Bok 34: norsk sokkel

Norsk-sokkelDet er berre nokre få timar sidan eg skreiv om Norsk sokkel (då som smakebit). Eg hadde ikkje tenkt at det skulle gå så fort, men boka er både lett- og fortlesen, utan at det går ut over kvaliteten. For det er ei interessant bok. Tittelen er tonegivande: Eg tenkte både på velferd, rikdom, sjølve samfunnsstrukturen, men og tyngda – stabiliteten i samfunnet og i folkesjela. Det skal ikkje meir til enn to ord for å engasjera ein norsk- og samfunnsfagslærar! No skal eg ikkje overdrive systemperspektivet, for det utgjer berre ramma, men ikkje sjølve forteljinga. Kvart kapittel vert introdusert ved ei eller anna forskrift, men dei me møter er menneske som alle på eit eller anna vis må forhalde seg til velferdsstaten. Kontrasten mellom den byråkratiske offentlegheita og den som offentlegheita skal verna vert understreka. Det er ikkje ei samfunnskritisk bok, men ein roman om kvardag. Me møter han som skjønar at mora må på heim, dei som ventar på fosterdiagnostikk, jenta som ikkje klarar å tilpassa seg fosterheimen, sosionomen som ikkje klarar å nyte sydenturen fordi ho tykkjer så synd på alle. Me er i Hellas, på Jessheim, i Sogndal.

– Se, sier hun. – Se hvor høyt sola står over fjellene.
Han ser på ansiktet hennes, de tette rynkene som springer på kryss og tvers, så trekker han pusten og strammer hånda rundt armlenet på stolen hennes.
– Vi må vel snakke litt også, vi, mor, sier han.
– Ja? sier hun.
– Om framtida.
– Framtida?
– Om hvordan det skal bli her – framover.
Hun ser mot sola og løfter den tynne, knoklete hånda si. Sakte og skjelvende drar hun den under nesa.
– Ja, sier hun. – Vi må vel det.
Enda en gang drar hun hånda under nesa, og når hun senker den, faller den ikke tilbake i fanget, isteden lander den mjuk og varm på armlenet, over hånda hans.
– Men vi kan vel sitte litt sammen her først? sier hun.

Det finst vel ikkje noko meir klinisk og ubehageleg enn å forsona seg med at mor si har vorte for gamal til å vera heime åleine. Men det vert skildra med varme, utan dramatikk og moralisering. Denne tonen går gjennom heile romanen. Det er korkje ein hyllest eller ein kritikk til samfunnet, men ein illustrasjon av korleis det er å vera ein person som møter dei moglegheitane som ligg innafor velferdsmodellen. Men kva skjer når denne modellen skakar heile livsfundamentet? Når heile livet ditt dreiar seg kring å skjula at ektemannen din er alkoholiker, når han får eit fantastisk behandlingstilbod, og du plutseleg må bekymra deg for at han skal forlate deg?

Ein vert godt kjend med dei ulike forteljingane, og lagnadane er vel mest gripande nett fordi dei er så kvardagslege. Dei står ovanfor heilt ordinære livskriser, ingenting å melde om i korkje julebrev eller aviser. Ikkje alt er like spanande (det vert til dømes via litt vel mykje tid til ein som eigentleg berre må skikkeleg på do), men dei gode momenta overdøvar det mindre interessante. Sjølv om systemet er ramma for forteljinga, er det slett ikkje byråkrati eller samfunnsstruktur som er temaet. Ho problematiserar ikkje velferdsstaten, men skildrar korleis det er å vera ein del av den. Språket flyt godt, men er kanskje litt prega av hastverk. Det dukkar opp irriterande skrivefeil her og der, og det heftar eg meg med. Det er noko med stein og glasshus og sånn, men ein bør kunne venta at ein publisert roman er godt språkvaska før ho kjem på trykk.

Heidi Linde (2015). Norsk sokkel. 293 s. Leseeksemplar. 

4 thoughts on “Bok 34: norsk sokkel

  1. Jeg skulle ønske du var enda mer entusiastisk, for denne boken har jeg også tenkt å lese, og så har jeg sett for meg at den kan komme høyt opp på nomineringen til Bokbloggerprisen.. Selv om du likte boken så er det synd med språkfeil, og det er jo noe som du ser lett som norsk-lærer, mens som jeg som er bare vanlig kontorist ikke ser 🙂

    Likar

    • Det var ikkje meininga å vera uentusiastisk! Sidan eg las boka frå perm til perm på ein dag må eg ha likt ho godt 😊

      Eg heng meg fort opp i slurv (igjen, stein/glasshus), og det er dumt. Men vil tru at forlaget ryddar opp til neste gong, for eg reknar med at det vert fleire utgåver av denne.

      Likar

  2. Heisann- her var det jammen en (for meg) ny og spennende blogg!
    Jeg syns du beskriver denne boka veldig godt! Jeg hørte den som lydbok, og den opplagte fordelen (i tillegg til at man får tid til mer av både litteratur og annet) er at man ikke får med seg slurvete skrivefeil. Det er klart man skal ha høyere forventninger til ei gjennomarbeida og ferdigtrykt bok enn til f.eks en privat bokblogg! For tida har jeg mer enn nok med å spa opp nok selvdisiplin til å skrive omtaler, og vet at om jeg i tillegg skulle bruke energi og tid på korrekturlesing, hadde det ikke blitt noe i det hele tatt… En risikosport når man må klare seg med iPad med i overkant ivrig ordstyrer. Man må ta noen sjanser ;o)

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s