Her er eg

Eg er framleis i live.

Eg har kjøpt eigen bustad, og har difor flytta for andre gong på tre månadar. Stor stas. I påvente av draumebokhylla (ein draum for meg, ikkje lommeboka) står bøkene i diverse vindaugskarmar og koffertar. Livet mitt tek med andre ord store og spanande svingar om dagen, og for å velje ut eit drastisk punkt: Eg har fått meg fjernsyn. For fyrste gong sidan… Vel, eg har faktisk ikkje hatt eige fjernsyn før. Og det er ikkje fordi eg ikkje er glad i sjå på TV – eg elskar det.

Det seier seg sjølv at produktiviteten går ut vindauget når a) fjernsyn og b) full jobb (usikker på rekkefølgjen). Om det ikkje hadde vore for at fjernsynet har ein funksjon som gjer at det skrur seg av av seg sjølv etter fire timer med inaktivitet er det truleg at eg aldri hadde kome meg ut huset. Livet leikar, og eg har vorte oppteken av fargeprøvar og støvsugartypar. Men lesinga… Der har eg dårleg samvite. Men no, NO skal eg lesa. For eg fekk så frykteleg lyst til å lesa ei bok i ein serie… Etter å ha sett den fyrste forteljinga på TV.

Så enkel er eg.

Men no ligg Kindlen og ladar seg (fysiske bøker har eit STORT fortrinn, og det er at dei aldri går tom for batteri! I alle fall ikkje før eg gjer det!), og snart skal eg ta fatt på The Return of Prince Caspian (som eigentleg er den andre eller tredje boka i serien, alt etter korleis ein reknar – etter Løven, heksa og klesskapet, før Reisen til det ytterste hav).

Eg er her, altså.

Ville berre sei frå.

4 thoughts on “Her er eg

    • Eg og! Per no ligg «den draumen eg ber på» i 20 000 kroners-klassen, så det vert kanskje ikkje Stringhylle frå vegg til vegg 😉 Vindaugskarmane dug greit slik det er no, men kanskje nyttårssalet inneberer andre nette bokhyller til ein nettare pris!

      Likt av 1 person

      • Jeg synes det er veldig fint med bøker i vinduskarmene også, så ja takk til bilder av det og :-). 20 000 kr hyller høres virkelig ut som en drøm! Jeg sverger enn så lenge til Ikea og Billy.

        Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s