Bok 42: Don’t You Wish

12924188Omslaget seier sitt. Det flotte med e-lesar er at ein kan skjule guilty pleasures frå omverda… Med mindre ein har ein bokblogg med sjølvpålagt tvang til å syne fram bokomslaga. Eg visste eigentleg kva eg gjekk til. Resonnementet bak bokvalet er nøyaktig det same som ved det førre: eg trong nokre tomme kaloriar. Og det fekk eg.

Annie Nutter er totalt ordinær. Ho er ikkje pen, ho er i alle fall ikkje rik, og ho har verdas verste lillebror. Faren er oppfinnar, men vilja er høgare enn gjennomføringsevna. Som eit resultat er huset fullt av «Nutter Clutter» (eufemisme for ekstrem samling), kronene for få, og frustrasjonen høg. Ein dag byrjer mora å grine av eit interiørmagasin. Ho ser huset til Jim Morrisson, ein mann ho kunne ha gifta seg med. Det er fantastisk. Han ser fantastisk ut. Han er framleis singel. Og Annie klarar ikkje å dy seg for å tenke litt på korleis livet hennar hadde sett ut om ting hadde vore litt annleis.

Ho vert flytta til eit parallellt univers, eit univers der mora ikkje hadde gifta seg med den litt tafatte oppfinnaren, men ein rik plastisk kirurg. Ayla, som ho heiter her, ser fantastisk ut. Ho har alt. Ho er dronninga. Livet er fabelaktig. Som i at det er for godt til å vera sant. Ho nyttar seg fullt av moglegheitane den nyvunne populariteten gir henne, for draumen er sikkert snart over uansett. Men som mora seier, om Annie ikkje hadde vore Mel Nutter si dotter, hadde ho ikkje vore seg sjølv.

“I want to go home.”
“You sound like Dorothy in Oz.”
I manage a smile, and unfamiliar weight settling on my chest.  “Yeah, sometimes I know precisely how she felt.”

Dette er ei av dei minst interessante bøkene eg las i 2015 (og den lista kjem nok ikkje til å slå nokon i bakken). Eg er glad i heile kva-om-tropen, men med unntak av det romantiske innslaget sleit eg med å få nokon medkjensle med hovudkarakteren før heilt på slutten. Eg har lese ei bok av Roxanne St. Claire tidlegare, og den likte eg kjempegodt (så godt at eg las ho fleire gonger!). Det kjem eg ikkje til å gjera igjen med denne. Ikkje fordi den var så frykteleg dårleg, men boka mangla intelligensen og finessane som gjorde They All Fall Down verdt det. Men morosam, det var ho.

Roxanne St. Claire (2013). The All Fall Down. 368 s.

Dette var den siste boka eg las i 2015, så no skal eg nullstille teljaren og fundere litt meir over (eventuelle) lesemål i 2016.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s