Bokhyllelesing 2015

bokhylle

Eg har eit hoardergen som eg ikkje vert heilt komfortabel med, og kombinert med kjøpetrong og leselyst kunne det heile ha vorte fatalt. Bokhyllelesinga er ei utfodring der ein gjennom eit år skal lesa ni bøker frå eiga bokhylle, ut frå gitte tema. Det er Hedda og Bjørg som organiserer utfordringa. «Biblioteket» (vindaugskarmen) er av audmjuk storleik , men det er framleis lett å gå seg både vill og blind. Utfordringa er ein fin motivasjon til å gå ut av gamle spor, og kvitte seg med litt dårleg samvit. Eg fann ut av dette heilt tilfeldig, og akkurat i tide til fyrste runde:

Uke 2: Les ei bok med grønt omslag
Eg hadde eit blidt gjensyn med ei bok som gjorde inntrykk på meg som barn. God natt, Mister Tom var like sterk no. Eg veit at ikkje alle er like forelska i forteljinga om vesle Will, men det er ei vakker og mørk forteljing om ein tapt barndom.

Uke 8: Les et skuespill fra antikken
Eg las Medea. Ein bikarakter i den eine boka eg skreiv om i masteroppgåva er basert på Medea, og eg hadde vage planar om å imponera rettleiaren med å lese verket heilt på eige initiativ. Heilt slik vart det ikkje, så utfordringa kom til rett tid. Veldig kjekt å kunne slenge ut litt sånn tilfeldig i ein bisetning. Det er alltid utfordrande å lesa utanfor kjende sjangrar, men skodespel er spanande og tilfredsstillande å lesa. Denne klassikaren er i eit kryssfelt av referfansar som eg hadde frå før av, forteljinga er (sjølvsagt) dramatisk, og eg koste meg veldig.

Uke 14: Les ei europeisk novelle eller diktsamling fra 1900-tallet
Denne boka har stått hjå meg lenge, blitt tatt fram, opna, satt tilbake. Tor Obrestad er ein jærsk forfattar, og har difor «alltid» vore eit kjent namn for meg. Det er vanskeleg å koma frå Jæren og ikkje snuble over Obrestad (dikta, ikkje mannen). Men eg hadde ikkje lese ei samling i sin heilskap før no i runde 3. Eg kjøpte  Vårt daglige brød på eit antikvariat her i Trondheim, og samlinga fekk vera med på heile 5 flyttelass før ho vart lesen frå perm til perm. Lesaropplevinga var god, utanom litt akutt heimlengt.

Så langt, så bra. Men så vart det travelt. Uke 20 (les ei bok som opprinnelig er skrevet på russisk) hadde kick off akkurat då eg fullførte masteren, fulgt av litt soving, litt feiring, og vidare studiearbeid, og eg gløymte difor heile stasen. Eg trur uansett ikkje at eg hadde orka noko tungt på det tidspunktet.

Uke 26: Les en bok om barndom
Her gjekk eg og for ei gjenlesing. Eg har lese Drep ikke en sangfugl tidlegare, men då var eg ganske lita (ca. ungdomsskule og glitteraugenskugge). Det var ei bok eg eigentleg aldri gløymde, men attsynet slo meg rett i bakken. Eg vart i tillegg veldig gira på den store bokutgivinga den seinsommaren: Go Set a Watchman. Ei runde med ringverknadar der, altså.

Uke 32: Les ei bok fra 1990-tallet
Her vart eg overraska. Eg hadde endeleg fått flytta (fyrste gong), og gjekk gjennom bokhyller og esker fleire gonger for å få stadfesta at eg faktisk ikkje hadde bøker frå 1990-talet (sett vekk frå ei Jo Nesbø-bok som eg rett og slett ikkje gadd å lesa – eg les gjerne krim fleire gonger, men då bør det ha gått litt tid sidan førre lesing). Kor var eg på 90-talet, eigentleg? Eg las mykje, men ikkje så mykje som fekk vera med vidare. Med eit (eller sju)stort unntak: Eg les framleis Harry Potter fleire gonger i året (også dette!), men gjekk for eit litt annleis oppsummeringsinnlegg om Harry Potter-serien.

