Kjønn og ukjønn. Ordhistoriske essay.

9788252188196Når eg skal undervisa i nynorsk grammatikk, gler eg meg alltid (vel…) til å lansera den lettaste regelen: hankjønn får -ar som ending i fleirtal, medan hokjønn får -er og inkjekjønn som regel ikkje har ending i det heile (gutar, jenter, hus). Superenkelt. Heilt til ein skal byrje å filosofera over kva slags kjønn eit ord har. I utgongspunktet har me som morsmålbrukarar ei innebygd kjensle av dette, men denne kjensla er forpurra av uskikkelege dialektar. Eg har ei overvekt av hokjønnsord i dialekta mi, medan bergensk knapt nok har hokjønnsord i det heile. Så medan nokre ord har hankjønn på bokmål, har dei hokjønn på nynorsk (og andre vegen). Så skjer det. Du ser ei hand koma opp, og du veit kva som kjem: «Korleis veit ein om ordet er han- eller hokjønn?», då er det berre å kapitulera og glefse litt sånn avvisande og læraraktig tilbake: «Det berre er sånn. Sjekk ordboka». For kven i all verda veit egentleg kvifor det er slik? Dette er jo bestemt, berre at «me» (som i alle som nokon gong har brukt eit språk) ikkje er samde med kvarandre. Og det er ikkje berre grammatisk kjønn som «berre er sånn». Me godtek i det heile tatt svært mykje. Då er det greitt at nokon røskar litt i rekkene.

Vis meg den personen som ikkje tykkjer at språk på eit eller anna vis er interessant. Ein treng ikkje å ha vore særskilt interessert i norsk for å vera interessert i dialektar og ord. Og då meiner eg ikkje «omfang av dette målmerket i dette området», men i vanleg nysgjerrigheit over kva ord faktisk tyder:

«Fjórðungi bregðr til fóstrs», heiter det i Njålssoga: Med ein fjerdepart likar ein fosterfar sin. Utsegna er noko så sjeldsynt som ein teori om arv og miljø i poetisk form, nedervd kunnskap samla i ei fast og framlydsrimande vending. Vel finst det gamle ordtak som målber det motsette synet, at oppsedinga tel mest (jf. Aasens Norske Ordsprog: «Ætti gjerer myket; Uppeldet gjerer meir»), men den norrøne varianten snik til seg tyngd når han står i ei islendingesoge, ein sjanger som er vida kjend for dei mange slektsutgreiingane sine, og som mellom linene kviskrar lurt: Om du vil vita kven du har med å gjera, kjem du ikkje unna ætta.

Dersom me lèt det same gjelda for orda våre, vert påstanden at du ikkje kjenner ordet før du kjenner etymologien. Det kan synast urimeleg, særleg om me meiner at orda hovudsakleg får tydinga gjennom bruk. Til dømes er det fullt mogleg å bruka det engelske ordet kid (‘barn’) utan å vita at det i eldre tid tydde ‘geitunge’, at ordet kom inn i engelsk frå norrønt, og at det i grunnen er det same ordet som vårt kje. Likevel kjem me ikkje frå at ord er noko me arvar, og at bruken i eldre tid i ein viss mon er styrande for seinare bruk. Og er det ikkje det som gjer at etymologi grip oss så lett, denne påminninga om at orda «våre», som me brukar i dag og synest me kjenner så godt, har vore i verda lenger enn me?

Det er artig å snakka om opphava til ord – dialektord, stadnamn, personnamn. Det å snakka om ord er daglegdags. Etymologi er artig. Personleg har eg likevel ein tendens til å sjå på etymologi som ei slags «fun fact-lære», utan at det eigentleg gjer det mindre interessant. Eg er likevel ikkje heilt der at eg strekk meg etter ordboka for å gå på skattejakt, sjølv om eg rår elevane mine til å gjera det. Heldigvis for meg er det nokon andre som gjer det. Kristin Fridtun har to etymologiske bøker på samvitet, og eg har lese den nyaste.

Kjønn og ukjønn er ei samling av essay om opphav og bruk av ordet «kjønn». Forfattaren har ei mindre beint-fram-tilnærming til temaet enn kva eg har, og ho vaks opp med ei kjensle av å vera «umogleg». I Ivar Aasen si Norsk Ordbog fann ho ein uventa meiningsfelle:

2016-05-08 16.20.22-2

… og vidare seier Fridtun:

«Éi tyding har likevel halde seg sterk og stø gjennom desse skifterike hundreåra: Me bruker kjønn i tydinga ‘genus, grammatisk kjønn’ akkurat slik Olav Tordsson Kviteskald gjorde det på 1200-talet. Ordet kjønn har dessutan det same grammatiske kjønnet i dag som den gongen. Ja, det er nesten for godt til å vera sant: Kjønn er inkjekjønn.»

Forfattaren visar oss at dette kompliserte, ordnande ordet har hatt ei langt rausare tyding: ætt, avkom, slag, art. Det er sjølvsagt ikkje grammatikk som er det overordna temaet i boka, men kjønn som i «kvinne» og «mann», og om korleis me brukar det – og korleis det har vore bruka tidlegare. Mellom linjene kan ein jo tru at det å signalisera at eit ord har utvikla seg frå ei tyding til ei anna òg inneber at det har potensiale til å få ei anna tyding.

Samlinga er ikkje eit debattinnlegg, men ein serie krumspring som set ljos på historiske variasjonar. Me har godteke ein særskilt bruk av eit ord, og trur automatisk at dette har vore den gjeldande bruken. Dei snakka om kjønn i vikingtida og, men då ikkje med vår binære tolking. Medan me i juleevangeliet kan lesa om «Davids hus og ætt» las dei om Kyni Daviðs – Davids kjønn. Forfattaren tek utgongspunkt i seg sjølv, og essaya er personlege i varierande grad. Noko anna hadde kanskje vore unaturleg. I det første og siste essayet skriv ho om sine eigne erfaringar kring temaet, og slik kombinerer ho det personlege med det faglege slik at boka korkje vert over-personleg eller over-akademisk. Fridtun formidlar godt, men essaysamlinga krev eit visst sinnelag. Det har difor teke meg litt for lang tid å lesa ei ganske kort bok (… eit halvt år), og eg trur eg hadde fått meir utbytte av boka viss eg hadde lese ho meir konsentrert. Det er i alle fall interessant at nokon seier at det faktisk ikkje berre er sånn, det er enno meir interessant at eit av prova for dette ligg nett i ordbøkene.

4 thoughts on “Kjønn og ukjønn. Ordhistoriske essay.

  1. No er det ei stund sidan eg las denne (heile fem månadar, heh!), men eg sat att med same tankane som du har (og skulle ønske namnet Kjønnmund fekk ein ny vår). Utruleg interessant tema, og eg er ikkje eingong så veldig språkinteressert. Eg bruker forøvrig også alltid å byrje nynorskundervisninga med hankjønns- og hokjønnsendingane. «Nynorsk for dumskallar», første boka Fridtun har på samvitet kan vere god å ha her.

    Likar

    • Står i hylla, den og 😉 Tydeleg forklart og gode oppgåver! Eg er heller ikkje særskilt interessert i språk, men tykkjer det er interessant å sjå den sosiale og kulturelle samenhengen, og eg tykkjer at Fridtun har gjort eit veldig interessant arbeid i så måte.

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s