Vildanden

vildandenEi myte om villanda: ei villand som veit at ho skal døy vil umerkeleg stiga ned i havbotnen, bita seg fast i tangen og venta på det som kjem – stille og ikkje til bry. Det er mykje som gøymer seg på loftet til Hjalmar Ekdal, mellom anna ei and. Dyret vart skadeskoten av grosserer Werle, men hunden hans plukka opp anda. Werle senior lot anda leva vidare hjå Ekdals, der vesle Hedvig kjælar med henne.

Grosserer Werle har hatt stor innverknad på familien, men har latt sin eigen gå for lut og kaldt vatn. Blodsbanda er såre, både hjå familien Ekdal og familien Werle.

 

HJALMAR (ler). Ha-ha, hvis du ikke var Gregers Werle, hva ville du så være for noe?
GREGERS. Kunne jeg velge, så ville jeg aller helst være en flink hund.
GINA. En hund!
HEDVIG (uvilkårlig). Å nei da!
GREGERS. Ja, en riktig urimelig flink hund; en slik en, som går til bunns efter villender når de dukker under og biter seg fast i tang og tare nede i mudderet.
(…)
Gregers og Hjalmar går gjennem gangdøren.)
GINA (ser hen for seg, med sytøyet i fanget). Var det ikke en underlig snakk at han gjerne ville være en hund?
HEDVIG. Jeg skal si deg en ting, mor – jeg tror at han mente noe annet med det.
GINA. Hva skulle det være for noe?
HEDVIG. Nei, jeg vet ikke; men det var liksom han mente noe annet enn det han sa – hele tiden.

I etterordet skriv Helene Uri at å lesa Ibsen er som å leggja ein kabal og sjå at kabalen går opp. Det kan godt henda at Ibsen visste at myta om sjøfuglen var nett dèt, men det viktigaste er at Gregers Werle trudde på denne fuglen som tappert skåner verda for smerta si. Hjå Eklunds bur det ei skadeskoten villand på loftet, men Gregers ser ein liknande skapning i vesle, svaksynte Hedvig. Gregers sitt ynskje om å vera “ein riktig flink hund” går djupare tilbake. Han har sendt seg sjølv i eksil for å syta for faren sitt firma, og gått ned dører for å få fram “den ideale fordringen”. Werle ser ut til å tru at alt kan løysast, og at sanninga er vegen.

RELLING. Mens jeg husker det, herr Werle junior, – bruk ikke det utenlandske ord: idealer. Vi har jo det gode norske ord: løgne.

Det er sjølvsagt den same doktor Relling (sitatmaskinen) som meiner at “Tar De livsløgnen fra et gjennomsnittsmenneske, så tar De lykken fra ham med det samme”. Dette er det mest helsefremjande doktoren gjer: Å la folk halde fast ved dei illusjonane som gjer livet litt lettare. Werle, på si side, gjer så godt han kan for å letta på dette sløret for at Gina og Hjalmar Ekdal kan ha eit “sant ekteskap”.

Og viss du ikkje vil vita korleis dette går bør du slutta å lesa no. 

GINA. Tror du at unge Werle er riktig gal?
RELLING. Nei dessverre; han er ikke galere enn folk pleier være. Men en sykdom har han riktignok i kroppen.
GINA. Hva er det for noe som feiler ham da?
RELLING. Jo, det skal jeg si Dem, fru Ekdal. Han lider av en akutt rettskaffenhetsfeber.
GINA. Rettskaffenhetsfeber?
HEDVIG. Er det en slags sykdom, det?
RELLING. Jaha; det er en nasjonal sykdom; men den opptrer kun sporadisk.

Eg er usikker på om Werle sine handlingar er tufta på naiv godskap, eller om han har ein skjult agenda. Han er openbart svært sjalu på far sin, og ikkje minst på Hjalmar Ekdal. Medan grosserer Werle har forsømd Gregers, har han gitt Hjalmar Ekdal alle moglege sjansar. Ekdal har eit like komplisert forhold til sin eigen far, som trur han går på bjørnejakt i skogen når han eigentleg skyt kaninar på loftet. Hjalmar Ekdal er jålete, einvis og manipulerbar. Dette er en farleg kombinasjon, spesielt i ei lita loftstove der alle trippar forsiktig rundt kvarandre, vingeskotne. Det kan titt vera godt å la ting koma fram i ljoset, men i Vildanden er sanninga slett ikkje det beste. Menneska er ikkje i stand til å tola den, og minst av alt Ekdal. Han klarer ikkje å tilgi Gina, og når Hedvig ikkje er biologisk hans, kan det vera det same med heile jenta. Han vil ikkje sjå henne meir, sjølv om Relling ber ekteparet om å la barnet vera i fred. Gregers rår Hedvig til å ofre kjæledyret sitt for å visa faren kor mykje ho held av han. Hedvig går for langt, ho skal gi det kjæraste ho har – ho ofrar seg sjølv.

Det er frustrerande å lesa bøker der ingen gjer slik ein vil, der alle gjer feil, og der me veit at feila kjem til å koma. Kanskje særskilt i klassikarar, der me både veit at det kjem til å gå gale og korleis det gjer det. Til og med i døden skuffar karakterande, til dømes når mora som nett har mista dotter si ber mannen sin om å ikkje “anmasse” seg så fælt. Gregers sine siste ord mildnar heller ikkje den bitre ettersmaken. Han seier at han er glad for at held fast med “bestemmelsen” sin – å vera den trettande til bords.

Welhaven tok forresten og myta om villanden til sitt bryst (eller kanskje det var han som allmenngjorde ho?). Lars Lillo-Stenberg har ein fin coverversjon av diktet “Sjøfuglen” (“En villand svømmer stille”), og den finn du på Spotify.

Utgåvene mine av “Vildanden” og “Et dukkehjem” er forresten frå ein finfin serie som vart gitt ut i samband med Ibsen-året. Serien heiter “Ibsen for et nytt århundre”. Språket er lett modernisert. Elevane mine stillar seg sterkt tvilande til dette etter å ha lese Peer Gynt i same serie. Språkføringa er ganske lik originalen, men ortografien er modernisert. Bøkene er difor hakket lettare å lesa, og med spreke fargar på omslaga tek bokryggane seg godt ut i hylla.

2 thoughts on “Vildanden

  1. Herlig å lese tankene dine her. Vildanden har alltid vært et av de stykkene jeg har likt best og derfor er det interessant med andres refleksjoner rundt det. 🙂

    Likar

    • Takk for det 🙂 Det hadde vore artig å høyre kva du tenkjer! Dette er fyrste gong eg les Vildanden. Det var like trist som eg tenkte, men langt meir frustrerande å sjå Hjalmar og Gregers dansa litt tafatt kring kvarandre.

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s