Bokhyllelesing: eit tapt tiår

No kom tida igjen. Bokhyllelesing. Ei fantastisk utfordring, mykje på grunn av dei varierte utfordringane. Nokre har skapt litt hovudbry (skodespel frå Antikken), medan andre har sett veldig lette ut. Temaet for denne runden var ei bok frå 1990-talet. Piece of cake. Berre at…

Eg ikkje bøker frå nittitalet i bokhylla. Store mengder frå 2000-talet, men kva gjorde eg på nittitalet? Eg var sannsynlegvis oppteken med TL-bøker og eksperimentering med glittersminke. Eg las mykje, veit eg, men dei bøkene har i alle fall ikkje blitt med i den vaksne bokhylla. Utanom desse:

IMG_20150813_221720The Philosopher’s Stone (1997), The Chamber of Secrets (1998) og The Prizoner of Azkaban (1999) viser at nittitalet ikkje berre var ei opplading til mine personlege glansdagar, men og ei tid der eg vart introdusert for – om ikkje min første, så i alle fall den største – litterære kjærleik. Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har lese dei, men permane syner at det har vore ein heil del slitasje – og at restaureringsevnane mine vart betre med tida (The Goblet of Fire vart fiksa med markeringsteip, The Half Blood Prince heng ikkje saman i ryggen, og The Half Blood Prince og The Deathly Hallows er fiksa med kontaktpapir). Lagt saman med gjennomhøyringar av lydbøkene (både Jim Dale og Stephen Fry – føretrekk den siste) kan eg trygt sei at eg har lese kvar bok rundt 20 gonger kvar. Det er ein heil del. Dei har fulgt meg lenge, gjennom mange stemningar, gjeremål og livssituasjonar, og det å skrive meldingar om bøkene som ein del av utfordringa ville ha vore juks. Eg vil likevel sei litt. Me følgjer Harry frå han vert 11 til han vert 17, frå han er born til han vert vaksen. Det er interessant å sjå at denne prosessen ikkje er saumlaus.

I ein lang periode likte eg dei siste fire bøkene mykje betre enn dei tre første. Sikkert mykje fordi Harry er vaksnare, og det er lettare å identifisera seg med ein ungdom enn eit born. Desse romanane ber og mykje mindre preg av å vera barnebøker enn dei tre eg skal sei litt om no. Eg har fått meir og meir sansen for dei første etter kvart. Det er framleis ein del putemoment i dei – eg kan godt spole forbi Dobby sin visitt, utan å føle at eg har gått glipp av så mykje. Men eg trur at noko av det eg likar godt med dei er Harry sin utvikling: verda hans går frå å vera enkel (vanskeleg, javisst, men framleis enkel) til mangefasettert.

Harry Potter and the Philosopher’s Stone er etter mi meining den boka der Harry er den klåraste helten. Han har framleis ikkje gjort nokon skikkelege bragder, utanom det å overleva noko han ikkje visste hadde hendt. Han er sympatisk, vert driven av ein klar moral lesaren aldri tvilar på. Han har ikkje rukke å bli VERSAL-HARRY, han som har traumatiske opplevingar, interne dilemma. Denne Harry lev i ei undring over ei ny verd. Akkurat når han har det som verst, undertrykka og mishandla av tanta og onkelen sin, vert han teken vekk. Han er eigentleg ein trollmann. Verda han går inn i er magisk, og ikkje berre bokstaveleg – det mest magiske av alt er at han har funne ein plass han høyrer til. Han får noko som liknar på ein familie, han får vener, og magien gir røynda eit vakkert og fargerikt slør. Sjølv ikkje livsfara han befinn seg i kan skaka på det vidunderlege livet Harry har fått. Og løysinga på fara kan og berre liggje her: det er Harry sin godskap og usjølviskheit som gjer han i stand til å hindre Voldemort i å ta form. Harry er 11, og handlar som eit barn, men han handlar alltid rett.

I Harry Potter and the Chamber of Secrets forsvinn mykje av barnet, og me møter ein ungdom. Han er kjekkare, har meir sjølvtillit, og avstanden til autoritetar gjer seg gjeldande. Han bryt reglar, og til skilnad frå den første boka kan ikkje handlingane alltid forsvarast ut frå ein moralsk ståstad. Den indre verda til Harry Potter vert meir kaotisk, og det er meir enn hans eige liv som står på spel. Medan Stone bar preg av å vera ein mann-mot-mann-kamp, er det nå heile Hogwarts som må beskyttast frå ein ukjend trussel – men Harry vert sjølv skulda for å stå bak ulykka. Han vert ikkje lenger oppfatta som ein god, snill gut, men ein gut med ukjende anar og skumle evner. Og kan Harry vera så sikker på at alt er som det skal vera, når han faktisk delar sjeldne gåver med Voldemort sjølv? Sorteringshatten meinte jo at Harry hadde gjort det godt i Slytherin? Potter er framleis ganske eindimensjonal, men verda i Chamber er ganske annleis frå Stone. Magien har mista sin magi, og uskulden svinn.

