Bok 36: Every Last Word

23341894Samantha McAllister er populær. Ho er i den gode vennegjengen alle vil vera ein del av, men som alle er redde for. Ho har utsjånaden, og ho kan reglane. Men Samantha har OCD. Ho kjempar mot ulovlege tankar (kva om eg satte kniven mot halsen til venninna mi?), og ein hang til talet 3. Dette held ho hemmeleg, redd for at fasaden skal sprekke. For ho veit kva som skjer med den som vert støtt ut frå The Crazy Eights. Samantha held hardt på fasaden, men ser at ho med all sannsynlegheit vil vera neste mann ut. Og kven er ho om ho ikkje er populær?

Medan Sam står ved skuleskapet, legg ho merke til nokon ho ikkje har sett før. Caroline ser rar ut. Ikkje eit snev av sminke, ei slitt t-skjorte med tekst på (if you could read my mind, you wouldn’t be smiling). Likevel er det noko som gjer at dei to vert vener, typ med ein gong. Caroline ber Sam om å møte henne i lunsjpausen. «Om du er slik eg trur du er, kjem dette til å forandre livet ditt». Og det gjer det. Caroline introduserar Sam for Poet’s Corner. Diktarhjørnet er ein gjeng med misfits som samlast for å framføre eigne dikt. Mellom anna ein kjekkas som heiter AJ, som av heilt ukjende grunnar ser ut til å verkeleg hate Samantha.

Samantha vert etter kvart innlemma i Diktathjørnet, og får eit hemmeleg tenåringsliv som ho ikkje kunne ha drøymt om. Nokre gonger er det meir spanande å vera på utsida enn på innsida. Men mens Samantha sjonglerar forelsking, venninnedrama, og det å finne seg sjølv, har ho ein ekstra tung ball: tvangstankane som ingen må finne ut av.

Every Last Word er ei ganske rett-fram tenåringsbok, utan mange krumspring i nokon retning. Om ikkje direkte keisam, var forteljinga heller ikkje spesielt givande. Heilt til slutten. Her skal eg ikkje røpe så mykje, men eg kvikna til midt i søndagsvasken og måtte rett og slett lytte litt. Spenningspunktet er fabelaktig. Om det er verdt dei 7 timane det tek før ein kjem dit, er eg ikkje heilt sikker på.

Tamara Ireland Stone (2015). Every Last Word. Lydbok.

2 thoughts on “Bok 36: Every Last Word

  1. Fniste til – diktathjørnet – det hørtes virkelig superkult og hardtslående ut. Regner med det skulle være motsatsen til røykehjørnet – eller noe?? Masteroppgaven skal leses i et roligere øyeblikk, høres svært spennende ut – og for å ta alle innlegg i et – det kjønnsboka skal jeg med tid og stunder lese. Trenger virkelig flere essaysamlinger i statistikken – ikke for det at det er den eneste grunnen…

    Likar

    • Haha! Diktathjørnet er faktisk det eg kallar klasserommet mitt for. Eller. Skal byrje å kalla det for.

      Har ikkje kome så langt i Kjønn og ukjønn, men eg tykkjer at ho er skriven på ein oversiktleg og tydeleg måte. Lett å henge med, sjølv for ei som vanlegvis nytter tida til trashy ungdomslitteratur.

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s