Bok 2: Get Dirty (Don’t Get Mad)

16005224

Eg kunne ha skrive at dette er oppfølgjaren til Get Even, men i og med at mine styrste problem med akkurat den boka var a) ei enorm forhistorie som er heilt ukjend for lesaren, og b) DET VAR INGEN GRUNN TIL AT BOKA SKULLE SLUTTE DER DEN GJORDE (korkje ei naturleg avrunding eller ein skikkeleg cliff hanger. Eg er i rettemodus, og ei slik avslutting hadde ført til nedsatt karakter, og eg har vanskeleg for å tilgi dette.), så vel eg å ikkje gjera det. Eller, eg må gjera det, for dette er nummer to… Men eg vil ikkje. Så er det sagt. 

Eg har dei same problema med bok 2 som bok 1, for det kjennest for lettvint at neste steg ligg i hendingar frå før av. Dei vert presentert som at lesaren sjølvsagt burde vite at NN var eit tidlegare offer (NB! Ikkje spoiler – dette skjer støtt og stadig). Irriterande. Men som thriller er boka vellukka, om ikkje velforma. Eg har ikkje funne sitatverdige formuleringar, og litt googling seier at det er heller ingen andre som har. Men  denne boka har høgare score enn den fyrste. Sannsynlegvis heng dette saman med at kun dei som likte den fyrste boka gadd å kjøpe oppfølgjaren, men denne boka har mykje meir driv enn den første. Her skjer det ting!

Heksejakta på den hemmelege foreininga spissar seg. Stadig fleire ungdommar døyr, og politibetjenten – ja, eintal, her set ein ikkje av store styrkar til ei serie med brutale tenåringsdrap – tykkjer i likskap med skulen sin administrasjon at DGM er lett å skulde på. Det er strengt tatt ikkje så rart. Alle drap vert akkompagnert av eit visittkort med organisasjonen sitt namn, og DGM er ein ukjend storleik for samtlege lærarar og elevar. Eller kanskje ikkje. Bree, Kitty, Margot og Olivia får anonyme brev i skuleskapet, i sekken, i bilen, i senga… Med bilete av spøkelse frå fortida. Dei har brukt mykje tid på å grave fram dei inste løyndommane til medelevar, og no har turen kome til dei. Gruppa vert splitta av frykt og fjortisdrama, og situasjonen vert meir og meir vonlaus. Meir trur eg ikkje at eg vil seie, for alt som skjer i denne boka er avgjerande for neste handling. Her ligg hinta som perler på ei snor, men eg klarte i alle fall ikkje å sjå moglegheitane før slutten kom. Slik sett ein vellukka thriller. Dette vert skrive på kraftig underskot av svevn, då underteikna berre skulle lese litt til – og så var boka ferdig, og klokka tre på natta.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s