Bok 35: Sweet Forgiveness

biv8-square-400

Den siste tida har vore prega av eit heftig (men godt!) møte med vaksen- og arbeidslivet, og ettermiddagane har stort sett anten innehaldt eit febrilsk forsøk på å halde oppe eit sosialt liv, eller sikling framføre Netflix. Eg hadde tenkt at eg skulle få lesa på toget, men det ser ut til at eg ikkje vaknar sånn «offisielt» før toget er framme uansett. Lite overskot til lesing, sjølv om eg har fått nokon fantastiske bøker i posten. Sånn går dagan! Eg kjem nok inn i rytmen snart, både når det gjeld lesing, blogg og arbeid. Men det går fint å få med seg forteljingar, uansett kor travelt ein har det. Når ein for eksempel må vaske leiligheita si sjølv, og oppdagar at det er noko ein faktisk bør gjera jamnt.

For ei tid sidan las eg ei chick lit-bok som eg var frykteleg begeistra for. The Life List av Lori Nelson Spielman har alt det som kjenneteikner sjangaren på sitt beste (eller verste, alt etter som ein ser det): ei interessant forteljing, ei rørande framdrift, pakka inn i ei lett og underhaldande ramme. I tillegg var ho gripande og trist på alle dei rette stadene. Eg skal ikkje lyga: Eg grein til og med ein liten skvett. Eksemplarisk! Eg var difor nysgjerrig på dei andre bøkene hennar, og lasta ned den ganske nye Sweet Forgiveness. Ikkje så begeistra for denne.

Me er i New Orleans, der Hannah er ein framgongsrik talk show-vert, ho dater byens ordførar, ho har flotte klede, ein ny jobb er i sikte, og livet er eigentleg ganske perfekt. Nesten. Hannah har ikkje snakka med mor si på fleire år. Då ho var tenåring kom faren og henta henne, vekk frå mora som såg vekk når stefaren burde ha gjort det. Ho hugsar framleis den eine kvelden, ein kveld ho låg og sov og stefaren kom for å bera ho i seng. Ei hand som kom dit faderlege hender ikkje skal vera. Kjærasten rår henne til å tenke på imaget, og ho pakkar historia si vekk. Ingen treng å vite om skamma hennar. Heilt til tilgiving vert årets største ord.

Nokon har kome opp med eit konsept som gjer at ein enkelt kan be om orsak for store ting. Du kan sende eit lite brev og ein stein (tilgivelsesstein) til nokon du har gjort urett. Om mottakaren aksepterar orsakinga, skal han eller ho sende sin vesle stein til nokon han eller ho har gjort galt mot. Heng de med? Ringverknadane er store, og desse steinane vert ein del av ein nasjonal bølge. Hannah sitt talk show må definitivt dekka denne stormen av varme kjensler! Men Hannah treng å sende ein stein sjølv – eller kanskje ho treng å få ein.

Minnet om mora gir ikkje slepp. Hannah skjønar ikkje kvifor mora valte å stole på stefaren, korleis mora berre kunne la ho gå. Men det er kanskje på tide å tilgi likevel? Det er kanskje på tide å be om orsaking? Og det minnet ho har, har ho tolka sanninga rett? Kanskje det berre var eit uhell, noko ho som tenåring la alt for mykje i? Ho må finne mor si. Forteljinga handlar om mange typar kjærleik, om binding av brotne band, og potensialet er der. Men Spielman når ikkje heilt fram. Det er kanskje ekstra skuffande i og med at forfattaren tør å ta opp eit så tabubelagt emne. For det fyrste: overgrep mot tenåringar. For det andre: det å vakse opp med ei uvisse om kva som faktisk skjedde. Lesaren får heller ikkje nyss i kva som faktisk skjedde før i den siste timen.

Hannah sitt indre dilemma – skjedde det faktisk, eller skjedde det ikkje? Og om det ikkje skjedde, korleis skal ho kunne møte alle dei liva ho har øydelagt medan ho tvihaldt på ei sanning som kanskje ikkje finst? – er svært gripande. Men Hannah er passiv, og handlinga er flat heilt opp mot slutten. Då vert det til gjengjeld ei ganske god historie, men ikkje god nok til å vare i 10 timar. Eg keia meg undervegs. Karakterane vart for eindimensjonale til å passe til temaet, og boka ber preg av for høge ambisjonar.

Men eg fekk no i det minste vaska badet.

Lori Nelson Spielman (2015). Sweet Forgiveness.9 t, 50 min. Audible.

2 thoughts on “Bok 35: Sweet Forgiveness

  1. Hvorfor har jeg ikke vært her før? Jeg skal helt klart fortsette å komme innom fremover, flott blogg og spennende bokvalg. Jeg ble nysgjerrig på Norsk Sokkel. Sees vi forresten på bokbloggertreff i Oslo om få dager?

    Likar

    • Takk for koseleg kommentar! Det vart litt langt til Oslo denne gongen, så det vert ikkje bloggtreff på meg. Men eg trur nok at det vert (meste) like kjekt likevel, altså.

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s