Litt om litteratur frå her og der

Artiklar og podcastar som har fanga merksemda mi dei siste vekene:

Get real. Terry Pratchett is not a literary genius. Det går eit gisp gjennom internettet når Jonathan Jones skriv at «our obsession with mediocre writers is a very disturbing cultural phenomenon.

Da ungpikene fikk en fortellerstemme. Kristin Ørjaseter skriv om ungpikeromanar som gjekk ut over dei kjønnsgrensene dåtida satte for det kjønnet som på den tida absolutt vart sett på som «Det svake».

Kulturhuset møter Henning Hagerup (podcast). Henning Hagerup har nettopp gitt ut den littearturktisike essaysamlinga Metafysisk skrapjern, på eit såpass «normalt» (i tydinga ikkje-akademisk) forlag som Kolon. No er vel ikkje Kolon akkurat eit forlag med popularitet som førstepri, men eg er likevel nysgjerrig på om dette tyder at litteraturkritikk kan famne utanfor små instituttgangar. NRK spør: treng me litteraturkritikk? Eg reknar med at spørsmålet er retorisk.

Talen Agnar Mykle aldri holdt (podcast). Agnar Mykle sin famøse rettssak. Moro for oss, fleire tiår etterpå (særskilt i TEJ, Tida Etter Jordbærmus). Absurd for dei som levde midt oppi det.

Against YA. Kvifor du, som vaksen, burde skamma deg over å lesa bøker meint for unge vaksne (les: born). Min kommentar til dette burde vera openbar.

Gissa job! Writers on the dole. Britiske forfattarar mimrer tilbake, og gjer oss sitt syn på den svaltande skribenten.

3 thoughts on “Litt om litteratur frå her og der

    • Var det eg som vart klaga for snobberi no? Om du tek ein kikk på bloggen vil du sjå at det er rikeleg med innlegg i ungdomskategorien. Artikkelen er likevel morosam, og var opphav til ein ganske interessant debatt med fleire spanande bidragsytarar.

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s