Sju bøker på ein gong: Harry Potter and…

Å vera avisbod, tretten år, med hovudet fullt av Weasley-tvillingar og mystiske hendingar. Dette var etter walkmanen, før iPoden, så alle tankane og spekulasjonane var ein velkomen distraksjon etter å ha stått opp når ein eigentleg burde ha lagt seg. Eller å vera 17, sommarvikar som fabrikkmedarbeidar, totalt utilgjengeleg. Å skru av radioen kvar gong eg bytta arbeidsstasjon. Berre ein dag, altså. Normalt sett arbeidsglad og sosial, men risikovurderinga sette i gang drastiske tiltak: No spoilers, thank you. Sommaren etter: Effektiv annullering av vennskap etter MSN-melding (!!!) rett etter publiseringa av Harry Potter and the Half-Blood Prince. Rykta om eit drap hadde gått i fleire månadar, og rett etter midnatt kom meldinga om kven som hadde døydd. Å sykla rett heim frå jobb for å lesa litt til. Netter som gjekk. Harry Potter har vore uløyseleg knytt til tenåringssommaren. Eg vert aldri heilt ferdig med desse bøkene. Eg har allereie skrive eit lite innlegg om dei tre første bøkene, det finn du her. Eg er ein gjenlesar, men nokre bøker skil seg ut meir enn andre.

Dette er bøker som har vore med meg over halve livet, og som eg aldri vert heilt ferdig med. Det vert nokre gjennomlesingar i året, men no stort sett på lydbok, og stort sett i samband med eitt eller anna prosjekt. Eg er jo ein slik som har for mange hobbyar, og alltid eit eller anna prosjekt gåande. Montera genser? Harry Potter. Sy klede? Harry Potter. Det er lenge sidan eg har lese papirutgåvene, dei står utslitne i hylla. Namnet mitt i glitterpenn. Eg les bøkene usystematisk og på impuls.

Eg byrja i mars, og vart ferdig i juli. Rekkefølgja denne gongen: 4, 5, 6, 7, 2, 3, 1. Eg vil ikkje gå i same fella som min eks-MSN-venn, men dette er ikkje eit spoilerfritt innlegg.

IMG_20150813_221720

Harry Potter And the Goblet of Fire

Alle krigar har meiningslause offer. I The Goblet of Fire vert desse introduserte i Harry Potter si verd. Han vert på mystisk vis trekt ut til å representera Hogwarts i eit meisterskap mellom tre skular. Dei skal gjennom tre rundar med vanskelege og farlege oppgåver for å forsvara skulen sin si ære. Harry Potter er for ung, for uerfaren, og alle trur at han har lurt seg inn for å få søkjelyset på seg sjølv – nok ein gong. Det kan kosta han livet, og verre – det kan kosta han vennskapet med Ron Weasley. Dette er boka der ein for alvor får sjå korleis Voldemort fungerer. Det vonde infiltrerer Hogwarts, ikkje som eit minne, men som ein høgst levande fare. Heldigvis får Harry hjelp og omsorg frå uventa hald. Den nye Defense against the dark arts-læraren tek særleg omsyn til vesle Harry Potter.

Harry Potter and the Order of the Phoenix

Etter at ein gut vert drepen for å vera i vegen («Kill the spare!») har Harry tusen tankar. Han har fått erfara kor urettsam krigen er, og verre: Han står aleine. Styresmaktene nektar å ta inn over seg den grusomme sanninga. Voldemort er tilbake, og sterkare enn nokon gong. Ministeren er redd for kva dette vil sei, og i staden for å organisera eit motspel gjer han det han kan for å dyssa dette ned. Til og med Hogwarts, tradisjonelt ein fristad, vert sett under departementet. Professor Dolores Umbridge, som gjerne skulle ha straffa Harry for å ha utøva magi utanom skuleåret, vert sett inn som lærar og etter kvart som rektor. Undervisninga vert teoriprega og fjern, det er slutt på elevforeningar, det er slutt på å læra kva som må til for å nedkjempa dei  mørke maktene. Harry Potter og venene skapar ein motstandsorganisasjon der dei lærar kvarandre dei trolldomskunstane som må til. Harry kjempar ikkje berre mot det vonde ute, men og det vonde inne: Hogwarts er ikkje lenger fritt, og elevane vert nekta fridom og lærdom. Alle teikn på at Voldemort sitt nett stramar seg til vert fornekta. I tillegg får Harry stadig uvelkomne vitjingar i draumane sine. Han kan kjenna Voldemort sine kjensler. Heldigvis står ikkje Harry, Ron og Hermione åleine denne gongen.

