryggmargsrefleks. Ho skjønar ikkje den verda ho er ein del av, og i alle fall ikkje den delen av verda som heiter Maycomb. Kvardagen hennar heime er prega av ei manglande navigeringsevne som det er lett å leva seg inn i. Alt dette har ikkje gjort noko tidlegare, for ho har alltid hatt Atticus, men no har han – i hennar auge – blitt ein annan. Ho kan ikkje forstå at gode menn kan meine vonde ting, og korkje vil eller kan forstå Atticus sin ståstad når han freistar å forklara kvifor han deltek på slike møter. Han når ikkje fram til ho. Og ikkje heilt til meg heller. Han er på dette tidspunktet ein gamal mann, frå ein gamal tid. Freistar han å forsone gamle og nye verdiar? Er han progressiv for sin generasjon? Har det noko å seie? Er eg ute etter formildande faktorar, fordi eg, i likskap med Småen, er skuffa over at Atticus ikkje er ein person heva over menneskelege feil og fordommar? Dette er ikkje det einaste som føregår i Go Set a Watchman, og spesielt godt likte eg Jean Louise sine tilbakeblikk. Me tek del i eit heller opprivande møte med Jean Louise sin kvinnelegheit, noko ho sjølv ser på som ein dødsdom. Eit liv utan overalls og barnleg fridom er ikkje eit liv verdt å leva.

Go Set a Watchman refererer til faktiske hendingar og politiske rørsler, men for meg vert dette ståande i andre rekke. Kanskje litt fordi mykje av dette ligg i ei referanseramme eg ikkje har. Eg er usikker på om dette ligg i eigne kunnskapshol, eller om det er noko me kan lite om på vår kant – eg voner det siste. Eg veit jo litt om segregering og NAACP, men kjenner til dømes ikkje til dei grunnlovsendringane romanen refererer til. Det politiske vert med andre ord aktualisert gjennom ramer eg ikkje heilt forstår, og dette heftar eg meg med. I mine auge handlar romanen difor mykje om barnet som ser at den feilfrie er feilbarleg. Eg har registrert at romanen har fått ein annan politisk klangbunn i dagens USA.

Romanen er tematisk spanande, men lesaropplevinga halta litt meir. Manuset ber preg av å vera lite bearbeida. Romanen er litt inkonsekvent, både internt og i samband med Drep ikke en sangfugl. Ein kan innvenda at romanen ikkje bør likestillast med den førre, då begge i og for seg er frittståande. Samstundes meiner eg at verka ikkje kan sjåast på som uavhengige av kvarandre. Samanlikningar, rettsame eller ikkje, er naturlege. Sjølv om karakteren Jean Louise Finch er upolert, hadde romanen hatt godt av ein runde med pussekluten. Go Set a Watchman manglar heilskapen Drep ikke en sangfugl hadde. Det tyder absolutt ikkje at romanen ikkje er verdt tida.

Leif Ekle for NRK: Uferdig Harper Lee

Ingunn Økland for Aftenposten: Harper Lee med vaklevorent raseoppgjør

Smakebit frå The Guardian

6 thoughts on “Bok 31: Go Set a Watchman

  1. Meget god anmeldelse, Signe! Ein pusseklut skulle boka hatt, men som eg skreiv i kommentaren på kommentaren din, kven skulle toke den avgjerdinga om kva som burde gjeras med GSAW?

    Likar

    • Nei, det hadde nok ikkje vorte rett, og det at manuset ikkje er ferdig er sjølvsagt interessant på sin eigen måte. Vert ikkje samd med meg sjølv, men det skal seiast at jo fleire timar som har gått etter at eg lukka boka, jo betre vert ho.

      Likar

  2. For en fine omtale, Signe! Jeg har nettopp lest Drep ikke en sangfugl, dog ikke rukket å skrevet om den, men det kommer. Jeg skal lese denne og syntes det er interessant å lese nesten bare fordi det var dette manuset hun leverte til forlaget i første omgang. Jeg vet ikke hvorfor de ikke har bearbeidet teksten for å få den bedre og dette må jeg nesten ta med i betraktningen før en leser, at den kanskje ikke «når» opp til Drep ikke en sangfugl. At du syntes den blir bedre jo lenger tid det er siden du lukket boken tolker jeg som et godt tegn!

    Likar

    • Etter det eg har forstått (for alt som står på nettet er sant, ja?) er Lee ikkje heilt i stand til å redigera sjølv, og det hadde kanskje ikkje vorte rett om ein redaktør skulle ha teke for store grep (eventuelt om ein skulle ha teke inn ein medforfattar). Det er kanskje og litt spanande å sitte med ei kjensle av at ein meir eller mindre les det originale manuset.

      For det meste trur eg at det handlar om kva ein forventar når ein opnar boka. Eg hadde sjølv litt for mykje lyst på ein ny Drep ikke en sangfugl, og det seier seg jo sjølv at det ikkje er det ein får. Ta med eit ope sinn, så trur eg at du vil kose deg likevel.

      Likt av 1 person

  3. Kjempegod anmeldelse, Signe. Jeg er litt skeptisk til denne romanen selv; både fordi jeg liker To kill a mockingbird så godt og falt pladask for Atticus i den (som de fleste andre) og – mest – fordi jeg ikke forstår hvorfor den gis ut akkurat nå, når Harper Lee er gammel og ikke helt klar.
    Samtidig ble jeg mer nysgjerrig etter å ha lest dine tanker rundt den. Så – kanskje?

    Likar

    • Det har jo vorte spekulert i at Lee har vorte utnytta i denne runden. Sjølv sa ho at ho ikkje kom til å publisera noko anna så lenge ho var i live, og det er mange som undrar seg over at ho har samtykka. Eg har blanda kjensler til dette, altså, og tykkjer at det i seg sjølv er ein legitim grunn til å styre unna. Manglande lyst og interesse er sjølvsagt like legitimt! Eg er ikkje så prinsippfast, og lot nysgjerrigjeota ta over. Angrar ikkje på det!

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s