Uglen

9788241911941Ei jente vert funnen i skogen. Ho ligg utsvolta på ei seng av uglefjører, og alt tyder på ei ofring. Kvifor ligg ho der, naken og åleine? Kvifor har blåmerke på knea og hendene? Kva er det med den blonde parykken? Frode Sander Øien (alias Samuel Bjørk) viser oss korleis åregamal vondskap kan spela seg ut. Holger Munch og Mia Krüger er to forkvakla polititilsette (her er det naturleg å setje kraftige spørsmålsteikn, men meir om det seinare) som på kvart sitt vis freistar å nærma seg kvarandre og løysninga på eit nytt, makabert funn. Dette er bok nummer to i serien om Munch og Krüger, men bøkene kan lesast uavhengig av kvarandre.

Uglen er grotesk. Der ligg styrken. Forfattaren har skrive fram eit sjukt univers som òg er truverdig, og det gjer det heile meir ubehageleg – noko som igjen gjer det til god krim. Det er ei av dei bøkene der ein sit med ei kjensle av av at det er for sjukt til at det er mogleg å lesa, men så kan ein berre ikkje la vera. Munch og Krüger er interessante, men eindimensjonale. Dei er feilbarlege, men dei vert kun dette, på ein måte som gjer det naturleg å grunna litt over stillingsvernet til offentleg tilsette (helsing offentleg tilsett). Holger Munch sine private problem førar til ei horribel dømekraft, og Krüger går frå å vera ein slags Lisbeth Salander til å rakna heilt. Dei prøver så godt dei kan å stable kvarandre på beina, og på eit vis går det framover. Tematikken i boka er så sjuk og mørk at det er umogleg å ikkje verta trekt inn i handlinga.

Eg sit igjen med mykje av den same kjensla som eg hadde då eg las Det henger en engel alene i skogen: Boka er grotesk, spanande, og vel verdt tida – men det treng ikkje å seie at boka er så veldig god. Språkleg sett er ho noko gjentakande, og eg trur mykje av dette kunne ha vorte spara viss forlaget hadde lese over manuset ein gong eller to til – å referere til Holger Munch som «den tykkfalne etterforskeren» er effektivt og greitt, men vert litt gørr når det kjem for andre gong på to-tre sider. Ein går òg fort lei av måten personane kvernar over liva sine på, og forsøka på å gje karakterane «særpreg» er og så-som-så: Mia jobbar til dømes best på Lorrys. Der drikk ho øl (men ALDRI utan ein jägermeister) og tenkeskriv seg fram til offeret sine inste tankar. Og dette gjer ho ofte. Veldig ofte. Handlingsrommet hennar er femkanta: Justisen – Lorrys – Leiligheita i Theresesgate – Politihuset – Hurum. Ein treng ikkje eit veldig høgt lesetempo før enkelte ting vert gamle. Det er vanskeleg å føla med Mia Kruger denne gongen, ho virkar «too far gone». Holger Munch er meir menneskeleg, men det er likevel måte på kor mykje privat grums ein kan trekkja inn i etterforskinga. Dette er ikkje karakterar ein eigentleg får så mykje empati med.

I den førre boka var det særskilt ein ting eg irriterte meg over: Øien skriv med eit rikt auge for detaljar. Dette er bra. Problemet er at eg sit igjen med ei kjensle av at forfattaren har lagt ut ein del brødsmular for å sikra lesaren (og seg sjølv) om at det kjem ein oppfølgjar. Slik er det her og. Ein del «spor» vert kasta ut litt i hytt og vêr, og du har ei kjensle av at forfattaren legg ut godbitar til seinare bruk. Når det er sagt: Det vonar eg verkeleg at han gjer, for boka er grusomt spanande!

Anita og Geir har allereie skrive om Uglen.

One thought on “Uglen

  1. Ahh.. der var Uglen fremsnakket igjen. Jeg må se og få med meg den boka! Likte veldig godt Det henger en engel alene i skogen, og denne høres ut som mer av det samme groteske. Jeg ser at Storytel har den som lydbok, men på svensk. Kanskje det betyr at den kommer på norsk om ikke så altfor lenge. Takk for påminnelsen om Bjørk/Øien!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s