Magnus Chase and the Sword of Summer

Myths are simply stories about truths we’ve forgotten.

The_Sword_of_SummerI samband med skulen brukte eg alt for mykje tid på Den forsvunne helten (den første boka i Heros of Olympus-serien), som kort fortalt er eit kulturkræsj mellom romersk og gresk mytologi. Dette var ei av bøkene eg ikkje haldt på å spy av etter eit års tid. Dette er ikkje ei bok for 30 år gamle damer, men han lagar gode univers. Felles for dei bøkene eg har lese av han er at han baserer forteljingane på at gudar har born på jorda. Born som ikkje veit kven dei er eller kven foreldra er, men som på eit eller anna vis ikkje passar heilt inn. På ulike vis finn dei ut kven dei eigentleg er, og legg ut på episke oppdrag. For Magnus Chase er kvardagen tøff:

 

My day started out normal enough. I was sleeping on the sidewalk under a bridge in the Public Garden when a guy kicked me awake and said, «They’re after you.»
By the way, I’ve been homeless for the past two years.
Some of you may think Aw, how sad. Others may think, Ha, ha, loser! But, if you saw me on the street, ninety-nine percent of you would walk right past like I’m invisible. You’d pray, Don’t let him ask me for money. You’d wonder if I’m older than I look, because surely a teenager wouldn’t be wrapped in a stinky old sleeping bag, stuck outside in the middle of a Boston winter. Somebody should help that poor boy!
      Then you’d keep walking.

Han er heimlaus og foreldrelaus. Dei einaste venene han har er ein tvilsom duo: ein kortvaksen, hissig mann (med fabelaktig klesstil) og den døve kompanjongen. Livet hans tek ein brå tørn når han vert drepen i første kapittel – med den klingande tittelen «Good Mornign! You’re Going to Die». Han vert teken med til Valhall av ein valkyrie, og det visar seg at mistanken hans stemmer: Det heile er ein stor feil. Kravet for å koma til Valhall er at ein må døy på helteaktig vis under strid, og sjølv om han døydde under strid var handlingane ikkje helteaktige. Surt. Han får likevel eit oppdrag, og viss han klarar dette får han kanskje behalde plassen i Valhall – og forhindra Ragnarok.

Forteljinga er tett knytt til norrøn mytologi. Eg var litt spent på korleis dette kom til å gå. Eg er ikkje nokon ekspert på dette, men eg har ei greie for norrøn dikting (det treng du ikkje å fortelja vidare), og eitt og anna har ein jo plukka med seg på vegen. Eg er typen som vert litt furten over faktafeil i Frost. Dette hefta meg ikkje noko særleg med dei bøkene som er tufta på anna mytologi, men eg var litt redd for at dette skulle øydeleggja litt for opplevinga. Det gjorde det ikkje. Riordan flettar inn mytologien på ein saumlaus og underhaldande måte, og levandegjer gudane på levande og humoristisk vis. Dette er ikkje akkurat ei lærebok i norrøn mytologi, og handlinga er amerikansk og vridd som berre det, men resultatet er underhaldande og veldig Riordansk.

Her kjem dei moraliserande avsnitta: Noko eg tykkjer at Riordan er flink på er inkludering. Personane er varierte, og det er ikkje uvanleg at dei er handicappa eller ikkje-kvite. Eg skal ikkje bruka for mykje tid på dette, då det vert både overpedagogisk og litt overberande, men i litteraturen er stort fråvêr av karakterer som ikkje er kvite, kjønnsnormative og frie for ulike funksjonsnedsetjingar. Viss dei finst er det liksom det bøkene handlar om. Normalisering av minoritetar er difor fråverande. Slik er det ikkje hjå Riordan.

Eg har lese den første boka i Percy-Jackson serien, i Heros of Olympus-serien, og no òg i Magnus Chase-serien. Heltane i dei to første har dysleksi. Riordan skreiv inn dette slik at den dyslektiske sonen skulle ha litterære karakterar å kjenna seg att i. Han forklarte dette med at mange halvgudar er dyslektiske då hjernen er stilt inn på greske eller romerske bokstavar, og det engelske alfabetet er difor ikkje like tilgjengeleg for dei. Magnus Chase er foreldrelaus og heimlaus. Han har ein døv bestevenn. Han tematiserer ikkje at Leo i DFH er latino, eller at Piper har amerikansk-indiansk opphav. Han tematiserer heller ikkje i særleg grad at valkyrien Samira i Sword of Summer er muslim, utanom at hijaben har magiske eigenskapar (!). Slik kan det og gå. Når det kjem til kjønnsroller er dette mindre uttrykt i DFH enn i dei andre bøkene, men det kan ha samband med at kjønnsrollene i norrøn tid var noko annleis frå det me ser i gresk og romersk mytologi. I dei polyteistiske religionane er gudane ofte feilbarlege og svært menneskelege. Dei norrøne gudane er svært «typete», og hjå Riordan vert dei fleirfasetterte. Heltefokuset i SoS er interessant då ingen trur eller vil at Magnus Chase skal vera ein helt. I den norrøne verda er lagnaden allereie bestemt, spørsmålet er ikkje viss, men når. Loke seier:

The thing about fate, Magnus: even if we can’t change the big picture, out choices can alter the details, That’s how we rebel against destiny, how we make our mark. what will you choose to do?»

Er det noko von for denne verda? Saman med Samira, dvergen Blitz og alven Hearth tek han lagnaden i eigne hender, så godt han kan. Ingen er spesielt begeistra for dette. Slik ser dødsgudinna Hel på helteskapen:

      She turned towards the monument so only her mortal side was visible. «Sad and meaningless. Another hopeless battle, like the one you’re about to engage in…»
Granted, my American history was a little rusty, but I was pretty sur ethey didn’t build monuments at the site of sad and meaningless events.
«Wasn’t Bunker Hill a victory? Americans holding off the British at the top of the hill? Don’t fire until you see…»
She fixed me with her milky zombie gaze, and I couldn’t make myself say the whites of their eyes.
«For every hero, a thousand cowards,» said Hel. «For every brave death, a thousand senseless ones. For every einherji… a thousand souls who enter my realm.

Magnus Chase and the Sword of Summer er full av humor og lettvint spenning. Til tider vert det litt for action-pakka for ei gamal dame, men boka er ikkje skriven for slike, og godt er det. Me har nok av andre bøker å velja mellom. Ungdomane har ikkje det.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s