Fred

Utanfor, i vest, bryt havet på mot ei sju milir lang låg sandstrand. Det er sjølve havet, Nordhavet, breidt og fritt, ukløyvt og utøymt, endelaust. Svartgrønt og salt kjem det i veldig rulling veltande inn or dei vestlege himlar, drìvi av storstormane frå Nordisen og Kanalen, køyrande sine fakskvite brimhestar fram or havskodda, so skumskavlen stend, durande sin djupe æveheims orgetone frå dei ytste avgrunnar. So støyper det seg mot strandi og krasar seg sund i kvit foss, med dunk og dyn og lange brak, døyande burt i døyvt dunder.

Upp frå den låge sandstrandi tøygjer seg eit armt, grått land med lyngbrune bakkar og bleike myrar, yvi-sått med kampestein, trelaust og berrt; avstengt mot aust med en lang, låg fjellgard. Endelaust synest den nakne hei. Men her og der blånar ei einsleg tjønn, som ligg og gror att, eller eit stort, stilt vatn. Her susar vinden dag og natt. Og grå-vêret ligg lågt yvi viddi, der haren rømer frå stein til stein og allslags brun og spettut og vill fugl ligg i løynde reir og blinkar og blundar.

Yvi det heile spanar himilen seg vid og grå, frå fjellgarden til havs og so vidt ein ser,  – det einaste ljose yvi tilværet. Den hev ein for augo kvar ein gjeng. Full av skyir og storm heng han mest alltid. Stundom sig han åt jordi og sveiper landet i regn og skodd som i ein duk. Og det regner og regner til landet fløymer.

Her og der uppetter bakkar og rés kryp låge hus ihop i småkrullar som søkjande livd. I den tette lufti hildrar dei seg halvt burt, sveiper seg i torvrøyk og havdis som i ein draum; stengde og stille ligg dei brutetter viddine som tusseheimar. Rundt husi skimtar det fram bleike grøne flekkir av åker og eng som øyar i lyngviddi; kvar bìte og kvar lepp er avstengd og innkødd med steingjerde som lange røysir.

I desse heimane bur folket.

Det er eit sterkt, tungt folk, som grev seg gjenom livet med gruvling og slit, putlar med jordi og granskar skrifti, piner korn av aur’en og von av sine draumar, trur på skillingen og trøyster seg til Gud.

– Fred, Arne Garborg.

Skjermbilde 2015-12-25 kl. 16.24.23

Heime no!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s