The Selection & The Elite

Stormannsgal(en)skap (eller megalomani) er ein tidlegare psykiatrisk diagnose.

I overført tyding er det eit omgrep med nedsetjande bruksvalør som mellom anna blir bruka om prosjekt som er overdimensjonerte i høve til behov og rimeleg ressursbruk. Prosjekt som gjerne blir rekna som døme på stormannsgalskap inkluderer den litt større utgåva av PeterskyrkjaElfenbeinskysten, Kheops pyramidar og byen Brasilia.

Frå Wikipedia.

Eit anna døme på eit slikt prosjekt er soverommet mitt. Ikkje berre ein kvit kjip boks utan oppbevaring, men ein kvit kjip boks utan oppbevaring men med eit utal gipspluggar og hol i veggen. Ein generell tendens i livet mitt er at ambisjonsnivået er høgare enn evnene, og eg tenkte «Pyttsann! Det er jo berre litt måling!». Feil. «Berre litt maling» vart til tre dagar med heilsparkling, komplett kaos heime, og eg har framleis ikkje fått måla. Har vore farleg nær å dra til fleire butikkmedarbeidarar på Jernia (ein av dei ved to ulike høve), og hadde trong i det heile tatt litt zen i livet (i mangel av feng shui). Colaboksar i rikeleg volum og lett lydbok var høgst nødvendig. Eg gjekk for dei to fyrste bøkene i The Selection. Bok 1 (The Selection) varer i 8 timar og 7 minutt, og bok 2 (The Elite) varer i 7 timar og 42 minutt. Viss du lurte – dette er nøyaktig den tida det tek å heilsparkle og pusse ned eit lite soverom to gongar (ikkje inkludert ventetid). Ein skal visst heilsparkle i tre lag, men etter eit siste raserianfall vart det litt flekksparkling, og så sa eg meg nøgd med det. På ein måte. Eg trur ikkje eg vil snakka meir om det.

Krav til lydbok: Må vera lett å høyre på. Må vera lett å følgje med på. Lyttaren må kunne mista fokus/konsentrasjon/sjølvkontroll i eit par minutt. Har høyrt om The Selection-serien, men eigentleg ikkje vore noko særleg interessert i det før no. Eg såg for meg ei slags kryssing av Ungkaren og The Hunger Games – sign me up!

61gtEVRmRkL._SL300_Det er heller ikkje så langt unna sanninga. America veks opp i Illéa, ein ny sameining av statar som vart danna etter den fjerde verdskrigen. Illéa er eit kongerike, og når prinsen vert gifteklar skal han få seg ei kvinne frå folket. Alle kvinner i høveleg alder vert påmelde,  og ei stor gruppe kvinner skal konkurrere for å få prinsen. Nett kva denne konkurransen går ut på er noko uklar, då det heile ser ut til å vera ein slags prinsesseskule. Det er likevel blodig alvor. Illéa er basert på eit kastesystem. Alle moglegheitane dine er tinga av kva kaste du vert fødd inn i, eller vert gift inn i – og kva er vel betre enn å gifta seg med ein prins?

Overraskande nok er ikkje folket særleg nøgd med kastesystemet, og sjølv om kongen vert framstilt som rettsam (alt etter korleis ein ser på det), er tanken på at nokon vert fødde inn i absolutt rikdom, medan andre er kastelause, noko kontroversiell. Opphaldet på slottet er prega av åtak frå rebellane. Det ser ikkje ut til at America er klar over kva rebellane eigentleg sloss for, og det er ikkje eg heller – men det kan godt henda at eg var oppteken med å utvida ordforrådet mitt på akkurat då opplesaren forklarte akkurat det. I tillegg kjem det fram interessant informasjon om danninga av Illéa, og særskilt den fyrste kongen. Denne delen av historien er ganske spanande, og det er fint å følgja med tankane til America.

61tEjX0WktL._SL300_America er akkurat slik kvinnelege karakterar i slike bøker pleier å vera: Ein outsider, ein som plutseleg får til oppgåvene, ein uslipen diamant. Forutsigbar, men likandes. Ho er ikkje særskilt interessert i konkurransen, men ho gjer det som vert venta. Og – kven skulle trudd – America sitt temperement, rettferdssans og humor er jaggu det som skal til! Prins Maxon liker America, men America held tilbake – kva med kjærleiken heime? Eg er ikkje så glad i trekantdrama, men å skriva ein slik serie utan eit trekantdrama ville ha vore eit grovt sjangerovertramp. Dette er altså ikkje ein serie med dei store overraskingane. Eg gler meg likevel til å finna ut meir om desse rebellane, og ikkje minst om kva kongeriket eigentleg er tufta på. Det er altså interessant nok til at bok 3 (The One) får vera med på det store måleeventyret (fulgt av det store IKEA-garderobe-monteringseventyret og ryddeeventyret). Slik får ein altså avspaseringsdagane til å gå.

2 thoughts on “The Selection & The Elite

  1. Kjenner meg godt igjen i det med bare litt maling! Hos meg har ferien tatt den vendingen at hele huset er snudd opp-ned pga bare litt maling på en vegg. Siste strøk maling skal på i dag. Jeg hadde dessverre ingen lydbok med meg, men fikk tid innimellom malingstrøkene til å lese ut bøkene jeg holdt på med 🙂

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s