Harry Potter and the Prizoner of Azkaban er Harry på sitt mest personlege. Dette er den einaste boka der Voldemort ikkje er (direkte) involvert. Denne forteljinga handlar nemleg ikkje om den store trollmannskrigen, men om kva som skjedde med Harry sine foreldre. Stakars gut, forresten – kvifor er det aldri nokon som set seg ned med guten for å fortelje han si eiga historie? Han finn ut brotstykke hist og pist, medan han snik seg rundt under The Invisibility Cloak, han må tolke slengkommentarar frå erkefienden, og leggje alt saman sjølv – med varierande hell. Men ein ting veit han: foreldra til Harry døydde fordi dei vart forrådt av sin beste venn. Slik historien spelar seg ut vart det umogleg for meg å sjå forbi parallellane til Harry sin eigen venekrins. Eg skammar meg no over å ha mistenkt Neville Longbottom i årevis – fortel meg at det ikkje berre var eg som såg til den kanten? Azkaban er etter mi meining den boka som skil seg mest frå dei andre bøkene: ho handlar aller mest om Harry sjølv. Voldemort held på med sitt eige, men Harry får vite meir om kvar han eigentleg kjem frå. Han må ta tak i sine eigne kjensler då han forstår kvifor dementorane har så mykje større verknad på han enn dei andre. Til skilnad frå dei andre borna kjenner han nemleg til både ekte sorg og skrekk. Ikkje eingong venene hans kan dele desse kjenslene med han. Harry står brått veldig åleine. Og i denne romanen finn han ut kvifor det er slik: gong på gong må han høyre foreldrene sine døy, medan foreldra sin drapsmann jaktar på han. Og Harry vil at Sirius Black skal finne han.

Azkaban kjenst nokre gonger som eit pausespel, eit intermesso før langt meir traumatiske og dramatiske hendingar. Samstundes er det dette som er Harry si fortid. Han finn ikkje så mange svar, men han finn mange nye spørsmål, og desse kjem til å prega handlingane hans i lang tid framover. Harry får møte sine eigne demonar før dei tek overhand. For det er lite igjen av den vesle helten etter dette. Spesielt frå Order of the Phoenix og utover er Harry sint, usympatisk, overdramatisk. Han har forsåvidt god grunn til alt dette, men for meg vert tenåringsangsten og dei store bokstavane litt for mykje av det gode. Eg klarar ikkje å skilje bøkene frå kvarandre, og kan ikkje velje ut favorittar, men premilleniums-Harry er veldig ulik milleniums-Harry. Han har ikkje opplevd å kjenna skuld for eit anna menneske sin død. Han har ikkje opplevd meiningslause drap, han har ikkje sett folk bli slakta berre fordi dei var i vegen. Han får lov til å ha bitar av barndomen sin, og har framleis ikkje skjønt at alt faktisk er avhengig av han. Han veit ikkje at han skal redde heile verda. Han veit berre at det skjer noko her og no.

På nittitalet hadde Harry framleis ein tillit til den nye verda han så brått vart ein del av. Han hadde ikkje fått grunn til noko anna. Han stolte på venene sine, og blomstra saman med desse. Bøkene er dramatiske, men optimisiske. Og til skilnad frå glittersminken, Baby Spice-halane (veldig vanskelege å få til med kort hår) og den oppblåsbare ryggsekken, var dette det mest permanente eg fekk frå nittitalet: ein stor kjærleik til verda til ein liten, einsam gut.

7 thoughts on “Bokhyllelesing: eit tapt tiår

    • Altså. Eg veit. Eg skammar meg. Eg likte alltid Neville, men i byrjinga hefta eg med mykje med likskapane mellom han og Pettigrew. For dei er jo der – Neville startar som ein litt stakkarsleg karakter, rund og ubegåva og ein som står i skugga til venene sine. Med den avgjerande skilnaden at Neville aldri vel vener etter kor sterke dei er, men etter kor snille dei er. Neville syner seg jo å vera den mest badass personen i heile verda. Det burde eg ha forstått allereie i The Philosopher’s Stone («It takes a great deal of courage to stand up to your enemies, but even more to stand up to your friends»), men det gjorde eg ikkje. Eg brukte nokre år på å vera redd for at han skulle vera like feig som Pettigrew.

      Sadface.

      Likt av 1 person

  1. 1. Jeg hadde også problemer med å finne bøker fra 90tallet i hylla, men ennå større problemer med å finne europeiske novellesamlinger fra 1900tallet. ((Og forøvrig har jeg jo falt helt ut av hele opplegget))

    2. Neville?! (Innser nå at den mistanken sikkert var en mistanke det var meningen at vi skulle ha, og vet ikke egentlig om jeg burde være så fornøyd med at det ikke falt meg inn).

    3. Jeg må få hørt lydbøkene snart.

    4. All ropingen gjorde meg ille berørt selv når jeg var tenåring selv.

    5. Azkaban ❤

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s