Master! Tilgjengeleg på ein datamaskin nær deg.

No er det eit par månadar sidan eg kunne smykke meg med tittelen «litteraturvitar» (og kan ein eigentleg det med ein liten mastergrad?). Her kjem det som truleg vil vera siste masteroppdatering.

Fleire har etterspurt masteroppgåva mi, og i går fann eg ut at den ligg ute på nett! Med abstract og søkeord på nynorsk har eg gjort det ganske umogleg å oppdage oppgåva tilfeldig, så eg vart ganske overraska då statistikken viste at ho har vorte lest fleire gonger. Og truleg ikkje av vener, foreldre eller stalkerar. Eg kan sjølvsagt ikkje garantere for det siste.

I og med at nokon av dykk har ynskja å få link til oppgåva når den er tilggjengeleg, tenkte eg å leggja den ut her. Det kjenst allereie litt pinleg, eg har ikkje turt å sjå i masteroppgåva etter levering, og eg veit ikkje om eg kjem til å gjera det på ei god stund enno. Det kjenst skummelt å legge ut linken her, men den er no allereie ute i den digitale verda uansett.

Eg har, kort fortalt, analysert Faen ta skjebnen, Den forsvunne helten og Divergentut frå Butler sin teori om performative handlingar. Ein performativ handling er ein produktiv og samstundes reproduktiv kjønnshandling. Slik, har eg undersøkt kor vidt dei mest lesne ungdomsromanane i 2014 var påvirka av tradisjonelle kjønnsrollemønster. Ein openbar veikskap er at eg då måtte definere desse mønstera sjølv. Eg har delvist basert desse mønstera med bakgrunn i den tradisjonelle Bildungsromanen.

braut3 (1)

Nye kvinnemønster i populær ungdomslitteratur? Ein komparativ analyse av tre ungdomsromanar. 

6 thoughts on “Master! Tilgjengeleg på ein datamaskin nær deg.

  1. Gratulerer! Så moro! Men jeg skjønner at det er litt skummelt også. Syns uansett du bør være stolt, tenk på alt arbeidet du har lagt ned for å få til dette!

    Likar

    • Ja, eg trur nok det kjem til å ta ei lang stund før eg vert komfortabel med det. Men arbeidet var veldig interessant, om enn litt altoppslukande. Tilrår master i nordisk til (nesten) absolutt alle, det er eit privilegium å få nørde så hardt så lenge.

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s