Bok 32: Beauty Queens

“Because «You’re perfect just the way you are,» is what your guidance counselor says. And she’s an alcoholic.”

beautyqueens

Miss Teen Dream er årets happening. Det er ein nasjonal venleikskonkurranse der jenter frå alle dei amerikanske statane kjempar om den gjeve tittelen. Miss Teen Dream er alt ei jente skal vera: vakker, harmonisk, ukontroversiell, tradisjonell og trygg. Så kjem tragedia: Årets Miss Teen Dreamers vert ramma av eit flykrasj, og hamnar på ei tilsynelatande øde øy. Saman må konkurrentane finna ein utveg, og på vegen finn dei ut mykje om seg sjølv. Men fekk de med dykk nøkkelordet «tilsynelatande»? Øya er ikkje heilt øde. Jentene har hamna midt i planlegginga av eit statskupp.

Me møter ei brokete samling jenter: her har de ho som meldte seg på for å driva under cover-journalistikk for skuleavisa, eit transseksuelt boy band-medlem, ein kristen poledancer, ein hard core texanar, og så vidare. Det er skikkeleg artig. Dei går gjennom ei slags utvikling, men viktigast av alt er det som skjer når ein ikkje lenger er konkurrentar, men overlevarar.

Det einaste aberet med lydformatet er at det er vanskeleg å kamuflera dei dårlege og kleine sex-scenane (ja, det vert det, ut med det heteronormative samfunnet etc. etc.), ekstra kleint når ein ferierar i barndomsheimen. Til dømes er ein deltakar eigentleg ein slags varulv; eit vesen som vert driven av ein vill seksualitet som ho har halde skjult så lenge. No som den vernande amuletten forsvann i flykrasjet slepp kreftene fri. Krefter ho alltid har halde skjult, på kostnad av seg sjølv. Men dette er ein roman der jentene tidleg vert samde om at det ikkje er lov å be om orsaking: ein skal stå for og i det ein gjer. Gjennomgåande kan ein seie at her finst det ikkje noko skjult bodskap: den feministiske tråden ligg klart ute i dagen. Mest av alt er det berre morosamt.

Beauty Queens er ein satirisk ungodmsroman. Den er uhøgtideleg og underhaldande. Humoren er overtydeleg, sarkastisk og overberande, og dette gjer seg svært godt. Innafor ei fluffy fjortisramme ligg det mange lag av satire, godt hjulpe av ei mengd fotnotar som gjer seg spesielt godt i lydbokformat. The Corporation kjem med oppklarande kommentarar undervegs, samt kommentarar om kvifor ei hending er passande eller ikkje:

“The Corporation would like to apologize for the preceding pages. Of course, it’s not all right for girls to behave this way. Sexuality is not meant to be this way – an honest, consensual expression in which a girl might take an active role when she feels good and ready and not one minute before. No. Sexual desire is meant to sell soap. And cars. And beer. And religion.”

Haruhi tipsa om romanen etter at eg las ei ganske dårleg lydbok. Eg veit om to søte jenter som har kome til verda, og har nyleg fått meg symaskin. Og når eg gjer ting eg ikkje kan, er det fint å ha ei lydbok som kan overdøyva ubekvemsorda. Timane gjekk fort foran Pfaffen, i selskap med Tiara, Shanti, Edina, Petra, og dei andre. Og, sidan du sikkert er nysgjerrig eg vil skryte, her er resultatet: Reversible forklede, design by mor.

Photo_2015-08-03_04-13-13_PM

IMG_20150803_161753

Audible-utgåva er på 14 timar og 37 minutt. Eg trur faktisk at eg føretrekk lydbokformatet til denne festen her, for måten narrativet vert brote med er rett og slett veldig underhaldande på lyd. Det understrekar det kommersielle og glatte laget i forteljinga.

Og hugs-

It’s always darkest before the ultimate sparkle.

Libba Bray (2011). Beauty Queens. Audible-utgåva.

4 thoughts on “Bok 32: Beauty Queens

  1. Herregud, sexscenene – de hadde jeg helt glemt 😂

    Fint å se at du koste deg med boka. Nå måtte jeg tenke gjennom dette med fotnotene igjen – og kanskje du har rett, de ville fort ha blitt litt usynlig i papirformat.

    Likar

    • Ja, det kunne verta rett så kleint til tider. Ein periode sat eg til og med med headset på fullt kjøkken!

      Fotnotane forsterkar den kitchy tonen, med Disney-pling og det heile. Og reklamepausar i boka!

      Likar

  2. Håhoi, takk for tipset! Og for nokre søte klede. Eg har ein eviglang draum om å lære meg å sy, trass i at eg strauk på symaskinsertifikatet i 4. klasse på barneskulen. Eg kjøpte symaskin i 2003, ho sto urørt i skapet før eg gav ho vekk til svigermor for eit par år sidan. I fjor kjøpte eg nok ein gong ei symaskin og innbilte meg at no, NO skulle det skje. Ho står der framleis. Urørt. Jaja, eg les i alle fall bøker. Ikkje verst, det.

    Likar

    • Eg strauk faktisk til same prøven! Eg arva ei flott maskin, trur ikkje at eg hadde turt å kjøpe ei til meg sjølv pga sviktande skills og varierande interesse. Men det er veldig kjekt å ha, i alle fall når det kjem noko søtt frå det. Men det viktigaste er jo å kunne sei «symaskin? Sjølvsagt har eg det!». Då kan ein smykke seg med poeng av mange slag. Men ein får nok ikkje så mykje intellektuelt påfyll av «symaskinbøker» som BQ. Artig var det læll!

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s