Lesekrok

Eg har vore utan internett i eit tidsrom som no kjennast så vidt at det strakk seg over både konseptet «rom» og konspetet «tid». Ufrivillig rehabilitering. Resultatet har vorte nokre uvanleg produktive veker. Eg har lese ting, eg har fiksa ting, eg har gjort ting. Eg har til og med baka mitt eige brød. Eg har funne fram til ein innsatsvilje eg ikkje trudde eg hadde i meg. Tidlegare denne veka hadde eg ei ut-av-meg-sjølv-oppleving, der eg såg meg sjølv frå utsida. Eg har leve eit ungkarsliv, og vorte skremmande fortruleg med det.

Eg har levd utan TV-benk og bokhylle sidan eg flytta, og må difor ta vekk salongbordet for å sjå på TV (noko eg gjer pinleg ofte). Leilegheita har vore sparsomt opplyst, for vindaugskarmane har gjort nytta som bokhylle. For ei vekes tid sidan såg eg meg sjølv utanfrå, der eg sat og åt pytt-i-panne (sal på Findus-produkt på Bunnpris!). Med ketchup. Og boks-cola. På ein taburett (bordet måtte som sagt flyttast viss eg ville sjå på TV, og det vil eg stort sett alltid). I halvmørkret. Alvorskjensla kom ikkje så mykje av manglande møblement (det døyr ein ikkje av), men det totale fråveret av lyst og vilje til å gjera noko med det. Eg hadde slått meg til ro med det nye livet. Men det må jo vera mogleg å i det minste oppgradera frå ungkar til ungkarskvinne?

I går vart det som eigentleg berre skulle vera ein kjapp tur på kafè plutseleg til ein IKEA-tur, og no har eg plutseleg fått TV-en opp frå golvet og dagslyset tilbake (trur eg, når kjem sola til Trondheim?). Internettet kom forresten tilbake tidlegare i dag, så eg trur ytre maktar må ha skrudd det av slik at eg endeleg skulle få tilbake sjølvrespekta. Resultatet vart i alle fall ganske koseleg, tykkjer eg sjølv. Den kassa med bøker i kjellaren får stå litt til – til neste gong nettet forsvinn over lenger tid, slik at eg får tiltakslyst og -vilje til å kjøpe bokhylle nr. 2.


Eg har lese litt og, forresten. Sjonglerer Freakonomics og Kjønn og ukjønn, men har gått tom for ei litt dum damebok som kan vera med på runddansen. Forslag?

7 thoughts on “Lesekrok

  1. Åh, så søt lesekrok!

    Fikk nettopp kroken opp selv, etter at bokassene (14 stk) + bokstablene (5) hadde stått spredd utover gulvet på et ene soverommet i drøye to måneder, all ferdsel umulig etc.

    Likar

      • Grøsser med tanke på hva anti-samlerene ville gjort med bøkene mine («trenger du virkelig fire versjoner av Ringenes Herre?»). Skal få knipset et bilde nesten gang jeg og dagslyset befinner oss i kroken samtidig, men det kan jo fort ta litt tid (Trondheim og sola etc) 🙂

        Likt av 1 person

  2. Kommer ikke på ei eneste damebok å anbefale, men du og du for en koselig lesekrok.
    Tror også jeg må skaffe meg en stol, begynner å bli litt dyrt å til stadighet måtte gå på kafe når jeg vil lese sittende.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s