Harry Potter and the Half-blood Prince

Harry Potter vert stadig sintare på verda. Til no har han møtt svik på svik, og han er desillusjonert. Det fantastiske Hogwarts, den fyrste heimen han har hatt, er ikkje lenger det same. Voldemort sin plan vert tydeleg, og det er klart at Dumbledore veit noko. Harry kan vera ei viktig brikke i denne planen. Potter er i opposisjon til det aller meste, men som eigar av ei godt brukt lærebok nyt han godt av det overraskande eliksirtalentet sitt. Hermione er skeptisk: Kan det henda at nokon (nok ein gong) prøver å manipulera Potter Dette er ikkje ein favoritt. Harry sitt indre kaos er høgst forståeleg, men frustrerande. Handlinga er kaotisk og uorganisert.

Harry Potter and the Deathly Hallows

Den sjuande og siste boka i serien visar kor god Rowling er til å knyta saman alle spor. Ting som har vorte nemnde i forbifarten vert viktige, mindre karakterar kjem tilbake, og tempoet er høgt. Det sterke vennskapet mellom Harry, Ron og Hermione vert nok ein gong sett på prøve, men denne gongen er det ikkje sikkert at dei får redda forholdet. Saman går dei i dekning og gjer det dei kan for å redda trollmannsverda frå Voldemort sitt regime. Saman må dei semjast om kva dei skal ta først: dødstalismanane eller bitane av Voldemort si sjel? Harry finn ut meir og meir om den eigentlege lagnaden sin, og sjølv om han berre er ein gut må han møta verda som ein mann.

Harry Potter and the Chamber of Secrets

Harry Potter er tolv år. Han lengtar tilbake til trollmannsskulen. Han har funne seg sjølv på Hogwarts, og funne ut at livet er langt meir enn det undertrykkjande regiment han møtar hjå tanta og onkelen sin. Likevel er det nett som om nokon ikkje vil at han skal tilbake. Han høyrer ingenting frå dei såkalla venene sine, og returen til Hogwarts vert sabotert fleire gonger. Når han først kjem dit vert skulen råka av fleire mystiske åtak. Elevar, spøkelse og kattar vert forsteina, og Harry vert fort mistenkt for å stå bak. Ryktene om eit gamalt kammer sviv rundt. Dette kammeret kan berre verta opna av Slytherin sin arving, og kven kan eigentleg sei at den mystiske Harry Potter ikkje har noko med dette å gjera? Potter kjempar mot klokka for å visa uskulda si, og for å overtyda alle om at han ikkje kan vera arvingen – og ikkje minst seg sjølv. Eg var ikkje så glad i denne boka som lita, og dette er mykje på grunn av alle tabbane Harry (og Ron) gjer i starten. Dette er svært unngåelege feil, men dei gjer dei likevel. Dobby visar seg ikkje frå si beste side her, og eg skulle helst ha spola over ein heil del scenar. I dag ser eg nok litt annleis på det. Det er noko fascinerande med korleis Harry prøvar å finna identiteten sin i trollmannsverda. I både første og andre klasse strevjar han med å sameina andre sine forventingar med korleis han ser på seg sjølv, og i år ser det meir umogleg ut enn nokon gong før.

Harry Potter and the Prisoner of Azkaban

Harry Potter har ei ukueleg tru på venskap. I denne boka vert denne sett på prøve. Han får vita meir om korleis foreldra hans døydde, og når det vert klart at dei vert sviken av bestevenen sin får han blod på tann. Samstundes er Hagrid i trøbbel, og han treng hjelp av dei tre elevane sine. Som om ikkje det var nok vert skulen beleira av demontarar. Desse vert satt inn for å beskytta elevane, men sanninga er at dei har ein forferdeleg verknad på Harry. Han må leva gjennom foreldra sin død kvar gong dementorane kjem nær. I Prisoner of Azkaban får Harry knytt fortida si til notida. Skjulte minne kjem tilbake, og trongen til å finna Sirius Black for å hemna foreldra sine er uovervinneleg.