Veke 38 og 44 var prega av ny jobb (hurra!) og ei ny flytting (hurra!), så eg rakk korkje å lesa ei bok av ein forfattar som skriv på fransk eller ei bok frå 1800-talet. 

Uke 50: les ei bok av en forfatter som har mottatt Nobelprisen i litteratur
Eg les sjeldan lyrikk, og kvar gong eg slumpar til å gjera det vert eg irritert på meg sjølv. The Waste Land and Other Poems er ei kompleks samtidsskildring, krydra med referansar som utfordrar lesaren. Ofte var det spanande, men eg måtte revurdere allmenndanninga mi fleire gonger. Det var likevel ei spanande oppleving.  Eg har lese enkeltdikt av Eliot tidlegare, men nett som med Vårt daglige brød var det fyrste gong eg las ei heil samling.

Evaluering
Eg er ikkje heilt nøgd med 6/9. Det er ikkje utfordringa si skuld, men eit resultat av eit år med store (artige) endringar. Så det vart ikkje full pott. Med ein gong eg meldar meg på noko får eg frykteleg dårleg samvit om eg ikkje går all in, og eg tykkjer ikkje at deltakinga mi var heilt tilfredsstillande. Uansett var deltakinga kun ein fordel. Eg fekk eit ekstra spark til å lesa alle dei bøkene som eg har som eg veit er gode, men som har krevd eit ekstra spark. Spesielt godt likte eg utfordringane som var veldig opne, men med veldig konkrete krav (til dømes grønt omslag). Ekstra kjekt har det vore dei gongene me har slumpa til å lesa dei same bøkene. Eg skal difor prøve meg på same utfordring i 2016. Skal du?

8 thoughts on “Bokhyllelesing 2015

  1. Bra oppsummering! Jeg fikk lyst til å lese Medea, så får se om jeg klarer å presse den inn. Ellers synes jeg 6 av 9 er godkjent :-D. Jeg klarte alle bortsett fra russerne, tror jeg leste mest fantasy akkurat da.
    Gleder meg til årets runde!
    Og godt nyttår til deg, Signe, ser frem til å følge deg videre!

    Likar

    • Ein fordel med dramatikk som eigentleg ikkje bør seiast høgt: det går frykteleg fort å lesa 😉 Men ein må vera i det rette hjørnet. Det var ei veldig god oppleving.

      Eg gler meg, eg og. Det er så stas når folk gidd å organisere på den måten. Tykte det var sosialt og fint og!

      Og hjarteleg godt nyttår tilbake, det har vore ein fryd å følgje bloggen din 🙂

      Likar

      • Ja, det er sant :-). Det er lenge siden jeg leste drama, men jeg liker det godt. Prøvde meg forresten på The Tempest som hørespill, og da skjønte jeg ingenting fordi alt det visuelle fra forestillingen er borte, i tillegg til at scenebeskrivelsene ikke er inkludert. Men, men.
        Takk for koselige ord 🙂

        Likar

  2. Bare innom for å ønske deg et riktig godt nytt år. Og så må jeg si at jeg fortsatt har Drep aldri en sangfugl liggende.. Men nå skal det leses mye fra hylla i 2016, så da regner jeg med å lese den også.:)

    Likar

  3. 6 av 9 er det hederlig innsats, sier hun som skulle bli med og fikk til ingenting. Iår derimot…. – har jeg ikke engang turt å se etter om jeg har røde bøker. Et av hovedmålene mine i år er å lese oldisbøker (før 2000). og da trenger jeg heftig hjelp både av sosialt bloggsamvær, bokhyller og lesesirkler.
    Soo,, godt nyttår – og ser deg senere – i et eller annet kommentarfelt -))
    (Skuespill får jeg ikke til, enda vanskeligere enn dikt.)

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s