Scarlett Epstein Hates It Here

Melville, New Jersey, is the perfect place to have a pretty mediocre life for, like, seventy years and then die.

Scarlett-Epstein-Hate-It-Here-Final-Cover-678x1024Møt Scarlett. Sosialt utskot med nøyaktig to vener: jamgamle Avery og søtti år gamle Ruth. Det vil seie, to vener i røynda. Internett er ei anna sak.

Saman med eit assortert utval likesinna skriv Scarlett fan fiction. Dei skriv om eit nerdete TV-program om ein skule der halve elevmassen er varulvar. Paralellen til Fangirl stoppar der. Denne boka er skarpare. Scarlett sitt liv bryt midlertidig saman når Lycanthrope brått og uventa tek slutt. Ho byrjar å via livet rundt seg nærmare merksemd, og finn ut at dei karakterane som gjer livet hennar mindre enn tilfredsstillande i grunnen passar vel så godt i ei anna ramme. Her kan ho avsløra folk for den dei verkeleg er. Å vera eit utskot har ein klar fordel: Ho har rikeleg med både materiale og hemnlyst. Når den småtjukke og nerdete eks-vennen Gideon plutseleg tek eit steg frå the dork side til the dark side og blir – gisp – populær – då er det berre å setja seg godt til rette:

xLoupGaroux: Scar, I’m serious. Please brush up on the definition of MARY SUE on the «About Us/Rules» page and do a close read. I don’t want to establish a pattern of lenience with this.
Scarface: dude… Do you really think she’s a Mary Sue?
xLoupGaroux: She’s just too perfect. I want to see her be a real person. Not some idealistic fake paragon of virtue that is cleary a stand-in to make up for your terror of potentially having fun at a party.
Scarface: WTF?
xLoupGaroux: Whole lot easier staying in and writing yourself brave instead of going out and BEING brave, is all I’m saying.

Karakteren vert fort gjennomskoda som ein Mary Sue, men Scarlett har fått blod på tann. Forsøka på å vera kald og kalkulerande går likevel ikkje alltid som ynskja:

This it the part where I am supposed to be a sparkling, vindictive angel of revenge whose cutting remarks make him feel like shit.
«I like your shoes,» I blurt.

Scarlett er intelligent, skarp og vittig. Ho er for det meste usympatisk i måten ho møter verda på, men ho er ein karakter ein får ei umiddelbar medkjensle og forståing med. Ho studerer skarpsynt omverda (I realize there are an equal amount of men and women in this room, but only the men are talking and the women are listening), og har allereie klart å bli skulda for å vera ein feministisk karakter. Eg er ikkje heilt sikker på om eg tykkjer at det stemmer, men ho er uansett ærleg og artig. Alle har (eller burde ha) ein Scarlett i seg. Ho er dessutan barnsleg og usympatisk, og dei fleste av oss har vel litt av det òg.

Det er mykje å seia om boka. Ein ting er at ho er for kort. 288 sider er for lite for alle dei plotta Breslaw har putta inn i romanen, men dei plotta forfattaren vier tid til, dei er gode. Ho har laga mange sterke karakterar, og naboen – hasjrøykande, brutale Ruth – er ein av desse. I eit noko usannsynleg samansurium av forteljingar og komplikasjonar er forteljinga truverdig og lett å kjenna att. Alt i alt er dette svært kjekk lesnad – om en litt for rask.

Trykk her for Scarlett Epstein i smakebit-form. 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s