Harry Potter and the Philosopher’s Stone

Vesle Harry Potter vert mishandla av fosterforeldra sine. Tanta og onkelen tok han inn som baby, og prøvar det dei kan for å halde han nede. Han skal ikkje høyrast, og han skal ikkje sjåast. Likevel får han stadig rare ting til å skje. Han får post. Uglepost. Etter kvart røymer heile familien vekk frå desse uglene, for dette er brev Harry verkeleg ikkje skal ha. Etter kvart vert Harry henta personleg av Rubeus Hagrid, ein svær mann med ei underleg melding: Harry Potter er ein trollmann. Foreldra var òg trollmenn, og vart drepne av den ondaste trollmannen verda har sett. Harry er difor meir berømt enn han kunne drøyme om. Harry skal ikkje bu hjå Dursleyane meir, han skal gå i lære på trollannsskulen Hogwarts. Hogwarts er den fyrste eigentlege heimen til Harry Potter, og det er magisk på fleire måtar enn den openberre. Skildringane over korleis Harry møtar magi for fyrste gong er utrulege og smittsame, men det er ikkje berre idyll. Harry Potter har levd i ei tru om at han er særs lite spesiell, og må finna ut korleis han skal vera seg sjølv i ei verd der alle veit kven han er. Samstundes visar det seg at rare ting er på ferde i dette paradiset. Dette er unekteleg den mest «barnslige» boka, og noko av grunnen til at eg ikkje har lese den like ofte som mange av dei andre. Men likevel: Harry er eit barn. Han er uskuldig og godhjarta, men ein av dei framste eigenskapane hans er integriteten. Han veit kva som er rett, og han veit kva som er gale. For fyrste gong i livet har han vener, og saman med desse prøvar han å løysa mysteriet med den forsvunne pakken.


Noko av det mest fascinerande med Potter-universet er korleis han går frå mann til barn, men med integriteten og verdiane i behald. I tillegg har ikkje aldersskilnaden mellom meg og Harry vore så stor, og eg har fått lov til å vakse opp i takt med han og venene sine. Det har vore ei fin ferd, og eg trur ikkje ho er over… Sjølv etter at eg har mista tellinga over kor mange gonger eg har lese serien. Eg trur kanskje ikkje eg har lyst til å ta over meg kor mange timar eg har brukt på dei same orda. Men det er noko unikt med å vitja denne verda gong på gong, forventninga når eg opnar boka – sjølv om eg veit nøyaktig kva som kjem. Møtene er likevel ulike frå gong til gong.

4 thoughts on “Sju bøker på ein gong: Harry Potter and…

  1. Jeg leser Harry Potter-bøkene for første gang nå, og er halvveis i sjette bok. Opplevelsen er nok ganske annerledes for en voksen som ikke har noen minner knyttet til bøkene, for jeg slet med å engasjere meg i de første, relativt sett enklere bøkene. Jeg ble ikke oppslukt før jeg begynte på femteboka, men da ble jeg til gjengjeld veldig begeistret. I starten ble karakterene for entydig onde eller gode, men nå er de akkurat passe komplekse. Jeg er litt delt på om jeg skal lese bøkene ferdig nå, eller om jeg skal spare litt på dem for å få dem til å vare lenger. Rowling har visst den effekten på leserne, virker det som.

    Likar

    • Eg har hatt same tilnærminga til dei første bøkene, og har nok ikkje lese dei like mange gonger som dei seinare. Først no har eg fått augene opp for t.d. Chamber of secrets. Dei første bøkene er litt barnslege (ikkje så rart for ei barnebok, kanskje), og har ein del kleine scenar. Eg har låg terskel for kleinskap. Det at eg har fått sansen for dei igjen har kanskje noko med distansering å gjera.

      Det er alltid vanskeleg og tomt å sjå seg ferdig med ei bok eller ein serie som ein har hatt sansen for. Det er noko med å få oppleva noko for første gong, trur eg.

      Likar

  2. Harry Potter ja! Jeg leste bøkene for min barn da de var yngre, minstemann var vel omtrent seks år da vi startet og eldste ti. Det ble en egen epoke! Vi leste en bok, så filmen og leste neste bok, så filmen osv. Det ble som du sier, at Harry Potter blir vi aldri ferdig med, eller jeg på en måte, men for dem som har hatt denne karakteren med seg så lenge har fantastiske minner knyttet til det 🙂

    Likar

    • Eg trur mange har gode minne knytt til denne serien, og mange av dei som er hakket yngre enn meg har nok eit ekstra sterkt forhold til det fordi mange las bøkene i lag med foreldra sine. Høgtlesing er stor stas, og eg trur dei minna sit godt 🙂

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s