Bok 40: Vintage: A Novel

51wM0DgHHdL._SX333_BO1,204,203,200_

Brukte klede kjem med sine eigne historier. Ein vintagebutikk i Wisconsin vert eit lite bibliotek over ulike liv, og romanen fokuserer på livet til tre kvinner som på kvart sitt vis freistar å realisera seg sjølv:

 
A Yellow Samsonite suitcase with ivory, quilted lining, 1950.
Violet Turner eig den vesle butikken, Hourglass Vintage. Huseigaren skal selja, og ho er ikkje sikker på om ho kan få behalde butikken. Butikken er likevel berre halve draumen.

A Taffeta tea length wedding gown with scopped neckline and cap sleeves, 1952. 
April Morgan kjem for å returnera ein brudekjole. Ho er berre 18 år, og kulen på magen har vorte synleg. April kjem attende fleire gonger, og etterkvart finn Violet ut historia om kjolen April aldri fekk brukt.

An orange sari made from silk dupioni with gold paisley design, 1968. 
Amithi Singh brukar berre sariar ved veldig spesielle høve. Når ho kjem inn i butikken, er det definitivt særskilt. Ho finn ut at mannen ikkje har vore trufast, og skal kvitte seg med minnene. Ho skal sy saman både det øydelagde ekteskapet, forholdet til dotter si, og den indisk-amerikanske identiteten ho aldri utvikla sjølv.

Dette er chick lit heilt på det jamne, og akkurat det eg var ute etter då eg måtte bruke meir tid på sofaen enn planlagt. Boka har ikkje eigentleg nokre høgdepunkt eller vendepunkt, men er jamt underhaldande og heilt passe interessant. Hjernen får lov til å ta ferie.

Historia til dei ulike klesplagga skaper ei fin ramme kring dei ulike kvinneliva, men det er nokon karakterar eg gjerne skulle ha sett meir av. Den tøffe åttiåringen som flyt inn og ut av historia som ein god fe, og skodespelaren-som-vart-heimeverande-husmor som plutseleg dukkar opp med uendeleg lojalitet, tek seg av den gravide og einsame April, for så å berre trø attende i kulissene? Dei speler store roller i små punkt, men får lite merksemd på trass av dette. Me får vite nok om karakterane til at det kjennest som om dei skulle hatt meir plass. Handlingane er viktige nok til at dei ikkje heilt fortener birollestatus.

Dette er på ingen måte eit litterært meisterstykke, men forteljinga er koseleg og fin, og passar godt til sitt føremål – lett underhaldning på sofaen. Eg hadde heller ikkje venta meir. Ei klassisk feriebok. Eg tek gjerne mot forslag til fleire!

Susan Gloss (2014). Vintage: A Novel. 325 s.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s