Et dukkehjem

Viss du ikkje har fått med deg slutten på Et dukkehjem kan du slutta å lesa allereie no.

9788205336483_product_line_medium«Jeg må se å komme efter hvem der har rett, samfunnet eller jeg.»

Den vesle lerkefuglen, spillefuglen, ekornet, den skjønne tingesten – Nora spelar mange roller, og alle har ho fått frå andre: Først av far sin, så av Thorvald Helmer. I byrjinga er Nora, òg for lesaren, fjollete og hysterisk, ei overflatisk dame som berre gøymer éin ting for mannen sin: Makronspising. Det er ikkje så vanskeleg å ha løyndomar i eit ekteskap utan samliv. Nora elskar Helmer, og han forgudar henne, men dei kjenner ikkje kvarandre. Nora vil vera den yndige, muntre kona. Likevel strever ho med å fylle primæroppgåva si (å vera «smukk»):

NORA. Ja nu er jeg riktignok umåtelig lykkelig. Nu er det bare en eneste ting i verden som jeg skulle ha en sånn umåtelig lyst til.
RANK. Nå? Og hva er det?
NORA. Der er noe som jeg hadde en så umåtelig lyst til å si så Torvald hørte på det.
RANK. Og hvorfor kan De så ikke si det?
NORA. Nei, det tør jeg ikke, for det er så stygt.
FRU LINDE. Stygt?
RANK. Ja, da er det ikke rådelig. Men til oss kan De jo nok -. Hva er det De har sånn lyst til å si så Helmer hører på det?
NORA. Jeg har en sånn umåtelig lyst til å si: Død og pine.

Fjollete, javisst, men allereie her ser me kor avgjerande det er å skåna mannen frå alt det stygge. Ikkje fordi det er stygt i seg sjølv, men fordi det kjem frå ei kvinne. Det kjem og fram at ho har gjort verre ting enn som så. Ho har teke opp eit lån for å redda livet til Thorvald. Medan Thorvald akkar seg fordi den skjønne lerkefuglen sit og lagar julepynt i staden for å lysa opp kvardagen hans, veit han ikkje at Nora eigentleg arbeider på spreng for å få betalt ned på lånet sitt. Ho har snart betalt ned det siste, men nettet snørar seg for henne når lånaren kjem nærare og nærare. Thorvald har lite til overs for sakføraren, og seier heilt enkelt:

HELMER. Tenk deg blott hvorledes et sånt skyldbevisst menneske må lyve og hykle og forestille seg til alle sider, å gå med maske på like overfor sine aller nærmeste, ja like overfor sin egen hustru og sine egne børn. Og dette med børnene, det er just det forferdeligste, Nora.
NORA. Hvorfor?
HELMER. Fordi en sånn dunstkrets av løgn bringer smitte og sykdomsstoff inn i et helt hjems liv. Hvert åndedrag som børnene tar i et sånt hus, er fylt med spirer til noe stygt.
NORA (nærmere bak han). Er du viss på det?
HELMER. Å kjære, det har jeg titt nok erfart som advokat. Nesten alle tidlig forvorpne mennesker har hatt løgnaktige mødre.

Det helmerske hus har sansen for determinisme, og det meste av menneskelege veikskapar (fysisk eller karaktermessig) vert forklara med fedrene sine syndar. Dr. Rank sin sjukdom er til dømes eit direkte resultat av at far hans haldt seg med elskerinner. Nora vert brått medviten om korleis foreldra sine løgner skadar borna. Ho vert livredd for å korrumpera borna sine, og distanserer seg frå dei. Ho seier frå seg rolla som nærverande mor for å finne ut korleis ho kan få betalt ned skulda si utan at Thorvald finn ut av det heile. Nora sitt liv fell i grus, medan Thorvald berre unntaksvis går ut av kontoret for å la seg underhalde av den vakre kona si:

NORA. Fem. Syv timer til midnatt. Så fireogtyve timer til neste midnatt. Da er tarantellaen ute. Fireogtyve og syv? Enogtredve timer å leve i.
HELMER. (I døren til høyre). Men hvor blir så lille lerkefuglen av?
NORA. (imot ham med åpne arme). Her er lerkefuglen!

Fru Linde seier at «To på ett vrak står dog bedre enn én på hver sitt», og dette vesle skodespelet er fullt av slike vrakrester og einsame menneske som vil finne fram eller vekk frå kvarandre. Thorvald Helmer vil ha ein hjelpelaus «liten tingest», og Nora vil så gjerne fylle denne rolla. Dr. Rank elskar Nora, djupt ulukkeleg. Sakførar Krogstad og fru Linde spelar sitt eige spel. Eg las Et dukkehjem på vidaregåande, og la då lite merke til bikarakterane. I denne runden var desse dei mest spanande. Det er ikkje uproblematisk å heia på Nora, heller ikkje å hata Thorvald… Men det er veldig lett å stilla seg bak «Team Rank».

Slutten på skodespelet (spoiler-advarsel burde ikkje vera naudsynt) er berre byrjinga for Nora. Den verda ho skulle ut i var truleg ikkje venleg, men Nora vaknar og ser at ho har mista seg sjølv. Det vil sei, ho har aldri visst kven ho er, og no skal ho ut og finna ut kven som skal bestemme over henne: samfunnet eller ho sjølv. Sjølv i dag må leita etter  «det vidunderligste» vera vanskeleg å ta fatt på for både den det gjeld og omgjevnadane, og i 1879 brast nok mange perlehalsband då Nora gjekk av teaterscena for fyrste gong. Viss du, i likskap med meg, tykkjer at det mest spanande er kva som skjer etter at gardinene går ned, då kan du godt lesa stykket (ein gong til).

Ibsen avassosierte seg fort og greit med kvinnerørsla med å sei at oppgåva hans ikkje var å finne svar, men berre å stille spørsmåla. Viss du, i likskap med tyskarane, tykkjer at Nora sin sorti er vanskeleg å svelja, kan du trykka her for ein langt mindre dramatisk og meir lettfatteleg løysing på Nora og Thorvald sitt einaste felles problem.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s