Bok 39: The Waste Lands and Other Poems

Siste runde i bokhylleutfordringa: Eg har rimeleg dårleg samvite for å ha juksa i runde 6 og skulka 7 og 8, men snik meg likevel med i æresrunden: eit verk av ein nobelprisvinnar. Marquez står framleis og samlar støv i vindaugskarmen, for eg hadde lyst til å lesa noko heilt anna akkurat no. Når det gjeld lesing tykkjer eg at det er greitt å omfamne min låge impulskontroll og manglande evne til konsekvenstenking. Sorry, Gabriel, no vart det lyrikk, og det vart TS Eliot.

TS Eliot var ein sjukeleg, nevrotisk britisk-amerikanar som tydelegvis berre var tidvis lukkeleg. Alt låg til rette for ei karriere som modernist. Han fekk Nobelprisen i litteratur i 1948 for sitt «outstanding, pioneer contribution to present-day poetry». Ikkje små ord, men dette var heller ikkje ei lita merksemd.

Sjølv om eg har lyst til å protestera mot førestillinga om at lyrikk er ein vanskeleg sjangar vil eg på grunn av dette seie at han kan vera ein vanskeleg forfattar. Men det er eit men! Språket hans tilgjengeleggjer kjenslene, på trass av referansar som nokon gonger går inn i det ukjende. Han vert skulda for å vera pompøs og utilgjengeleg, men det kan vel sjåast på som ein yrkesrisiko. For min del går fint, for eg meistrar den tvilsame evna å glatte lett over det eg ikkje kan. Dei mest spanande stadane for meg er eigentleg dei gongene allusjonane gir gjengklang til noko eg veit at eg har visst, men gløymt. Og det oppsummerar vel eigentleg kjenslene mine når det gjeld lyrikklesing.

Eliot var svært kunnskapsrik, og dikta i samlinga er full av referansar til historiske, filosofiske og mytologiske storleikar. Dette sett krav til lesaren; krav eg sjølv ikkje alltid klarar å følgje opp. Eg trur og voner at manglande inngåande kjennskap i alt dette ikkje er eit teikn på skortande allmenndanning, men som lesestoff utgjer dette ei (god!) utfordring. Forma er lett å kjenne att. Som tidleg modernist meistrar TS Eliot ei kjend lyrisk form, som han bryt opp når temaa går over i det mest hektiske og feberaktige. Bileta er både vakre og groteske. Ei spanande oppleving!

Samlinga består av The Love Song of J. Alfred Prufrock, Preludes, Gerontion, Sweeney Among the Nightingales, The Waste Land, Ash-Wednesday, Journey of the Magi, Marina, Landscapes, og Two Chrosues from «The Rock». Dikta varierar i lengd og kompleksitet.

Who is the third who walks always beside you?
When I count, there are only you and I together
But when I look ahead up the white road
There is always another one walking beside you
Gliding wrapt in a brown mantle, hooded
I do not know whether a man or a woman
—But who is that on the other side of you?

What the Thunder Said

Og her kan du høyre forfattaren sjølv lesa fyrste dikt i samlinga – The Love Song of J. Alfred Prufrock:

Denne samlinga er ein del av bokhyllelesingsutfordringa. Denne vert administrert av Hedda på Boktanker. Kikk innom bloggen hennar for å ta ein titt på kva dei andre les!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s