Smakebit: Kjønn og ukjønn. Ordhistoriske essay.

9788252188196Dårleg samvite. Veldig dårleg. No har bloggen vorte lagt på hylla, men ikkje permanent! Akkurat no er størsteparten av lesetida via til ein saftig rettebunke, og til og med den får mindre merksemd enn ønskeleg. Eg har ikkje vore så flink til å følgje med, rett og slett, men har jo eit slags von om å kome attende. Og no er det haustavspasering, og eg tek meg ein liten pause frå pinterest for å sjå litt blant bøkene.
Eg kjøpte ei ny bok her om dagen, og sjokkerande nok vart det ikkje skjønnlitteratur, men ei samling ordhistoriske essays som dreiar seg kring kjønn. Kjønnlitteratur? Kristin Fridtun er utdanna filolog frå NTNU, og har mellom anna vore spaltist i Dag og tid. Dette er den tredje boka hennar. Hens.  Kristin er transseksuell. Og allereie her vert eg litt stressa når det gjeld eigen ordbruk. Fridtun er ikkje ein mann i en kvinnekropp, hen er Kristin.

Fridtun byrjer med å skildre ei uvanleg sjelsetjande oppleving i møte med Ivar Aasen si Norsk Ordbog, der Aasen sjølv skriv om kjønn. Til sist skriv han at «Ordet er lidet brugeligt». Kristin veit då at hen er midt i «ein skiljesetjande augneblink»:

Me kunne godt ha sagt at dette var å overreagera kraftig, om det ikkje var for at eg i forkant av denne hendinga hadde lege i langvarig strid med nettopp ordet kjønn. Me gjekk ikkje særleg godt i lag, noko eg forstod allereie på barneskulen. No i ettertid er det vanskeleg å seia presist kva kjønn og eg var usamde om, men om me tenkjer oss at den elles hjelpsame barnelærdomen hadde eit stort hòl, og at eg på eit eller anna vis forsvann i dette hòlet, er me på sporet av noko. For det høyrer med til barnelørdomen at me deler folk og dyr inn i kjønn: gut-jente, okse-ku, hane-høne. Det høyrer òg med til barnelærdomen at det finst to kjønn: han-ho, mann-dame (eg har enno til gode å høyra ein unge bruka ordet kvinne). Derimot høyrer det ikkje med til gjengs barnelærdom at det er mogleg å kjenna seg som båe kjønna, eller ingen av kjønna, eller noko anna. I allefall var ikkje dette vanleg kunnskap blant ungar i Østerdalen på 1900-talet. Ut frå det eg hadde lært om verda, var eg ein kav uforståeleg, umogleg, utenkjeleg skapning.

Dette er ikkje ein biografisk tekst, men Fridtun bidreg med personlege innskot her og der. Dette gjer at boka er meir enn ei etymologisk samling om eit spesifikt tema, men eit bidrag til ei verd det er lite forståing for. Dette set ein heil del tankar i sving: for meg er kjønnsidentitet viktig, utan at eg heilt veit kvifor. Kanskje litt nett fordi eg passar så godt inn i akkurat dette? Heteroseksuell cis-kvinne, gu» kor praktisk. Eg gler meg til vidare lesnad.

Fleire smakebitar finn du hjå Flukten fra virkeligheten. 

Merknad: Eg og forfattaren delar ei dunkel fortid som studentar ved same institutt, som nok har vore ein medvirkande faktor til dette bokkjøpet. Eg vil likevel kalle meg upartisk.

6 thoughts on “Smakebit: Kjønn og ukjønn. Ordhistoriske essay.

    • For ein spanande temadag! Det er forfriskande å måtte snu litt om på korleis ein oppfattar normene i samfunnet. Spesielt dei som har vorte så internaliserte for sånne som meg, som passer fint inn i «kjønnssystemet» og aldri treng å ta noko særleg reflekterte val rundt kjønnsidentitet.

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s